|
Underteikna vil gjere seg til talsmann for tidlegare og noverande lesarar av Dagen/ DM, gjerne dei meir stille i landet, og vil takke Hove og Kleppa for all innsatsen dei har lagt ned i avisa. Med si innsikt har dei vore høgt skatta mellom kristenfolket. Dei har begge vore fredssæle stridsmenn for Bibel og vedkjenning og har inspirert mange både i kyrkje- og bedehusland til å stå fast på Ordet. Med sine grundige kommentarar og analysar har dei kunne gje kunnskap og innsikt i innfløkt stoff. Som sjefsredaktør har Hove sørgt for at avisa har stått for ei sunn teologisk vegleiing, prega av sterk bibeltruskap, og ei evangelisk kristendomsforståing som har vekt gjenkjenning og takksemd i store deler av kristenfolket. Til dette kjem dei oppdaterte og faglege analysane av utviklinga i Midt-Austen, og særleg om forholda i Israel, som ingen gjer han etter. Han har skaffa seg ein unik kompetanse på feltet. Johannes Kleppa har i teologisk orientering skilt seg lite frå Hove. Han har hatt ein kulturfagleg kompetanse som har nedfelt seg i tematiske artiklar supplert med opplysande kommentarar. Han har også levert grundige samfunnsanalysar, jf. gjennomgangen av partiprogramma før valet i 2009, ut frå ein kristen ståstad. I tillegg må me også peike på det tydelege friskuleengasjementet, kampen mot fosterdrapslova, og i dei seinare år, ein massiv mobilisering mot den nye samlivsetikken. Mykje av dette har Hove og Kleppa vore saman om. Folkeopplysningskallet til Dagen/DM om ”å kristne tanken” (A. Berg) har dei skjøtta på ein utmerka måte. Difor vil eg på vegne av mange, gjerne av dei tause og stille i landet, få takke dykk for innsatsen og truskapen i dykkar kallsgjerning, og me vil få ynskje dykk Guds rike velsigning over vegen vidare!
|