Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det 4. bod
Av Tor Øystein Holm, Vikarprest i Kvam,  Bibeltime Steinsdalen bedehus 23.11.05.

Det er med sorg ein ser korleis moralen fell i vårt land. Då er det svært viktig å halda  fram dei 10 bod – Guds gode vilje for det gode liv. I dag vil vi ta føre oss det 4. bod som er Foreldrebodet eller bodet om heimen:

Æra far din og mor di.
Kva tyder det? Spør Luther.

”Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje vanvørder eller sårar foreldra våre og andre som Gud har sett over oss, men tener og lyder dei, elskar og vørder dei.”

Plassering:
Foreldrebodet står midt mellom dei bod som gjeld tilhøvet til Gud og boda som gjeld tilhøvet  til våre medmenneske. Med denne plassen har Gud gjeve bodet ei særstilling. Dei 3 første gjeld hjarteforholdet til vår Himmelske Far. Med desse vil han knyte oss fast til seg og vera vår Far som gjev oss alt vi treng, og vi skal ha tillit og kontakt  med han. Denne velsigninga vil han skal nå ut til kvart menneske på det horisontale plan. Difor gjev han dei etiske bod om korleis vi skal leve med kvarandre.  Dei er køyrereglar for livet vårt.

Mellom alle dei menneske vi får å gjera med, vel Gud ut to.  Dei set han fyrst, framom og over alle andre. Dei er meir enn medmenneske – dei er far og mor.  I dei andre boda på 2. tavle skal vi stille oss ved sida av nesten og elska nesten som oss sjølve. Men i det 4. bod krev Gud at vi skal sjå opp til dei 2 som er foreldre. Dei har ei særstilling:

Dei skal ærast.
Det 4. bod har form av eit positivt påbod. Gud vil at det positive og gode skal skje. Det 3. bod om å halda kviledagen heilag, har si motivering ut frå skapingssoga om Guds vilje til signing og helging. I det 4. bod om mor og far ligg også skapartanken bak: ”Og Gud velsigna dei og sa: De skal veksa og aukast.” Dei skal bli velsigna med born. I sjølve tilhøvet foreldre – born ligg det noko gudgjeve godt: Bodet vil noko meir enn å elska foreldra:    Du skal æra far din og mor di.

Kva tyder det å ære?
Det hebraiske ordet  kabod = ære, tyder tyngde, vekt, ære, herlegdom. Til dømes slik profeten Jesaja  opplevde Herren i templet.  ”All jorda er full av hans herlegdom”.  Det

er Gud som er skapar og livgjevar, alt har vi frå han. Det er han som styrer og rår, krev og gjev, dømer og frelser. Difor er det Gud som skal ha ære.  Formen i bodet er imperativ: Æra far din og mor di!  Den som er underordna vert oppfordra til å ære den som er over ein.  Korleis kan ein bruke ære til Gud på far og mor?  Når Gud seier til barnet: Ær dei! Stiller han det overfor dei han har kledd med ein avglans av sin eigen majestet som skapar, forsyrgjar og herre.  Kvar einaste er sett inn i livet gjennom far og mor. Dei var verktøy for Guds vilje til å gje eksistens til det som ikkje var. Med lekam og sjel er kvar bestemt av Guds skapermakt gjennom far og mor. Med denne skapermakt har han og gjeve foreldra ein tilsvarande mynde når det gjeld utøving av foreldrekallet. Dei er i staden for Gud personleg – med tanke på næring, vern oppdraging og leiing. Gud krona mennesket med ære til å fungere som hans visekonge på jord. Salme 8,6-7: ”Du gjorde han lite ringare enn Gud, med ære og herlegdom krona du han. Du sette han til herre over dine henders verk, alt la du under hans føter.” Då har han òg krona foreldra med eineståande ære: Han har autorisert dei som sine personlege stedfortredarar i høve til borna og det foreldra skal gjera mot dei. Det er denne æra bodet minner om med far din og mor di. Så gjev dei den æra som dei skal ha etter deira gudgjevne rang og verdighet.

Kravet om å vise dei ære tyder:
1) at vi vørder og gjev dei respekt. Det tyder at vi høyrer etter når dei talar.  Ordt.1,8f: ”Høyr etter når far din formanar deg, son, og gløym ikkje det som mor di har lært deg! For det er ein fager krans om ditt hovud, ei kjede som pryder din hals.”

2)  at vi anerkjenner deiara myndighet og gjer det som dei vil i glad teneste = lydnad.

Ordt.4,20f. ”Lyd på det eg seier, son min, vend øyra til og høyr mine ord! Slepp dei aldri ut av syne, gøym dei djupt i hjarta! For dei er liv for dei som finn dei, og helsebot for heile kroppen.”

3)  at vi er takknemlege mot dei og tek i mot det vi får som gode gåver.

Ved å stille det 4. bod framfor dei andre etiske boda har Gud sett respekten for foreldra fram som grunnvoll, urcelle, for det menneskelege fellesliv i samfunnet.

Kor viktig det var med foreldreautoriteten viser seg i reaksjonen mot dei som braut han. 2.Mos.21,15: ”Den som slår eller forbannar far sin eller mor si, skal døy. Det er altså ein fare for heile samfunnet når foreldreautoriteten vert knekt. Difor er heimen så viktig og at det er gode forhold mellom mor og far og foreldre born. I GT vert t.d. mors kjærleik til born teikna svæt så fint i Jes. 49,15: ”Gløymer vel ei kvinne sitt vesle barn, har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?”. Professor Ivar P. Seierstad seier det slik: ”Av de bud Skaperen har skrevet i menneskehjertet er visstnok foreldrebudet det som er blitt minst fordunklet.”


Bodet med lovnad.
Herren har knytt eit løfte til bodet:  Så det går deg godt og du får leva lenge i landet. Ikkje for at du skal leve lenge, men slik at eit godt og langt liv vert resultatet. Jfr. 2 Mos 20:2:

 ”Eg er Herren din Gud som førte deg ut or Egypt .... som er ein streng Gud, som let straffa for synda åt fedrane koma over borna i 3. og 4. ættled, når dei hatar meg, men gjer vel i 1000 ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.”  Men skal det kunne skje må den einskilde ære far og mor. Det er den innerste sirkel i samfunnet som alt anna i samfunnet spring ut av.

Også i dei etiske bod dreier det seg eigentleg om forhodet til Gud, seier Luther. I det horisontale plan vert det konkretisert først og fremst til foreldra. Luther har sett at det er Guds kjærleik som står bak foreldra. Gud verkar gjennom far og mor, gjev oss livet, mat og klede, hus og heim, underviser, straffer og styrer. Dei fungerer i Guds stad. Difor skal vi ottast Gud så vi held dette bod. For Gud meiner alvor.  Vi skal elska Gud så vi held det, for han vil noko useieleg godt med det. Ingen  ting kan erstatte den gode og harmoniske heim. Elias Blix skildrar den uvanleg fint i  songen Å, eg veit meg eit land, v.6:  ”I min heim var eg sæl, avdi Gud var attved, og eg kjende så vel kor det anda Guds fred. Når til kyrkje me for, når me heime heldt kor (andakt) og  med moder eg bad. Å, eg minnest, å, eg minnest å, eg minnest så vel denne stad”

Andakt og bord – og kveldsbøn, song og leik, arbeid og kvile gjer det triveleg i heimen. Å hjelpe foreldra utan at dei bed om det, gleder dei mest. Og det største gode foreldre kan gjere er å gje Guds ord vidare til sine born.  Ein god start i livet  betyr så uendeleg mykje.  Ordt.22,6: Lær den unge den vegen han skal gå, så vik han ikkje av jamvel om han vert gamal.
 

Korleis er dagens situasjon?

