Gunnar Soppeland

- Dødsalvor utan alvor!

Artikkel er saksa fra dagbladet Dagen 27.10.03

Det er Gunnar Soppeland frå Årdal i Ryfylke som seier dette når han beskriv situasjonen i det norske folk. Den åndelege situasjonen i det norske folk ligg han på hjarta, og han ber på ei djup smerte over utviklinga i kristenfolket.

Han er fridtidsforkynnar, aktiv skribent i ulike tidsskrift og sjølvstendig næringsdrivane. Han kom gjennom til liv i Gud i 17 års alderen, og vart som ein rykande brann, riven ut or elden – som han sjølv opplevde det. Frå barneåra av visste han at i kallet til omvending låg og eit forkynnarkall.

Etter militære tok han forkynnarlinja på bibelskulen  i Staffeldsgate i Oslo. Då han var ferdig her, fekk han spørsmål både frå Santalmisjonen og Indremisjonen om å byrje som forkynnar.  Han trudde forkynnaroppgåva skulle vare livet ut, men etter 5 år i Santalmisjonen opphøyrde dette arbeidsforholdet. - Kallet mitt, forkynninga og det åndelege synet eg stod for, svara ikkje lenger til organisasjonen sin profil, seier han.

Eit sidespor

- I 1975 parkerte Gud meg på det eg vil kalle eit sidespor.  Frå den posisjonen har eg registrert at avstanden til bedehusorganisasjonane i ettertida berre har auka. Men på sidesporet har eg hatt mange interessante oppgåver innan næringslivet. Litt forkynning har det og blitt gjennom åra, seier han.

- For ca.10 år sidan starta eg eiga verksemd innan området kvalitetssikring og internkontroll. Dagane kan eg disponere som eg vil, og får bruke  meir tid til Guds ord. Dag for dag, i snart 30 år, har eg stått på sidesporet og lytta etter nytt signal frå han som ikkje angrar sitt kall og sine nådegåver. Bøn og ynskje er å få nåde til å vere med i det Herren måtte ha føre i tida.

Undertone av uro

Han ber på ein indre uro for det som skjer i kristen-Norge.

- Som på Jesu tid står det om kor vidt Guds hus skal vere eit bønehus eller ei røvarhole.

Den raske utviklinga i negativ lei er eit alvorleg teikn i tida. ”Saltet” har visst ikkje lenger kraft  til å motverke verda sine destruktive krefter. Kanskje er me komne inn i den tida då urettferda skal ta overhand. Då vil det verte vanskelege tider, seier Skrifta.

- Alvoret i tida ligg i eit paradoks: Midt i døds-alvoret, er det total mangel på alvor! Når Bibelen ikkje lenger reknast som heilag, har vi heller ikkje noko heilagt gudsbilete, berre eit  forvrengt. Gud kan då vere kven som helst. Og kven som helst kan ordne seg eit gudsforhold.

- Avkristninga gjer at kristendomen misser makta over folket. Alle livsområde må lide for dette, og  konsekvensane er store. Både politisk, åndeleg og moralsk bryt ein heilage grenser for å skape mest mogleg ”fri flyt”. Tek ein bort det som er evig sant, rett eller gale, vert alt tillate. Sjølv lovgjevarane og bødlane som drep born i mors liv kan då vere skuldfrie. Ord som synd, soning og tilgjeving går ut av bruk.

«Du skal» blir erstatta med «eg vil»

- Antropologien ser berre verda og mennesket slik dei ter seg for det menneskelege auga.

Sjølvforståinga ligg i genane si utvikling. Positivismen og sosialdarwinismen hevdar at samspelet mellom arv og miljø gjennom utallige generasjonar har gjort ein til den ein er. Eit uansvarleg produkt, eller offer for ibuande drifter og behov, om ein vil.

- Dermed er Boda sitt «du skal», erstatta med genane sitt «eg vil»,  slik Nietzsche anbefalte.

Det første reknar mennesket som eit evig ansvarleg individ. Det andre som eit nummer i ein dyreart.

- Lausriving frå Gud fører altså til rotløyse og manglande feste. Men dette kan ikkje vedvare utan å ende i fullstendig kaos. Det innser mange i dag. På alle område er det behov for å finne nye vegar og nye utgangspunkt. Dei politiske partia har overlevd seg sjølv, og  enda i ein  slags  pragmatisk nyttefilosofi der det lønsame er det rette og sanne. Dei kan ikkje lenger legitimere seg ideologisk slik at ein veit kor dei vil av.

- Dette gjeld og den kristne verksemda.  Nye utgangspunkt og vegar har vore sak nr. ein i lang tid. Er utgangspunktet å halde liv i seg sjølv og å halde på  posisjonar, vert val av verkemidlar og veg deretter. Til forveksling ikkje så ulikt det demokratiske prinsippet «eg vil», kjent frå forsamlinga i Laodikea som Herren ville spy ut or sin munn.

Ein morar seg til døde

- Dei fyrste kristne var ein viktig maktfaktor i verda som verda frykta. Dei var salt med kraft.  No er spørsmålet om saltet vert kasta ut og trakka ned. Ser ein på den nære fortida og det som rører seg i kyrkjer og organisasjonar, må ein lure på om dei ikkje burde kalle seg frilynte.

- Bruk av underhaldning står ikkje attende for dei rørslene ungdom før vart frelste frå. Kanskje med eit unnatak: Nokre frilynte lag ville ikkje akseptert sambuarskap og rus. Ikkje nok med at verda heldt på å le og more seg i hel, men mange kristne og morar seg saman med verda, som verda. Underhaldande innslag vert stadig meir vanleg der kristne samlast.

- Seinast i sommar landa ”Zorro” på plattforma under opninga av Nordmisjon si generalforsamling, revyartistar underheldt på UL i Kongeparken, og frå OKS sin tenåringsleir rapporterte Dagen at ”Morsomme toalett-historier blandet med klar forkynnelse fanger oppmerksomheten.”

- Dersom åndeleg naud er ein tilstand som kjem av Bibelens alvor, blir denne nauda sjølve livsalvoret og ein del av den kristne si liding i verda. Eg lurer på om det er dette ein vil underhalde seg bort frå i kristne samvær?  Tek ein Bibelen på alvor, og ser kva som står på spel, vert det alvorleg å vere både frelst og ufrelst, understrekar Soppeland.

Fjernar alvoret

- Forkynning av det alvorlegaste, utan alvor, fjernar alvoret.  Ein bodskap er ikkje rett utan at han har ei konkret adresse. Sjå berre kor ulike bodskap forsamlingane i Lilleasia fekk.

- Dette har med nådegåver å gjere.  Legg ein så til at nådegåva til å forkynne blir erstatta med instruktørar og artistar som framfører sine talar humoristisk, og at song og musikk er blitt show og underhaldning, fjernar dette i alle fall siste rest av alvor. Er Gud nær, vert det alvor, - og stille.

- Oppgradering av menneskeleg kvalifikasjonar, på kostnad av  nådegåveutrustning, har fjerna den åndelege substansen i forkynninga og lamma og utarma bedehuset. Ikkje primært formene, slik ein feilaktig trur, seier han.

Vrøvlekompaniet

- Her er det freistande å minne om eit stykke S. Kierkegaard skreiv i ”Øyeblikket” nr. 6.

Det handlar om ”Brand-Majoren”, og alvoret ved å ta på seg ei åndeleg oppgåve. Stykket skulle vore obligatorisk lesnad minst ein gong i året for alle betalte og ubetalte leiarar i guds rike.

- Poenget i stykket er, at når det er alvor vert heile tenkje- og handlingsmåten ein annan enn i det daglege livet. Dersom Brand- Majoren under ein brann nyttar seg av det velmeinte ”Vrøvlekompaniet” som kjem til med sine ”stripper og pibesprøyter”, er han eo ipso(nettopp derfor) ikkje den rette for oppgåva, seier han. Regelen er at til mindre alvor, til mindre betyr det kor ein hentar hjelpa frå. Men når ein er dødssjuk, spør  ein etter lækjaren!

- I stykket nyttar SK eit ekstra alvorleg språk nettopp for å understreke at når mykje står på spel, vert og språket eit anna. Klårare, meir inntrengjande og direkte. Utan alvor vert alt likegyldig, noko ”tidsriktig” språk og form speglar av. Kluet no for tida er kommunikasjon. At ei tomheit får kontakt med ei anna tomheit, er visst underordna.

Grunnleggjande frigjering

- Ser ein  40-50 år attende gav Olav Valen Sendstad og Øivind Andersen røyst til den klassisk lutherske og rosenianske forkynninga av lov og evangelium. Dei hadde begge klåre personlege vitnemål om ei grunnleggjande frigjering i evangeliet, og dette var grunntonen i det dei forkynte og skreiv.

- Omvending og gjenføding var to ulike hendingar som kunne falle saman i tid, men som ofte ikkje gjorde det. Difor måtte ikkje desse omgrepa blandast saman. Etter deira tid har forkynning til gjenføding tagna. Omvending har blitt til tru på dåpen, og dåpen til varig gjenføding av alle barnedøypte.  Dette kan vere ei forklaring på uføre vi er komne i.

Dermed mista forkynninga kraft og klårleik til å leie søkjande gjennom til evangelisk forløysing. Hovudtema vart omvending og rustning til teneste. ”Standpunktet” vart  omvendinga, aktivisering i lag og organisasjonar vart tenesta.

- I sekstiåra blomstra skulelag og ungdomsarbeid. Men mange unge vart trøytte og utslitne av å skulle oppføre seg som åndeleg frigjorte kristne, utan at dei var blitt det. Desse vart marknad for den karismatiske bylja som kom på 70 talet. Ei karismatisk oppleving gjore susen. No fekk vengene luft å sveve på i lange stemningsmetta møte, og fjæra kunne bruse fritt  under suggererande song og musikk. Seinare omfang og forgreining av karismatikken vitnar om kor grunnleggjande forvirringa om lov og evangelium var og framleis er, seier Gunnar Soppeland.

Karismatikarar latterleggjer

- Ei klår forkynning av lov og evangelium er ein trussel mot karismatikken slik han har breia seg ut og vert dyrka. Berre spør Åge Åleskjær! Han er antinomist og latterleggjer det han kallar elendigheitsteologi.

- Diverre er det i dag mange femti-sekstiåringar som sit att med såre kjensler fordi dei ”bøygde seg” under forkynning som ikkje førde dei fram til evangelisk forløysing. I praksis fekk dei berre tredd eit nytt livsmønster utanpå eit uendra sinn. Av dette vart det hyklarskap.

- Etter kvart har gapet mellom livsmønster og sinn jamna seg ut. Ved ulike høve kan ein høyre  personar som  distanserer seg frå si ungdomsomvending og står fram som ”nyevangeliske" sjølvbestemte kristne, utan omvending og kledd i eit kav verdsleg livsmønster.

Andre har vore lojale mot livsmønsteret dei bøygde seg under, har verna om dette og funne meining i å tre det ned over flest mogleg andre, seier Soppeland.

Alternativet Willow Creek

- Organisasjonar og forsamlingar som til no har halde att og ikkje skikkeleg slept dei nye ekspansive rørslene til, har no endeleg fått eit alternativ i Willow Creek. Prinsippet for denne rørsla er at som ein ropar i skogen får ein svar. Sår ein i kjøt, haustar ein kjøt.

-Etter det eg har sett er WC eit døme på kva vi absolutt ikkje treng. Opplegget minner om noko David Åleskjær sa på NMS sin tenmisjonsfestival for eit par år sidan. Han ville ikkje ha vekking men revolusjon, for ordet vekking tykte han var for negativt lada. Det overlet for mykje til Gud. ”Vi mennesker må derimot gjøre det selv, hvorfor skal Gud gripe inn. Han har jo gjort det. ”  Innforstått: Alt er opp til oss.

Framleis håp!

- Dei som soknar til framgangsteologien vil kanskje riste på hovudet av dette intervjuet, om dei kom lenger enn til overskrifta då. Det er for negativt. Då vil eg berre presisere at det negative eg har peika på kjem av mi mistru til det åndelege menneske og den menneskelege viljen, seier han.

- Men på vegne av Guds sak er eg grunnleggjande optimist. Den skal fullendast! Det byggjer eg mellom anna på  Rom. 9.16, der det heiter: ”Så står det altså ikkje til den som vil, eller den som renner, men til Gud som syner miskunn.”

- Det eg her har sagt skulle nok vore sagt av andre enn meg. Eg er utan formell mynd.

- Eg undrast ofte på kvifor formelle betalte og valde leiarar teier. Skulle eg ha feiltolka situasjonen, vil eg gjerne korrigerast. Eg har ingenting imot ei lette i alvoret, avsluttar Gunnar Soppeland.

Av Dag Rune Lid

Gå til artikkelsamling av Soppeland

 

Utskrift