|
"For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde." 1 Pet 5:5 Dette verset skil menneska i to flokkar. Nokon vert Guds motstandarar, medan andre får nåde. Grunnskaden i menneskenaturen kjem fram her, nemleg det stolte sinn. Men det vitnar også om nokon som Gud fekk audmjuka. Overmot, hovmod og eigenrettferd er grunnskaden i menneskehjarto. Djevelen var sjølv ein engel av høg rang, men overmot og hovmod førte til at han vart utestengd frå himmelen. No unner ikkje djevelen ei einaste sjel å nå himmelens herlegdom. Difor brukar han same taktikk på di og mi sjel. Han veit at får berre overmot og hovmod mot Gud rom i hjarta, vert me også utestengde frå Guds himmel. Djevelen svartmalar Kva skjer når djevelen lyg for deg? Jau, i dei aller fleste tilfelle byrjar mennesket sitt stolte sinn å gje han rett. Du byrjar kalkulere og rekne på kostnadene med å bli ein kristen. Kva vert resultatet om du gjev han øyra? Jau, du opplever at prisen, audmjukinga og skamma overfor dei andre vert enorm. Men den forferdelege sanninga er at alle som slik er blitt bedregne av djevelen, no lid i den evige fortaping fordi dei trudde løgna og ikkje sanninga. Overmot og eigenrettferd gjorde dei til Guds fiendar. I møte med Sanninga Du ser at ditt stolte og hovmodige sinn, dine tankar, ord og gjerningar ikkje held mål i møte med Gud. Sjølv dine finaste gjerningar er smitta av synd. Kor god, from og snill du er - om du er betre enn alle du veit om, likevel er du fortapt i møte men den heilage Gud. Du innser at vender du ikkje om, så går du evig fortapt. Kanskje du endåtil byrjar å miste nattesøvnen, det gjorde kong David (Salme 32). Likevel er det som om du ikkje maktar å slite deg laus frå djevelen og deg sjølv. Du klarer ikkje omvende deg! Du får ikkje til å bli ein kristen slik du ville! Du erfarer at det vert verre og verre, ja at du er fortapt, utan håp om redning. Sanninga set fri "Audmjuk dykk difor under Guds veldige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid." (1Pet 5:6) Det menneske som let seg audmjuka av Guds ord, vert frelst og opphøgd for Jesu skuld. Å få møte den levande og oppstandne Jesus til frelse - det er den sanne lukka i livet - og den varer evig! Eig du denne lukka? Den er til deg! Ta imot henne i dag, medan det enno er nådetid! Dag Rune |