Per Bergene Holm

- Den historisk-kritiske metode er ei forføring

(Han vart intervjua i 1995, og utdrag av dette intervjuet vart trykt i Dagen 8.5.1995)

Det er Per Bergene Holm(31), frå Kvelde i Vestfold, som uttalar seg slik. Han har sjølv studert teologi og opplevd kor vanskeleg det er for dei studentane som forkastar den historisk-kritiske metode.

- Den historisk-kritiske metode er djevelen sin listige måte til å formidle  "Har Gud verkeleg sagt?" til den oppvaksane slekt. I dag har han lukkast med sin strategi nær sagt over alt. Metoden går i kortheit ut på at ein ikkje gjev akt på Skrifta sitt sjølvvitnespyrd, og set seg sjølv til dommar over Guds Ord. Når me omgjer Bibelens ufeilbarlegheit og autoritet, vil dette etter kvart få katastrofale følgjer for teologien, forkynninga og alt vårt kristne arbeide - nett slik den vonde ynskjer og slik me opplever det i dag.

Bibelkritikken får innpass over alt

- Menighetsfakultet, der eg studerte, blei oppretta på byrjinga av vårt århundre, nettopp med tanke på å vere ei motvekt mot den liberale teologi, men i dag nyttar MF dei same metodane som på universitet. Dei som grunnla MF ville nok sørgd om dei hadde sett utviklinga som har skjedde, og korleis det dei tok avstand frå, har fått innpass.

- Under Vannskillekonferansen, som blei arrangert i hausten 1993, prøvde Austad ved MF å trekkje vannskille mellom Universitet og MF, men begge desse instiusjonane nyttar den historisk kritiske metode. Han understreka at det var ulike teologisk grunnsyn. Men kva slags ulik grunnsyn kan det vere tale om, dersom ein har den same grunnleggjande tilnærming til skrifta? Det kan ikkje Austad svare på. Det me no ser skje innan kyrkje og organisasjonar er at teologane dreg konsekvensane av sitt historisk-kritiske syn som dei har fått ved læreinstitusjonane.

- Det me opplevde med denne vannskillekonferansen var at istaden for å markere eit skille, så blei det bygt bru mellom sant og falskt. Her var det plass for dei som nytta historisk-kritisk metode i sitt arbeid med Bibelen, og alt dette skulle no kallast bibeltru og konservativ kristendom. Det er å stryke kalk over skaden, som står omtala i Esekiel 22:28-31. Dette skille går ikkje mellom organisasjonar eller læreanstaltar, aller minst mellom Universitet og MF, men skilje går midt inn i den bekjennande kristenfolk i kyrkje og organisasjonar.

Overtydd av Guds Ord

Sjølv er Per Bergene Holm oppvaksen i Misjonssambandet, og han seier at han fekk mykje gjennom dette arbeidet opp gjennom barne- og ungdomsåra. Særleg vil han nemne året på Fjelltun bibelskule i Stavanger. Her fekk han møte lærarar som førte dei unge inn på dei gamle stiane, og formidla tillit til Guds Ord.

Bergene Holm fortel at han heilt frå midten av tenåra byrja å lese mykje i Bibelen og så smått også litt oppbyggelseslitteratur, først Rosenius og sidan både Øivind Andersen og Olav Valen-Senstad. Ordet fekk tak i ham og overtydde ham, både om hans synd og kjødeligheit og om den frie nåden i Kristus.

Denne erfaringa av Ordet si overtydande makt, gav han ei trong til å forkynne Ordet. Det som fornuftsforsvarar for sanninga i kristendommen ikkje hadde makta, å skape tru og frelsesvisse, det makta det enkle Ordet om synd og nåde.

Han såg korleis det arbeidet som søkte å vinne dei unge ved moderne musikk, underhaldning og fengjande talarar ikkje nådde fram, medan dei som heldt fram med å forkynne Guds ord enkelt og klart, dei nådde også dei unge. Ordet fekk tak i dei, dei fekk med Gud å gjere og fekk bruk for Jesus og frelsa i han, og så kunne dei ikkje gå bort i frå Jesus.

Det meste av tida han studerte, reiste han ved sida av som forkynnar og ungdomsarbeidar i Skien krets av NLM. Etter fire år med teologistudiar var han feltprest i to år, samstundes som han paralellt tok nokre andre fag på universitet.

Deretter bar det til undervisningsstilling hos Jon Kvalbein på Kvitsund Gymnas, der han var i to år, før han i 1992 blei kalla til rektor ved Norsk Luthersk Lekmannsmisjon sin nyoppretta bibelskule på Fossnes i Vestfold.

Har me tru på Ordet aleine?

- Det er ikkje karismatiske vekkelsestalarar som rører ved kjenslene me treng, seier Bergene Holm, men me treng Ordets forkynnarar som kan forkynne Ordet slik at Den Heilage Ande får røre ved hjarte og samvit.

- Når Den Heilage Ande får leggje Ordet på eit menneskes hjarte, så får det med Gud å gjere. Men Ordet er snart borte frå forsamlingane våre. Me har meir tru på alle moglege slags verkemiddel enn vi har tru på Ordet.

- Det er sjelefienden som står bak dette verket, sjølv om menneska trur at det er Guds rike dei fremjar gjennom dette. Får sjelefienden oss bare bort frå Ordet, så får han oss sidan dit han vil, då er det ikkje grenser for korleis han kan forføre oss.

- Det er det vi ser skje gjennom den såkalla karismatiske rørsla i dag. I staden for Ordet, søkjer ein noko utanfor Ordet, såkalla manifestasjonar på Guds nærvær og kraft. Det er ei fornekting av at alt som heiter guddommeleg liv. Frelse og velsigning er gitt oss i Jesus Kristus, og at dette er gitt i Ordet om Jesus Kristus og han krossfest. Det er det motsette av å halde fast på Guds ord og ikkje fornekte Jesu namn. Det er å venda seg til eit anna evangelium, legg han til.

Kva står skrive?

I studietida fekk han vere med i misjonsforeininga "Kilden" der bibelskulelærar Øivind Andersen hadde bibeltimar. I det heile har Øivind Andersens bøker og forkynning vore han til mykje velsigning, og i dag nyttar han sjølv Øivind Andersens "Troslære" som lærebok i truslære på bibelskulen. Han nyttar også mykje stoff av Andersen under førebuing til timane i andre fag på bibelskulen.

- Det som særmerkte Øivind Andersen, seier Bergene Holm, det var ikkje hans meiningar eller "syn" i og for seg, men korleis han heile vegen peika på kva som stod skrive. Han ville nettopp ikkje ha noko syn, men berre gi vidare det som stod skrive. Det har blitt eit føredøme også for meg, seier Bergene Holm, ikkje å ha noko særleg "syn" eller følgje ein eller annan tradisjon, men søkje å trengje inn i og gi vidare det som står skrive, leggje ut Ordet.

Let pensum vera pensum

- Ein av den moderne teologiens store brist er nettopp at den ikkje er skriftteologi. Den liberale teologien er ikkje nøytral, einfaldig og ufarleg. Den er livsfarleg, sjølv om den kjem i moderat historisk-kritisk klednad. Det er same konsekvens om ein beskjær meir eller mindre av Den Heilage Skrift. I staden for å føre menneska inn i Skrifta, så fører dei menneska bort frå Skrifta, og forfører dermed sjelene.

- Det me møter innan den liberale teologi er ikkje noko nytt. Profeten Jermia uttrykkjer det slik:"Sjå, Herrens ord har dei vraka. Kvar skulle dei då ha sin visdom frå?". Den kjende lekmannshøvdingen Ludvig Hope uttrykte seg også treffande om dette: "Men allermest dumme er dei lærde og kloke som vil rette både på Gud og Hans Ord.... Dei er så lærde og kloke - i eigne augo - at dei lyt sjå å få retta på Guds Ord. Såleis vert dei kloke dumme."

Bergene Holm fortel at han i si studietid etter ei stund let pensum vere pensum, skumlas berre dei bøkene som nytta den historisk-kritiske metode for å vite kva dei sa, men samla sitt arbeid om grunnspråka og fordjuping i Bibelen sjølv. I staden for å fordjupe seg i ei rekkje kritiske kommentarverk, så las han bibeltru kommentarar der han fann slike, og elles så arbeidde han mykje berre med Bibelen.

Nekta å nytte bibelkritisk metode

- Når eg gjekk opp til eksamen i GT og NT eller Truslære (systematisk teologi som dei kaller det), så visste eg med meg sjølv at eg nok meir eller mindre skulle kunne gje svar på kva som stod skrive, og kva Bibelen lærte om dette eller hint, men mindre kva den eller den teologen hadde sagt om emnet, seier Bergene Holm.

Ein gong han fekk dårlegare karakter enn han kunne forstå var rett, fekk han til svar av hovudsensoren: "De viser framifra bibelkunnskap og innsikt i det bibelske budskapet, men de har jo ikke nyttet den historisk-kritiske metode! Det har forresten vært den store feilen ved tidligare eksamener også."

Sensoren ville stryke han av den grunn, men ein ekstern sensor hadde etter hovudsensorens utsegn "latt seg blende av din bibelkunnskap og framstillingsevne". Denne sensoren ville derimot gje toppkarakter, noko som redda Bergene Holm ved det høvet, og gav ham ein middels karakter til slutt.

