|
Menneskeskapte klimaendringar?
Då det fredag vart varsla mykje regn sette eg ei lita plastbøtte ut på terassen for å sjå kor mykje som kom i løpet av natta. Neste dag var bøtta langt frå full, men på botnen var det ein del rusk som ikkje var der kvelden før. Ut frå alle nyhenda dei siste dagane skjøna eg at rusket i bøtta var oske, frakta luftvegen frå vulkanen på Island. Oske som vert svevande høgt oppe i atmosfæren over lang tid vil hindra solstråling og gje kaldare klima. Dei små partiklane verkar òg slik at vassdampen kondenserer og gjev meir regn. Menneskeskapt klimaendring? Nei. Eg er ingen klimaekspert. Ein del av ”klimaprofetane” forkynner at berre me får kontroll på utsleppa av karbondioksid så skal me kunne hindre den globale oppvarminga og styre klimaet. I samband med dei skadelege gassane som tidlegare vart nytta i kjøleskap, rekna ein med at det tok fleire år frå gassen vart sleppt ut og til han hadde stige høgt nok opp i atmosfæren til å kunne påverke osonlaget. Kor mange år tek det før utsleppa av karbondioksid stig høgt nok til å påverke klimaet? Og kor stor prosent av dei samla karbondioksidutsleppa utgjer dei menneskeskapte? Leiarane i verda var for ikkje lenge sidan samla i København for å få i stand ei klimaavtale og redde verda frå global oppvarming. Resultatet av forhandlingane vart heller magert. Men det merkelege var at etter klimamøtet sette det inn ein kraftig kuldeperiode. Menneskeskapt klimaendring? Dei i København kunne i alle fall ikkje ta noko av æra. Karbondioksid er ein ting. Men kva med sola si verknad på klimaet? Sola er ein enorm varmeomn, heilt uunnverleg for klimaet og livet på jorda. Ein lysstråle som startar frå sola går med ein fart på 300.000 km per sekund i ca. 8 minutt før han treff jorda. Viss ”termostaten” på sola plutseleg vart justert nokre tusen grader ned, ville det berre vere snakk om minutt før det ville verke inn på klimaet på jorda. Under ei solformørking kan ein faktisk oppleve at det vert kaldare dei få minutta sola vert dekt til. Eg trur på ein allmektig skapar som òg har full kontroll både på klimaet og på ”termostaten” på sola. I Bibelen står det ein stad at ”Herren ler”. Eg trur han drog på smilebandet då han justerte ”termostaten” nokre hakk ned etter klimamøtet. Kanskje eit hint til Obama og dei andre om at det ikkje er dei åleine som styrer klimaet i verda? Då menneska vart skapte gav Gud dei i oppgåve å forvalte ressursane på jorda på best mogeleg måte. Det betyr at me òg skal ta klimaet på alvor, og gjere det me kan for å redusere skadelege utslepp i naturen. Men i dagens samfunn er det langt frå alle som reknar med ein allmektig Gud. Dei siste åra har kristendommen fått stadig mindre plass i skulane. Styresmaktene har innført lover som bryt med Guds ti bod. Det skjer ca. 14.000 fosterdrap kvart år. Ein har omdefinert ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne og kallar det ”ekteskap” når to av same kjønn ”giftar” seg. Ein skulle heller bruke ord som partnarskap, homoskap eller lespeskap. Noreg som nasjon er i ferd med å vende seg vekk frå Gud og frå hans ord i Bibelen. Kva skjer med eit land og eit folk som vender seg vekk frå Herren? Eg høyrde nett om to norske menn som skulle inngå homoskap. Dei skulle feire på Svalbard, men vart forhindra på grunn av at luftrommet var sperra på grunn av mykje fårleg oaske i luftrommet over Noreg. Den eine uttalte at han trudde det var første gongen at eit ”bryllaup” hadde vorte forhindra av ein vulkan. I Bibelen står det at Herren lèt det regne eld og svovel over Sodoma på grunn av at folket der levde i synd og hor og ikkje ville omvende seg. Eg påstår ikkje at oske frå Island er Guds straffedom over Noreg. Men ut frå Bibelen er det klart at kvart einskilt menneske og kvar nasjon er ansvarleg for sine handlingar. Som ein sår skal ein òg hauste. Farao i Egypt fekk òg oppleve ein god del før han til slutt bøygde av og let israelsfolket fare frå landet. Mykje i Bibelen kan være vanskeleg å skjøne. Men når det gjeld kallet til omvending og frelse ved trua på Jesus er Bibelen så klår at ”sjølv ikkje dåren” treng å ta feil av vegen. For Jesus er vegen. Kvar den som trur på han skal ikkje gå fortapt, men ha evig liv. (Joh. kap. 3 og kap.14.) I Bibelen (Matt.kap.24) står det at det skal verta aukande aktivitet av jordskjelv og store naturkatastrofar i den siste tida før Jesus kjem igjen. Det er gjeve som eit tegn på at tida nærmar seg. Men dagen eller timen veit ingen, sjølv ikkje englane. Men i dag er det mange som seier at dei ikkje trur på nokon Gud i det heile. Når Gud er avskriven, trur ein heller at det heile starta med ”big bang”, og at naturen og livet på jorda har uvikla seg over tid til det me ser i dag. Når eg ser ein flott bil, undersøkjer eg alltid kva for eit merke det er, dvs. kven som har laga han. Det at bilen skulle ha vorte til ved ein eksplosjon i ein bilfabrikk eller ei tilfeldig utvikling over lang tid er utenkjeleg. Nei, det står alltid ein sjefskonstruktør bak. Men mennesket, naturen, klimaet og sjølve livet er mykje meir komplisert enn den flottaste bilen. Kor sannsynleg er det at skaparverket skulle ha vorte til heilt av seg sjølv? Eg vågar påstanden at dei som trur på ”big bang” må ha ei ganske sterk tru. All erfaring viser at ein eksplosjon fører til kaos og øydelegging, og ikkje til å bygge opp noko nytt og noko betre. Bibelen fortel oss at det står ein intelligent designar bak, ein allmektig skapar. Eg vel å stole på Bibelen. Oske frå Island i bøtta på terassen - ei lita påminning om at ikkje alt i naturen rundt oss er menneskeskapt. Og at det viktigste her i livet er å ha si sak med Gud i orden og vere klar den dagen han kjem for å hente sine heim til himmelen. |