Eivind Gjerde

Behov for alternativ teologisk opplæring:

Bibelkritikken drep gudslivet hjå studentane

Saka frå Dagen, 27.3.1996 

- Bibelkrikken si ånd er livsfarlig og smittsam, men eg opplever likevel mange oppmuntrande ting mellom ungdommar og studentar som ynskjer å lære sanninga å kjenne. Det er ungdommar som vil stå på Ordets grunn.
Når det gjeld det kristne arbeidet, er det mange unge som er gått trøytt av konsertkristendom og andre surrogat og vil ha sann åndeleg føde. Difor trur eg ikkje det er fikse «nyheiter» kristenfolket må kome med for å nå den oppvaksande slekt, men det viktigaste er av me vender oss til Han som er byrjinga og utgangspunktet, Jesus Kristus, Guds son.

Det er cand. teol Eivind Gjerde som uttrykkjer seg såleis med tanke på åndssituasjonen og den teologiske opplæringa me møter i dag. No er han lektor ved Kvitsund Gymnas i Telemark, samstundes som han har kvart stilling som forkynnar i Skien krins av Misjonssambandet.

Oppvekst

Han er oppvaksen i Mosterhamn på Bømlo i Sunnhordland, der han alt frå han var liten blei teken med på møter og i kyrkje og bedehus. Opp gjennom barneåra fekk han leve i barnetrua.

- Då eg kom i 8. klasse på ungdomsskulen fekk eg gjennom Guds Ord oppleve meg fortapt. Det var mor mi som gjennom Guds Ord fekk hjelpe meg så eg fekk kvile i evangeliet. Men mot slutten av ungdomstida byrja eg å forureina sjela med rockemusikk. Eg hadde ofte dårleg samvit for dette, men denne musikken var svært tiltrekkjande, og det førte meg bort frå Gud. Etter kvart sløvna samvitet og gjennom gymnasåra blei eg heilt fanga av rockemusikken og blei verdsleggjort.

Etter vidaregåande skule hamna han på studentlinja på Misjonssambandet sitt skulesenter, Fjellhaug Skole i Oslo. Her byrja atter Guds Ord å arbeide på hjarta. Dette førte til at han byrja å ta seg saman for å rydde opp i kristenlivet. Han ville vere ein skikkeleg kristen, og knuste kassettar og brende plater og tok oppgjer med rocke-musikken. I denne tida dukka trongen til å gå på den 4-årige Misjonsskulen opp, og såleis gjekk det.

- I 2. klasse på Misjonsskulen kom eg inn i sterke åndelege brytningar, og eg streva svært med å få til å vere og leve som ein kristen, og eg trella forferdeleg under lova. Eg fekk oppleve at eg eigentleg hata Gud, og mitt hjarta var ein Guds fiende. Men i denne sjelenaud, fekk eg sjå inn i evangeliet, og då blei lovsongen tent i hjarta. Eg reknar dette som mitt åndelege gjennombrot, der eg fekk kvile i nåden aleine - dette var sommaren 1987.

I tida på Misjonsskulen fekk eg arbeide mykje med Guds Ord, og eg fekk gjere erfaringar med lova og evangeliet i mitt eige liv. Eg ser attende på tida på Misjonsskulen som ei mykje rik tid, seie han.

Bibelkritikken forgiftar

- Medan eg gjekk på Misjonsskulen, byrja eg også på teologistudiet på Menighetsfakultet(MF) parallelt. Reint fagleg var krava større her, og ein gjekk grundigare inn på dei ulike emna. I møte med historisk kritisk metode reagerte eg sterkt. Det å lese Bibelen som kva bok som helst, stammar djupast sett frå djevelen sjølv - det er slangen frå Edens hage: Har Gud verkeleg sagt? I sitt fortolkningsarbeid, skulle ein lese som om Gud ikkje stod bak Den Heilage Skrift. Det makta eg ikkje å gjere.

I mellomfagsstudiet på MF fekk han på ein av eksamenane i oppgåve å fortolka Jes 9.1-7, og han tolka det konsekvent som ein Messia profeti slik den alltid har vore tolka i kyrkja heilt fram til bibelkritikken kom inn på arenaen. Men han nekta å tolke den bibelkritisk, og det blei ikkje godteke. Han fekk ein av dei dårlegaste ståkarakterane for dette.

- Korleis kan ein unngå å tolke Jes 9:6-7 på Kristus? Les sjølv og sjå! Vil ein finne ein person i Jesaja si samtid som dette skulle høve på. så tek ein feil. Dette ordet er ein profeti om Kristus. Det vitnar heile skrifta så klart. Bibelen er eit historisk-profetisk ord. Vil du ikkje erkjenne dette, vil Bibelen bli ei «lukka» bok for deg.

- Før eksamenane i GT og NT i teologistudiet, bad eg til Gud om at eg måtte få oppgåver og tekstar som gjorde at eg slapp å kollidere med den historisk-kritiske bibeltolking. Eg ville konsekvent unngå å bruke den, heller ikkje til eksamen - og Gud høyrde mi bøn.

- Dersom ein slepp heilskinna gjennom studiet på MF, må ein bruke den historisk-kritiske metode. For min del ser eg på det som åndstyrani det ein opplever innanfor teologisk opplæring i dag. Mange av dei som skulle vore med å formidla tillit til Guds Ord, er i dag med å bryt ned Guds autoritet mellom studentane.

Mange lærarar på MF brukar dei same bibelkritiske metodane som dei brukar på Det Teologiske Fakultetet på Universitet. MF vart reist nettopp som ei motvekt mot den liberale teologi, men er no heilt infisert av denne farlege teologien.

- La meg ta eit døme: Eg protesterte i ein forelesing for ein professor i NT. Eg hevda at Bibelen var gudsinspirert. Han avfeia meg på ein hard måte og kalla meg rasjonalist(fornuftsdyrkar). Slik blir saka snudd på hovudet av tilhengjarane av den historisk-kritiske metode, og den som ynskjer å bøye seg for skifta og tale som skrifta talar, blir stempla som rasjonalist. Men dei som nyttar denne metoden set nettopp nornufta og forstanden over Skrifta - og då fortolkar ein Skrifta som rasjonlisten, seier Gjerde.

Alternativ teologisk utdanning

- Har ein Guds ord som høgste autoritet då vil ein også bli overtydd om at den historisk-kritiske metode er ateistisk, og at det er djevelen som har nytta den til å forføre «teologien». Studentane lir åndeleg skipbrot grunna bibelkritikken. Dei møter forelesarar som i kraft av sine dyktige faglege evner og store kunnskapar skapar autoritet, og i neste omgang når desse forelesarane formidlar bibelkritiske tankar, blir gifta sådd i sjelslivet hjå studentane.

- Det er svært lett å bli påverka av det historisk-kritiske bibelsynet. Det høyrest i fyrste omgang så vitenskapeleg ut. Men dette bibelsynet er verken vitenskapeleg, historisk eller objektivt. Dette bibelsynet representerer ein ideologi, men det er ein ideologi som er lausriven frå Bibelen, og kan såleis ikkje vere avgjerande for kva som skal vere sann vitenskapleg teologi. Den sanne teologi må ha sitt utgangspunkt(aksiom), at heile Skrifta er Guds Ord, fordi Bibelen sjølv seier det. Sann vintenskapleg teologi må la seg styre av Guds Ord når det gjeld metodeval og forskninga. Skrifta aleine må vere både premissleverandør og norm for forskninga, seier Gjerde.

- Bibelkritikken føder tvilarar på Guds Ord. Den føder fråfall, og den fører til åndeleg hovmod - du set deg sjlv over Bibelen med dine «metodar» for å finne ut kva som verkeleg står, og kva som er aktuelt for oss i dag. Gudslivet hjå kristendoms- og teologistudentane blir drepe på denne måten, og dei misser tilliten til, og «lyset» i Guds Ord.

- Når det gjeld preste/ teologiutdanninga er det i dag heilt klart behov for alternativ utdanning som ikkje bøyer kne for den historisk-kritiske bibelforskinga, og som kan videreføre vekkingslinja frå Hallesby si tid. Det bibeltruande kristenfolk burde tenkje i retning av ei supplerande opplæring for å hjelpe teologistudentar som trur på ein heil Bibel t.d. noko tilsvarande Dansk Bibelinstitutt(DBI).

Eit svik mot Kristus

- Det går ikkje an å ha eit forhold til Bibelen og eit anna til Jesus. Han er Ordet(Joh 1:1-4, Openb. 19:11-13). Jesus seier sjølv at den som elskar Han, held hans ord(Johs 14:23). Me ser at bibelkritikken lærer studentane til det stikk motsette. Dei kjem på kollisjonskurs både med skrifta og Kristus sjølv.

- Trua på Jesus er uttrykk for tillit til Jesus og Hans frelsesverk. Det er Bibelen som forkynner oss Jesus og hans fullførte verk. Kva skjer når bibelkritikken riv ned tilliten til Guds Heilage ufeilbarlege Ord? Då underminerar ein trusgrunnlaget og Guds Ord blir ikkje lenger noko som ein kan stole på i liv og død. Nei, dersom me set oss opp mot Guds Ord, så set me oss opp mot Gud sjølv - Den Heilage Gud.

- Fram til vårt århundre var det sjølvsagt for alle som vedkjende Jesu namnet at Bibelen var heilag og ufeilbarleg. Kor mange er det som meinar det i dag? Svært få, og mellom dei teologiske professorane er det svært få. Mange er ikkje klare over dette at bibelkritikken er ei åndsmakt frå satan.

