|
Om me les Israels historie ser me at i fråfallstider vart Guds folk i særleg grad smitta av dei heidenske nabofolka. Det verkar som det ingen grenser var, og verst var kanskje tempelprostitusjon som kom frå den kanaaneiske Astartedyrkinga. Under øvstepresten Eli kan me lese om at dei «låg med» dei kvinnene som kom for å tene i Guds hus. 1 Sam 2:22 Historikarane meinar det var tempelprostitusjon ved tempelet i Jerusalem fram til år 500 f. Kr. Det er ei rystande forteljing om kor langt fråfallet kan gå, når hyrdane sviktar. David var mannen etter Guds hjarta. Han fall, men let seg
vekkje på ny og på ny. Då David skulle føre arken attende til Jerusalem brukte
han musikk han sjølv valde, og det gjekk gale. 1 Kr 13:8 og 15:13 jf. Amos 6:5
Neste gong lytta han til Herrens råd gjennom profetane Gad og Natan. 1 Kr 15:14
ff 2 Kr 29:25 Då gjekk det godt. Song og musikk Me fekk høyre: «Kvifor skal djevelen ha all den gode musikken?», sjølv om djevelen aldri har hatt noko godt å tilby Guds folk. Kva sa Herren i fordoms tid til sitt folk? «Lat meg sleppa dei larmande songane dine! Eg vil ikkje høyra på harpespelet ditt.» Amos 5:23 Utviklinga har gått svært raskt på dette området, og song og musikk har på mange vis vore ein plogspiss i verdsleggjeringa av Guds folk. Den musikk og den ånd som følgde opprørsmusikken som byrja å utvikle seg på 50-60 talet, har fått trengje seg inn mellom Guds folk. I dag er denne songen, musikken og rytmen godteken lagt inn i det som har vorte kalla det konservative kristenfolk. Det er få kristne som lenger stiller spørsmål om det kan vere rett for ein kristen å lytte til ein slik opprørsk musikk, sjølv om Herren seier: «Elska ikkje verda, heller ikkje dei ting som er i verda! Om nokon elskar verda, då er ikkje kjærleiken til Faderen i han.» 1Joh 2:15 Med denne musikken har så dansen kome, og utviklinga har gjort at også den er vorten «stoverein» i kristne samanhengar. Me kan lese om «kristne» konsertar som vert avslutta med dans, og sjølv innanfor den kristen friskulen er det mange som ikkje ser trongen for å søkje fritak for dansen så lenge ein er i i eit «trygt miljø». Men Skrifta seier enno: «Det kjøtet trår etter, er fiendskap mot Gud.» Rom 8:7
Ein kristen vart intervjua av ein verdsleg journalist, og i samtalens løp siterte han det forfattaren Sigurd Hoel sa om dansen: «Dans er en tillatt form for hor.» Den verdslege journalisten svarte og sa: «Ja, det var derfor eg gjekk på dans!» Verda ser ofte langt betre kva som skjer enn dei som vedkjenner seg kristennamnet. Kva sa Herren til sitt folk i farne tider ? «Skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at hugen dykkar vert oppattnya, så de kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne.» Rom 12:2 Det står om at den synd Eli sine søner gjorde for Herrens åsyn var overlag stor, for dei vanvørde Herrens offer. Det er det same som skjer også i dag når Guds folk forkastar Ordet og set underhandlinga i fokus. Då forkastar dei også Jesus Kristus sjølv, for han er eitt med Ordet. Djupast sett er det Guds offer som då vert ringakta akkurat som i fordoms tid. Det enda med tempelprostitusjon i Eli si tid. Når Jesus i Matt 5:28 seier: «Kvar den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, har alt drive hor med henne i hjarta sitt», då treng ein ikkje vere profet for å sjå at det same skjer i dag. Resultatet vert at me får «kristne» sambuarar. Det er ikkje lett når borna bryt med det som me som foreldre meinar er rett innanfor arbeidet i Guds rike. Men sviktar me å rettleia dei, då sviktar me både Herren og våre eigne born. Herren var klar i sin domstale til Eli: «Du ærar sønene dine meir enn meg.» Gjer eg som Eli?
Samuel sette ikkje ljoset under skjeppa, men han forkynte Herrens dom til eit fråfalle folk. I 1 Samuel 7 kan me lese om at det gjekk 20 år, «då sukka heile Israels hus etter Herren.» Då hadde Herren gjennom Ordet fått nå inn til hjarto slik at dei var mottakelege for hans vekkjande ord. Heile Israels historie vart snudd, og dei fekk stordomstida under David og Salomo – fordi det var ein som let seg vekkje. Kvar går vegen til vekking i dag? Den går den same veg som i fordum: «Dersom du vender om, så vil eg la deg koma attende og stå for åsynet mitt. Dersom du skil det edle frå det uedle, skal du vera som munnen min. Dei skal atter venda om til deg, men du skal ikkje venda om til dei.» Jer 15:19 Jeremias hadde vore ein gild og konservativ profet, men var på veg til å falle frå. Men han let seg vekkje, og vart igjen eit reiskap i Herrens hand. Han vart berga, men folket ville likevel ikkje lytta til hans røyst. Til slutt gjekk Herrens ord i oppfylling og det vart pest, svolt og sverd, og dei som overlevde vart førde som fangar til Babel. Men i Babel reiser Herren på ny opp ein som byrjar å be: «Me har synda og bore oss ille åt … Me høyrde ikkje på profetane dine… Min Gud, vend øyra ditt hit og høyr! Opna augo dine og sjå ruinane våre og byen som er nemnd med ditt namn! Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For byen din og folket ditt er kalla med ditt namn.» Dan 9 Vart Daniel sine ord høyrde i himmelen? Ja! Med det same
han byrja å bera fram sine audmjuke bøner vart dei høyrde, og han fekk eit
himmelsk svar – langt utover. Herren er den same i dag! Måtte me gjere som
Samuel og Daniel! |