I dag står det ein durabeleg  kamp om heimen. Han vert truga frå alle hald: Begge foreldre skal ut  i arbeid.   Dei overlet omsorg og  oppsedinga til andre. Borna må i barnehagen frå dei er ganske små.  Foreldrene kjem     i 2.rekke i fylgje Øystein Djupedal i SV. ”Jeg mener at det rett og slett er et forfeila syn på     barneoppdragelse    å tro at foreldrene er de beste til å oppdra barna alene”. Media og data stel tid og     påverkar veldig.  Reklame og kjøpepresset er stort. Staten og  Norsk Lærarlag vil at barnehage og skule skal være livsynsnøytral og at verdigrunnlaget skal byggje på eit  humanistisk grunnsyn.  Det oser av ideologisk offentleg styring og kontroll som minner om kva Lenin har sagt: "Gje meg barnet frå det er 5 år og eg har det for livet." Men det er ikkje nøytral oppseding, det er ateistisk oppseding. Og kristne foreldre må aldri gje slepp på den gudgjevne foreldrerett dei har.  Men oppseding er ein gudgjeven foreldrerett vi ikkje må  gje slepp på.

Vidare er heimen truga av alle oppløyste heimar. Ingenting er meir øydeleggjande for born og heim enn foreldrebrot. Og det vert ikkje betre når venstesida kjempar for å innføre kjønsnøytralt ekteskap. Dette som eit ledd i likestilling mellom homofilt og heterofilt samliv. Men det vil vera heilt øydeleggjande for   samfunnet.  

Det 4. bod verkar begge vegar. Det er foreldra som har ansvaret. Det er dei som må vera gode førebilete for borna i alle ting. Det er dei som skal lære borna god folkeskikk, kva som er rett og gale, førebyggje mot det aukande rusproblem; og gje dei kristentrua vidare. Når foreldra ikkje tek ansvar for sitt gudgjevne kall og gjev borna  ein god start i livet, er det kanskje ikkje så rart at det vert problem når dei vekst opp, med disiplin, respekt, åtferd osv. i skule og samfunn. Gal.6,7: Som ein sår skal ein og hauste.        

Eg må tenkje på den fortviling og sorg mange unge påfører kristne foreldre / familie med  t.d. abort, utruskap og sambuarskap. Kor djupt det sårar og kor vondt det gjer. Ikkje vert det bryllaup heller der      familiane kan bli   kjende med kvarandre og vera eit vern for dei unge.


Skal vi alltid lyde foreldra?
     
Nei- ikkje når dei vil at vi skal bryte Guds bod. Apg.4,19 – ein skal lyde Gud meir enn menneske. Men vi    skal ære dei og hjelpe dei sjølv om dei ikkje er gode mot oss, ut frå det kall dei har. Mk.7,9-13.             

Er det berre foreldre vi skal lyde?  Også  andre Gud har sett over oss:  Sjefen, politi, myndighet, slik at det   vert ro og orden i samfunnet. Men vi skal ikkje lyde staten når dei vil at vi skal bryte Guds bod.  I dag er dette svært aktuelle spørsmål.  Espen Ottosen  i NLM og andre seier dei er viljuge til å gå i fengsel om dei vert tvinga av staten til å fylgje deira lover t.d. ved tilsetjing av homofile samlevande jamf. Arbeidmiljølova 54D  og Likestillingslova.

Tidsånda malar vidare og noko av det tydelegaste teikn på forfall er at  autoritetane skal bort.  Paulus er inne på dette når han talar om ”ulydige mot foreldre” 2.Tim.3,2.  Og så har vi  fått postmodernismen. Ingenting er sant, vert det sagt. Du kan tru og meine og gjere som du vil i alle sørsmål.  Det fører til lovløyse og kaos som det skal bli i endetida.  Mt.24,12: ”Og av  di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste.”   --- når alt vert tillete vert det utrygt å leve.  Så brot på det 4. bod har store konsekvensar.

Difor oppmodar Paulus oss: ”Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. Og heilt frå barndomen har du kjent dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus.” 2.Tim.3,14-15.

Vi har ei stor oppgåve i forbøn for heimane!

Helsar til slutt med Landstad sitt salmevers: ”La Ordet gå i arv og eie Til våre barn i tusen ledd.

Og vise oss de rette veier Til liv i nåde, trøst og fred. Og lede alle inn til Gud, Så har det ført sin gjerning ut”. NoS. 554,5,  Sb.nr.11.

                                                                                                                                                                                    

 

 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker