Per Kørner

- Me treng vekking!

Av Dag Rune Lid, josafat.no, 18.04.05

- Det me framom alt har bruk for i vårt folk i dag, er ei bibelsk vekking der Guds ord blir teke på alvor. Det er mykje religiøsitet i dag. Mange seier dei trur på Gud, men dei har danna seg eit Gudsbilete som ikkje er bibelsk. Det er Per Kørner som seier dette.

Oppvekst og omvending

Han blei fødd i Oslo på vårparten i 1936, og familien blei buande her til krigen var over. Faren var prest, og det innebar at familien flytta ein del. Etter krigen gjekk turen til Trondheim, deretter til Beitstad og Malm, før dei enda opp i Vik på Helgeland.

I ungdomsåra på Helgelandskysten kom han bort frå det personlege samfunnet med Herren Jesus, og han prøvde å halde Gud på avstand.  – Eg bygde på eit vis ein mur mellom Gud og meg. Men Gud slo stadig ned muren, og den blei aldri solid nok. Lyset frå Ordet avslørte meg som ein syndar. Eg fekk sjå at eg trong å bli omvend, seier han.

Det Ordet som vekte han opp var frå Openberringa 3:3 «Kom difor i hug korleis du har teke imot og høyrt. Hald fast på det og vend om! Dersom du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal slett ikkje vita kva time eg kjem over deg.» Dette vart så alvorleg for han at han måtte overgje seg til Gud.

Misjonskallet

Saman med kallet til frelse, fekk han også misjonærkallet. Etter studiar i inn og utland, reiste han hausten 1966 ut som misjonsprest for NMS til det vesle kongedøme Swaziland mellom Sør-Afrika og Mocambique. Her blei det først kyrkjelydsbyggjande arbeid, og deretter vart han lærar ved den lutherske presteskulen i Umpumulo i Sør-Afrika. Her vart han fram til 1978, berre avbrote av to heimeopphald.

Etter heimkomst frå misjonsmarka, vart det ein del reising i Nord-Norge for NMS der kona Sonja kjem frå. Det blei også nokre vikariat innan kyrkja, før han kom som prest til Strandebarm i Hardanger i 1981. Her blei han fram til 1991, då han blei avsett ved dom. Deretter blei det ein del år som lærar i skulen og nokre år som sekretær for Samemisjonen i Bergen krins, før han avslutta som lærar for innvandrarar. Frå midten av 90-talet har han også vore prost i Strandebarm Prosti, og gjort teneste ymse stader i Den norske kyrkja i eksil.

Kampen for barnet i mors liv

- Mange har sett deg i media i samanheng med kampen mot fosterdrapslova, kva var årsaka til at du gjekk inn i denne kampen?

- Eg blei overbevist om at fosterdrap var ei uhyggeleg krenking av vår Gud og skapar. Eg opplevde at som kristen måtte eg stå hardt imot, ikkje berre i ord, men også i handling. Det var eit tidskille i folket vårt i 1978 då lova om sjølvvald abort kom.

- Den farlegaste staden for barnet vart no i mors liv. Kvart 5. barn blir teke livet av. Det er det forferdelege! Eg vart overbevist om at den kampen som Børre Knudsen hadde starta for fosteret i mors liv var rett. Så mange som mogleg burde støtte han for å gjere det klart overfor folket og politikarane kor gale dette var.

Darwinismen drep

- Abortlova er ein konsekvens av Darwinismen sitt menneskesyn, at menneske berre er eit høgareståande dyr. Såleis kan ein sjølv bestemme kva som er rett og gale, og ein står ikkje ansvarleg for Den Heilage Gud med sine liv. Gud er sett til side, og Guds lov er avskriven og gjort ugyldig av menneske.

- Ei slik lov får alvorlege konsekvensar. Det blir slik som profetane talte om i fordoms tid, at me haustar fruktene av våre vonde gjerningar. Som kristne ser me at det blir øydeleggjande for vårt samfunn. Dei låge fødselstala blir m.a. årsaka til at det ikkje blir nok personar i yrkesaktiv del av samfunnet til å dekkje kostnadane for pensjonane til dei eldre. I tillegg gjev det mange andre problem – ikkje minst for kvinner i titusental som har blitt pressa til å ta livet av små menneskeborn.

Møte med Jesus gav fred

På eit offentleg møte eg var på, stod ei kvinne fram og sa: - Eg gjekk frå psykolog til psykolog. Alle sa: «Abortlova er norsk lov så du skal ikkje ha vondt samvit for at du har teke bort barnet ditt.» Men ho fekk ikkje fred. - Til slutt kom eg til kristen predikant, og han sa at det var ei alvorleg synd eg hadde gjort, sa ho.

- Predikanten fekk føre henne til han som døydde for hennar synder, og møtet med Jesus gav kvinna fred. Det er forferdelig med alle dei som går med eit såra samvit etter eit inngrep, der eit lite menneske er teke livet av.