Bibelkritikken si ånd er livsfarleg, og det er så sterk at det er berre dei som er blitt grundig vaksinerte mot den før, som under studiet kan stå imot den. Du må stå imot i Jesu namn! Ordet seier at me skal ta ein kvar tanke til fange i lydnaden mot Kristus. Det ordet gjeld i særleg grad tankar som reiser seg m kunnskapen om Gud.(2. Kor 10:5) Det ordet rammar bibelkritikken i særleg grad, seier Eivind Gjerde.

- Bibelkritikken er eit av teikna i den siste tid, det er eg overtydd om. I 2 Tim 3:5 talar Bibelen om dei som har skin av gudsfrykt, men fornektar hennar kraft. Slike kristne skal det vere mange av i endetida. Korleis kan du har Gudsfrykta si kraft, når du sviktar Ordet? Guds Ord er Andens sverd. Korleis kan du kjempe med kraft med eit brote sverd? Bibelkritikken bryt «sverdet» ved å øydeleggje Bibelen. Men på same tid har Jesus sett ei opna dør for dei som held fast på Hans Ord og ikkje fornektar hans namn(Johs. Openbaring 3:8)

- Eg underviser i den vidaregåande skulen og møter ofte spørsmål frå elevane mine som viser at dei har fått undervisning i dei «såkalla» resultat som bibelkritikken har funne fram til. Denne undervisninga har dei fått i kristendomstimane i grunnskulen. Utviklinga går så rask, derfor hastar det å reise friskular der ein sjølv an vere med å bestemme kva borna skal påverkast av. «Enhetsskulen» lærer borna opp til å bli bibelkritiske, men mykje vil stå å falle med den enkelte lærar.

- Ein kan berre sjå på det nye forslaget til læreplan for kristendomsfaget i grunnskulen - etter den planen kjem det til å bli eit avkristningsfag der borna skal lærast opp til å sjå Guds Ord i lys av bibelkritikken frå fyrste dag. Difor er det stort behov for alternative lærebøker også i grunnskulen, som kunne vinkle stoffet i dei ulike faga ut frå eit bibelsk grunnsyn og ikkje frå eit ateistisk slik me opplever i dag.

Ha tillit til Ordet

I studietida traff han Eivind Flå, no generalsekretær i NMM. Det var han som fekk han med i Kilden. Dette var ei misjonsforreining som Øivind Andersen var med på i Oslo, der han hadde bibelutlegging. På det meste var dei over hundre personar som var med i denne misjonsforreininga, og mange av dei som gjekk på desse samlingane blei smitta av Andersen si usvikelege tillit til Guds Ord. - Øivind Andersen understreka at den som ikkje vil følgja si overtyding, kan missa sjølve evna til å ha ei overtyding, og det er vel det me opplever hjå mange i dag, seier Gjerde.

I si spesialavhandling i Systematisk Teologi ved MF1991, skreiv Gjerde om «Frelsestilegnelsen hos Olav Valen Sendstad, med særlig henblikk på viljens betydning i omvedelsen.» Han legg ikkje skjul på at  OV-S sine bøker har gitt han mykje både til hjarte og tanke. Han understrekar at det er få som har klart å formidle kjernesanningane i evangelisk-luthersk kristendomsforståing så klart som OV-S.

- Bibelkritiske tankar har også fått innpass hjå lekfolket på bedehuset, og mange har mist trua på kva Guds Ord kan utrette. Difor opplever me at ein nytta verdsleg musikk, drama og innhaldslause lovsongar osv. i sjelevinnararbeidet, noko som vitnar om at ein har mist trua på Guds Ord og Andens gjerning. I staden for Guds Ord kjem underhaldning inn, og den spreier seg som eld i turt gras, men etterlet seg berre «brent mark», åndeleg tala. Difor treng me kort sagt ei bibelsk vekking i den kristne forsamlinga, slik at Guds Ord får avsløre vårt fråfall frå vår sanne stilling.

- Ut frå Skrifta er det ikkje tvil om at me er inne i endetida si store forføring og fråfall. Svermeriske retningar som den såkalla «Toronto-bevegelsen» får lett fotfeste, og difor treng me formane kvarandre om å leve i Ordet. For dei som vil stå frimodig på bibelens grunn i denne tid, vil møte motstand. Ordet i 2. Tim 3:12 «Og alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus skal verta forfølgde», vil få sterk aktualitet i tida som kjem.

- I haust har eg også opplevd stor naud og bøn om vekking i fleire av dei små flokkane av eldre som eg har møtt rundt på bedehusa. Når Guds folk «kjem på kne», då er det von. Det er også gledeleg at fleire prestar vågar å risikere kappe og krage for bibelske standpunkt, og me treng å oppmuntre dei som står fast på Guds Ord i denne tid.

- Skal me vinne siger i åndskampen så er det ved å halde oss til Bibelens Jesus Kristus, og han som sigra for oss. Heilt konkret betyr det å ta vare på hans Ord, som det dyraste du eig. Det er den som er lydhøyr for Guds Ord som sigrar, jamf. sendebreva i Johs. Openberring, avsluttar Eivind Gjerde.

Av Dag Rune Lid

Utskrift