- Det var freistande å lese og skrive slik eg visste sensorane ville ha svara, men eg ville ikkje gå på akkord med mi overtyding. Eg visste at eg var godt nok førebudd og hadde trass alt den tiltru til sensorane at dei ikkje ville stryke meg så lenge eg synte tilstrekkeleg kunnskap, for det var jo ikkje ein eksamen i syn, men i kunnskap. Men det synte seg at det heldt hardt nokre gonger, men eg fekk no til slutt vitnemål.

- Eg angrar ikkje at eg studerte teologi, og har hatt mykje glede av det seinare, ikkje minst grunnspråka, som eg søkjer å halde ved like. Men framfor alt har eg hatt glede av alle dei timane eg sat over Bibelen og las og grunna over det som stod skrive. Eg har fått oppleve at Ordet sjølv gjev ljos, det eine skriftordet gir ljos til det andre, seier han.

Ein skule for dei som vil høyre

No er han rektor ved Bibelskulen på Fossnes, som er eigd av Norsk Luthersk Lekmannsmisjon. Denne stillinga har han hatt sidan han skulen blei grunnlagt hausten 1992.

Det er ikkje så mange elevar ved skulen han er rektor for, men det gjer han ikkje motlaus. Det er ikkje talet på elevar som er viktigast, men om Herren vedkjenner seg skulen og det som vert forkynt der, seier Bergene Holm. Så vil nok også Herren sørgje for elevar til skulen, ikkje for skulen sin del i og for seg, for skulens drift er ikkje noko mål i seg sjølv, men for at elevane kan få læra Jesus å kjenna og bli grunnfesta i hans ord.

- Me kunne nok også fått mange elevar, hadde vi lagt oss på den lina som mange av dei andre gjer i dag, ved å gje dei unge det dei spør etter, aktiviserande opplegg og utfordringar, trening i å verte læresveinar som det kallast. Men vi har ikkje noko tru på slikt. Ein kan ikkje trenast opp til å verte ein læresvein. Læresvein blir ein ved å verte i Jesu ord og gjennom det lære sanninga å kjenne, slik Jesus seier det i Joh.8.

- Å vere ein Jesu læresvein er nemleg ikkje i fyrste rekkje å gjere så mykje for Jesus, men å høyre kven Jesus er og kva han har gjort for meg. Difor legg vi så stor vekt på at elevane skal få høyre Bibelens ord og få det utlagt og forklart, fortel Bergene Holm, slik at Guds ord gjennom augo og øyrer når til hjarta og slik omskapar elevane innanfrå. Då vert det sanne Jesu læresveinar òg, læresveinar som vil gå ut og bere frukt.

- Eg ynskjer at skolen skulle vere ein bibelskule i ordets eigentlege forstand, der Bibelen er den einaste eigentlege læreboka. Me som er lærarar ved skolen ynskjer å formidle vidare det som er overgitt oss i Den Heilage Skrift, det som var hovudsak for dei lutherske reformatorane: Skrifta aleine.

Er vår tid spesiell?

Han understrekar at det er sjelefienden som vil ha det til at tida vår er så spesiell, så nå må vi ha spesielle løysingar.

- Det er annleis no, seier sjelefienden. Før så kunne det nok nytta berre å forkynna Ordet, men alt er så annleis. Me må vi gripe alt fatt på ein annan måte no. Nei, Ordet åleine er det ikkje gagn i lenger, vi har høyrt dette ordet om synd og nåde lenge nok nå, og kva hjelp er det i det? Det var nok vel og bra i si tid, men no må vi vidare, vi må oppleve meir av det Gud har å gi oss i dag, vere opne for det nye Gud gjer. Så let ein seg forblinde av sjelefienden der han kjem som ein ljosets engel.

- Her gjeld det at vi ikkje lar oss rive bort frå den vona som evangeliet gir, at vi helde fast på at alt det vi treng for himmel og jord er gitt oss i Jesus åleine. Så får andre rose seg av sine openberringar og opplevingar, lat oss rosa oss av Jesu Kristi kross åleine. Lat andre ropa at Messias er her eller der, i den forsamlinga eller i den, men lat oss samlast om Ordet. Dette Ordet er i går og i dag det same, ja til evig tid. (Hebr. 13.8)

- Han har lova å vere hjå oss når vi samlast i hans navn. Lat oss halda fast ved desse løfta, vandre i tru på Ordet, sjølv om vi ikkje kan sjå det vi trur, utan å få noko "bevis" eller nokre "manifestasjonar". Lat oss halda fast på Ordet likevel, for Han er trufast som gav løftet, avsluttar han.

 

Utskrift