Avsett ved dom

Innføringa av Abortlova ført til at Kørner hausten 1983 la ned den statlege delen av prestetenesta. Så lenge Thor With var biskop i Bergen skjedde det ikkje noko, men då Lønning kom vart det rettssak i 1987.

Først blei det Heradsretten i Norheimsund og deretter Lagmannsretten i Bergen. Saka kom ikkje til høgsterett, då ho vart avvist av Kjæremålutvalet ut frå presedens i rettskraftig dom mot Børre Knudsen. Han måtte såleis slutte som prest i DNK i 1991.

- Det var vemodig å måtte slutte i DNK, men eg opplevde at denne tida med rettssak og stor mediafokusering var ei rik tid åndeleg sett. Eg fekk stadig Gudsord som talte til meg både gjennom det eg sjølv las, og gjennom det andre personar gav meg, seier han.

- Profetane i GT gjorde uvanlege ting for å vekkje opp samvita. Då eg la ned den statlege delen av embetet, og då eg seinare opplevde rettssak og dom, gav det rikt høve til å forkynna den bibelske bodskapen.

Ordningane framfor Guds ord

Kvifor blei Strandebarm Prosti oppretta på 90-talet? - Me hadde ynskje om å hjelpe dei heimlause i DNK, som var i åndeleg naud over situasjonen, understrekar han.

- Problemet innanfor kyrkja, slik eg ser det, er at ein set ordningane framfor Guds ord. Det er avgjerande at Guds ord får vere vår rettesnor, men i dag blir Ordet sett til sides. Det skapar samvitskonfliktar for dei som kjem inn i kampen mellom ordningane og Guds ord. Dei derimot som held seg til ordningane kan gjere mest kva som helst, sjølv om det bryt med Guds klare ord.

- Diverre har kyrkja vorte ein ”verhane” som snur seg etter tidsånda, og ein er livredd for å halde fast på Guds ord.  Det som ikkje passar inn i tida, det stryk ein berre. Ein må for all del ikkje støyte folket. Men då misser Ordet også si kraft, for det blir så lite Sanning att i det som blir forkynt. Me må vende attende til Ordet!

Me treng vekking

- Det me framom alt har behov for i vårt folk i dag, er ei vekking der Guds ord blir teke på alvor. Det er mykje religiøsitet i dag. Mange seier dei trur på Gud, men dei har danna seg eit Gudsbilete som ikkje er bibelsk.

- Himmelens Gud er gjort til ein snill bestefar, og synda er gjort ufarleg. Gud straffar ikkje synda, etter dei fleste si meining, og difor blir det heller ikkje behov for omvending. I vekkingstider får menneske sjå seg fortapt under Guds dom, men då får dei også behov for evangeliet.

- Problemet i dag er å få folket i tale slik at dei byrjar å spørje etter ein nådig Gud. Den lutherske reformasjonen var ei vekkingstid, og me treng på ny ei slik vekking, understrekar Kørner.

Sjølv om Kørner av mange blir forbunden med det kyrkjelege, så er han ofte å finne i bedehuset. Han kjenner på brorskapen og samfunnet med det lågkyrkjelege bønefolket på bedehuset, og han har god kontakt med mange vener i desse samanhengar. Ein av hans gode vener var lekpredikanten Anders Eide i Misjonssambandet, som fekk heimlov sist haust.

Me har svikta

I samtalens løp stiller han spørsmålet: - Har me som foreldregenerasjon tatt Guds vilje på alvor? Han svarer og seier: - Med tanke på våre born og våre næraste, trur eg me har svikta og vore unnfallande. Me har ikkje latt dei forstå alvoret i dette å ha med ein heilag Gud å gjera.

- Når ungdomane kjem heim med sin forlova, og me let dei bu saman, då gjer me som kristne noko riv ruskande galt. Me har som kristne så lett for å gje etter for tidsånda. Så godtek ein først det eine, og så det andre, og til slutt godtek ein også homofilt samliv.

- Eg trur at me som foreldregenerasjon har svikta! Me har stått for ein snillisme, der me ikkje har understreka kor alvorleg det er å bryte Guds bod. Himmelens Gud vil at me som foreldre skal setje klare bibelske grenser for borna våre. Det vil vere til hjelp for borna. Det er ikkje til hjelp når ein jattar med og godtek alt!

- Det kan nok bli sagt om oss at me er for strenge, men me har med ein heilag Gud å gjere. Me skal vere sanninga tru i kjærleik, og halde fast ved Guds vilje i ord og handling.

- Me ser kor gale det går med mange unge i dag. Dei gjer livet så vanskeleg og innfløkt både for seg sjølve og andre. Eg trur at borna i ettertid vil sjå at det var til det beste at mor og far sette klare grenser.  Det gode livet er å få vere born av Gud, og leve i samfunn med han. Herren vil det aller beste for oss både her i tida og for æva, seier Per Kørner.

Me må våge å seie at synd er synd

- Eg trur at me i langt større grad, enn det som har vore tilfelle dei siste årtidene, må  forkynne Guds bod konkret. Me må våge å seie at synd er synd, og at det også er synd å ringakte foreldra. Eg trur me som foreldre har svikta i nettopp dette med å vere konkrete i grensettinga ut frå Guds klare ord.

Han er også oppteken av at forkynning og handling må gå hand i hand. - Som Guds folk må me våge å vere lys og salt slik Bibelen talar om det. Gudsfrykta må vere større enn menneskefrykta. Me må ikkje innordne oss etter kva fleirtalet tenkjer, men tale som Guds ord og dermed få vere lys og salt, slik Bibelen seier at me er.

- Me må vere vakne for kva oppgåver Gud legg til rette for den enkelte av oss i åndskampen. Me kan skrive i avisene. Me kan samtale med verdslege og ikkje setje ljoset under ei skjeppe. Me må rekne med motstand, men det er ein del av trua sin gode strid, seier han.

Me er prega av «snillisme»

- Me har så lett for å bli makelege kristne i vår del av verda. Me kan berre tenkje på korleis kristne har det i muslimske land. Det spørst om me har åndeleg styrke i den situasjonen som me no ser konturane av, der Islam fløymer inn over Vesten. Har me styrke til å stå imot heidenskapen?

- Eg er redd for at lysestaken er i ferd med å bli flytta, fordi vi ikkje har vore tru mot Guds ord. No får vi nyte frukta av vår sløvheit og unnfallenheit, og som land og folk misser me Guds velsigning. Det var slik det gjekk i Lille-Asia. Sendebreva i Johannes Openberring er hyperaktuelle i vår tid, og det er så mange parallellar. Då Islam kom, hadde dei ikkje styrke til å stå imot, understrekar han.

- Der høyrer me om Satans synagoge, der dei ikkje heldt fast på Guds ord. Me snakka gjerne om Jesu kjærleik, men me gløymer ofte det Jesus seier om å elske han og halde hans bod. Dersom me lever i eit rett forhold til Herren, blir det maktpåliggjande å gjere hans vilje.

- Som kristenfolk er me så ofte prega av snillisme og feigheit, og me fryktar å miste «ansikt» overfor våre medmenneske. Me fryktar menneske meir enn Gud, meinar han.

Uklar forkynning

Han understrekar at det ikkje lenger er noko klart skilje mellom «verden» og Guds folk, slik Bibelen  set eit klart skilje her. - Når dette skiljet blir utviska, blir det tåkelegging og inga grunn til omvending. Det me treng er ei klar forkynning av lov og evangelium, seier Kørner.

- I dag forkynner mange evangeliet på ein slik måte at alle døypte er sanne kristne. Andre går mykje lenger og forkynner at også dei av andre religionar høyrer til i Guds rike. Det blir til og med sagt at me har same Gud som muslimane, men slik talar ikkje Bibelen.

- På same vis avskriv ein Bibelens klåre tale om fortapinga. Fordi Gud er kjærleik, kan det ikkje finnast noko fortaping. Me høyrer gravferdstaler der ein villig vekk plasserar alle i himmelen fordi Gud er raus. Det kan sitje hundrevis av menneske i ei gravferd, utan å få høyre alvoret med det å ha med ein heilag Gud å gjere!

- Akkurat det same skjer ved dei store høgtidene, når det er mykje folk i kyrkjene. Ein må vere rund og forsiktig. Ein må ikkje forkynne Guds lov. Ein må ikkje forkynne omvending og fortaping. Slik stryk ein Guds ord!

- Frukta av dette er at folket slår seg til ro i sine synder. Det blir akkurat som i fordoms tid då profetane stod fram og forkynte: - Fred, fred og det var ingen fred.

Me treng å vekkjast opp

- H. C. Andersen har eit eventyr som understreka dette alvoret. Det er om store Klaus og vesle Klaus.

- Det gjekk svært godt for vesle Klaus. Så blei store Klaus misunneleg, og vil gjere ende på vesle Klaus. Han stappar han ned i ein sekk og vil kaste han i elva. På vegen går han innom kyrkja, og der er det kveldsmesse. Han set frå seg sekken ved ytterdøra, og går inn og deltek i gudstenesta. Etter gudstenesta forset han vidare, i ro og tryggleik, for å ta livet av vesle Klaus. Det var ikkje noko i forkynninga som hadde vekt han opp!

- Der ein samlast om forkynninga av lov og evangelium er det ofte ein liten tilhøyrarskare. Me må minne kvarandre om at det er viktig å halde fast på Guds ord, også utanfor den truande forsamlinga me er med i. Det vil koste å være lys og salt, og det vil komme til å koste meir og meir etter som samfunnet blir meir og meir avkristna, avsluttar Per Kørner.

Utskrift