Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nya opp att ei stø ånd
Av Gunnar Soppeland, fritidsforkynnar, DagenMagazinet, 26.1.09, kronikk.

Ser ein tilbake på året som gjekk, er det mange hendingar og saker som peikar seg ut og som har fått stor offentleg merksemd. Ei opprekning vil føre for langt, men eg tenkjer her på saker som vedrører alle livsområde, verdsleg som åndeleg. Debattar om ulike åndelege syn og retningar vil nok halde fram, og dei politiske sakene som har vakt bekymring og engasjement, vil sikkert bli heftig drøfta før stortingsvalet til hausten.

Men sett under eitt er desse sakene symptom på at ei ustø ånd ligg attom og styrer det som skjer i mange ulike samanhengar. Ynskjer ein å snu trenden må sjølve ånda angripast, ikkje berre utslaga av henne.

Den ustø ånda har ein eigen magi som nører opp under den menneskelege trongen til fritt å kunne definere og bestemme mål og meining ut frå seg sjølv og sine «følte behov». Ho avskjer mennesket frå sitt eigentlege opphav, i motsetnad til den stø ånda som alltid vil nye opp att det opphavlege livsgrunnlaget i Skaparen.

Historia har mange døme på personar som fekk nya opp att ei stø ånd i forhold til si samtid. Dei vart også for ettertida ståande som urikkelege støtter. Åndshøvdingar kallast dei gjerne. Carl Fr. Wisløff er nyleg nemnd i ein slik samanheng. Slike trengs til alle tider, ikkje minst i våre dagar. Den ånda som Gud fløymde ut over desse kunngjorde alltid Bibelens ord. Når dette måtte vike frå læresete og talarstolar viste dei seg radikale og tok nødvendige konsekvensar av det.

Vi som kjenner historia om David, veit at han som ung gjetargut utmerka seg med ei stø ånd då han sigra over Goliat og fridde Israel frå skam og motløyse. Hans kjennskap til Herren, Allhærs Gud snudde ein situasjon som i lang tid hadde gjort Saul og folket motlause og redde.

Ustø politisk og religiøs situasjon
Den ustø ånda fokuserar på seg sjølv og er difor utan feste, mål og meining. Ho skin tydeleg gjennom på så mange område.

Politisk styrer ho samfunnsbygginga ut frå ei verdsleg livsforklaring tufta på fornufta og dei oppdagingane menneskeånda sjølv kjem fram til. Mennesket vert dermed redusert til ein materie som berre skal formast etter tilfeldige tankar og idear. Absolutt bibelsk sanning må haldast borte fordi denne gjer vold mot fornufta og dei naturlege samanhengane fornufta byggjer på.

På det religiøse området vil den ustø ånda nytte seg av og tru på mangt som har med Guds rike og det evige å gjere. Ho kan sjå fram til at Guds rike skal sigre over det vonde og vere ivrig i sitt eige engasjement for denne saka. Men hennar ambisjonar om makt, autoritet og verdsleg innverknad er tvers igjennom heidensk og Gud-fiendtleg. Ho er ustø og usikker i forhold til Skrifta fordi ho har eit uklart syn og kan ikkje skilje rett mellom fridom/trældom, lys/mørke, rett/urett, ånd/magi eller ånd og alkoholrus (Jfr. Todd Bentley skandalen).

Manglar det avgjerande punktet
Saka til den ustø ånda og Kristi sak er ikkje det same. Den ustø ånda manglar det avgjerande punktet som utgjer båre grunnlag og verkemåte for Guds rike. Ho tek Guds namn med på falske løysingar for å møte folks «følte behov» og gjere alle tilfredse.

Den ustø ånda ropar på samspel mellom ulike retningar og vil at kristne nå skal legge all ueinigheit til side og arbeide for felles framgong. Gud blir ein fellesnemnar av dei mange religiøse oppfatningane. Einskap med Gud vert det same som å likestille Gud og mennesket gjennom menneskets eigne tankar om han. Ein tvingar med dette Gud bort og utleverar han til menneskets øydeleggjande makt.


«Mennesket intet og Kristus alt»
På dette svarar den stø ånda nå som før: – Kva samfunn, kva samklang, kva einskap er det mellom rettferd/urett, ljos/mørke, truande/vantru eller Guds tempel og avgudar?

I møte med alle brot på Bibelens autoritet er den stø ånda radikal. Den som av nåde er utvalt og kalla av Kristus til å være hans disippel og venn, kan altså ikkje være utru og leve eit dobbeltliv. Her gjeld enten-eller. «Konservative» biskopar, eller andre som deltek i vigsling og samarbeid med homofililiberale biskopar eller prestar, seier her både-og. Er det ikkje lenger liberalt å bryte med pastoralbreva og Calmeyergatelina?

Den stø ånda kjennes på at ho overtyder om synd, dom og rettferd slik at det enkelte menneske får vite kor det faktisk står i forhold til æva. I tillegg gir denne overtydinga Anden høve til å fø mennesket på nytt og omplassere det slik at det får ein ny ståstad.

«Når mennesket er intet og Kristus alt, først da blir treet godt,» seier Hugo Odeberg. Dette er det avgjerande punktet alt står og fell med i tida framover. Skal den ustøe ånda fortsette å råde vil talet på gjenfødde kristne reduserast i alle samanhengar i takt med tildekkinga av desse bibelske realitetane.

Oppgjerstimen er inne
Det var ei ustø ånd som felte den stødige David. I oppgjerstimen bad han Gud nye opp att ei stø ånd inni seg og ikkje ta sin Heilage Ande frå han. Han måtte altså tilbake til gudsforholdet han stod i då han møtte Goliat.

Salme 32 viser at han fekk svar på ståande fot. Den stø ånda melde seg til teneste med det same ho fekk sleppe til, og dreiv den ustø ånda bort saman med alt ho hadde ført med seg.

Situasjonen som den ustø ånda har ført oss opp i, er like dramatisk for oss som den var for David. Og bøna om å ikkje bli fråteken den Heilage Ande er like aktuell.

Spørsmålet er berre om følgjene av eit radikalt oppgjer vert større enn det vi toler og vågar vere med på. Den stø ånda byggjer ikkje vidare på det den ustø ånda har snekra saman. Ho byggjer alt frå grunnen av.

Skrifta seier at Anden vert gjeven til dei som lyder han. Det vil seie at dersom vi ikkje vil lyde han i det han vil oss, viser oss, og vil drive oss til etter Ordet, gjer vi Anden sorg og driv han og med det redninga hans bort frå oss.

Her er det altså ikkje tilstanden vår som er største problemet. Sorga for Anden er at vi unnskyldar oss med våre eigne ord og falske namn på tilhøva og difor aldri kjem til oppgjer med dei.

Ynskjer vi ei stø ånd må vi og svare for om vi ynskjer fullt lys over synd, dom og rettferd. Først i våre eigne liv, deretter i dei livssamanhengane vi står i.

Eg er på ingen måte den rette til laste andre for stoda vi er i. Ved dette årsskiftet har Davids bøn også vore mi bøn. Eigne utfordringar både i nære og fjernare samanhengar ropar etter ei mykje støare og sterkare ånd enn det eg representerar. Men eg vil gjerne akte på stigen der foten min skal gå, og la alle mine vegar vere beine i det stykket som er att, slik Ordt.4:26 oppmodar til.

Gunnar Soppeland,
Årdal i Ryfylke

fritidsforkynnar

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker