|
Sjå til korleis
de byggjer
Elden
skal prøva det Difor er det ikkje likegyldig kor me hentar vår kunnskap og våre impulsar frå til byggjearbeidet i Guds rike. Difor er det også Paulus understrekar nettopp dette i møte med Korintarane: – Sjå til korleis de byggjer! Me kan kome til å byggje slik at det ein dag brenn opp når Guds eld skal prøve det. I Danmark vart det 2005 lagt fram ein rapport for Landsstyret i Luthersk Missionsforrening (LM) med tittelen «Luthersk Missionsforrening og Willow Creek Community Church». (http://www.dlm.dk/dokumentarkiv/query/Willow_20Creek/id45000/) Her vert det understreka at WC hadde gode hensikter, men likevel var WC prega av ei gjennomført og systematisk, djupt ubibelsk lære om korleis den enkelte og forsamlinga skulle byggjast, fungera og verta leia for å nå målet. Det er
ikkje tvil om at Bill Hybel i Willow Creek er dyktig til å kommunisere ein
bodskap som fengjer mange. Men når det gjeld ei av dei vitigaste sidene av
Bibelens Gudsbilde som går på den heilage Gud som ikkje toler synd –
domsforkynninga, så er den så å seie fråverande ut frå det som står i denne
rapporten. Willow
Creek, Saddleback og Emergent Church
Før Robert Schuller etablerte den «evangeliske» kyrkja (Chrystal Cathedral) reiste han til Rom for at få Paven si velsigning. Schuller forkynner ope, at hans bodskap er det positive, og at han ikkje vil tale om synd og skuld. Korset og Jesu forsonargjerning er heller ikkje noko som Schuller har bruk for, og han seier ope ut: «Eg er stolt av kven eg er… eg har aldri brote eit einaste av dei ti boda. Eg har aldri brote noko av Jesu Kristi lære og difor er eg så stolt av min tru og min bodskap.»…… «Eg trur ikkje noko er blitt gjort i Kristi namn og under kristendommens banner som har vist seg meir destruktivt for den menneskelege personlegdom, og derfor i motsetning til vår evangeliske oppgåve, enn den rå, besynderlege og ukristelege strategi, som går ut på å gjere menneske merksame på deira fortapte og syndige tilstand.» Han seier også: «Synd er at ein ikkje trur på seg sjølv.» Når det gjeld andre generasjon med Bill Hybels i Willow Creek og Rick Warren i Saddleback så er det mange like trekk om det kan vere nyanseforskjellar. Både Hybel og Warrent har henta avgjerande impulsar til sine forsamlingar frå kontakten med Schuller. Difor er det vel gjerne ikkje så underleg at Robert Schuller gjev Bill Hybels følgjande karakteristikk: «Eg var den første person til å introdusere verkelig kyrkjevekst til den amerikanske kyrkja….Han (Bill Hybels) var den første som tok disse prinsippa opp, forfina dei, maksimerte dei til den ultimative lengda av deira potensiale……Eg er så stolt av han … Eg tenker på ham som ein son. Eg tenker på ham som noko av det største, som er skjedd i den kristen kyrkja i vår tid…..Bill Hybels er den av dei eg kjenner som gjer den beste jobben!» Når det
gjeld Rich Warren i Saddleback har han vore invitert til å tale i FN. Han deltok
på G8 toppmøte i Edinburg i 2005. Warren sin «PEACE-plan» får gehør over alt, og
hans bodskap støyter ingen. Warren «PEACE plan» og FN sin tilsvarande fredsplan
går hand i hand for å nå det same mål om global fred, fordeling av ressursar
osv. I 1Kong 22 les me om at det var 400 falske profetar, og profeten Mika var den einaste som forkynte Sanninga. Korleis gjekk det? Det var berre Mikas ord som gjekk i oppfylling, for det var berre han som hadde himmelkontakt. På Karmel var profeten Elias saman med 850 vranglærarar. Kva skjedde? Herren stadfesta Elias sine ord med eld frå himmelen. Dei andre var ramma av Herrens dom. Carl Oluf Rosenius var premissleverandør og impulsgjevar for mykje av den kristentru som forma norsk kristenliv og gav grunnlag for dei bedehusorganisasjonane som me i dag har. Hans
grunnsyn, som samsvarar med Bibelen, kjem heilt på kollisjonkurs med det som
desse amerikanske profetane i dag forkynner. Han
understrekar at der det ikkje lenger er syndserkjenning, der er det søvnen og
den åndeleg død som rår. Når han omtalar kjenneteikna på den åndelege
søvn skriv han: «Synda tyngjer ikkje lenger, ingen
strid mellom ånd og kjøt, ingen frykt for fienden og ingen mistanke om seg
sjølv.». Difor er det nok meir naudsynt enn nokon gong å la bibelen si formaning få tale til våre hjarto: «Sjå til korleis de byggjer», og me treng å spørje kvarandre kor me hentar impulsar frå til vår forsamlingsbygging. Elles kan me ein dag få oppleve å få høyre frå den himmelske oppdragsgjevaren «Vik frå meg de som gjorde urett.» Mat 7:22 Desse hadde talt profetisk, drive ut vonde ånder og gjort mange kraftige gjerningar, men likevel vart dei utstengde – og verket brann opp. Måtte ikkje det skje med oss. |