Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Organisering må tena livet
Av Øyvind Samnøy, Fortun, Emmisær tilknyttet NLM og bonde, Saksa frå Syndspunkt i DagenMagazinet 27.1.09

Den norske kyrkja vert stadig meir liberal. Mange av medlemmane i dei kristlege organisasjonane finn det vanskeleg å vera medlem der meir. Det vert reist krav om nye kyrkjesamfunn. Spørsmålet vert korleis ein kan føra det frie lekmannsarbeidet på bedehusa vidare i denne tida. I den samanhengen vil eg gjerne koma med nokre synspunkt.

Først ville eg gjerne hella kaldt vatn i blodet på dei som synest situasjonen vert mykje enklare om ein melder seg ut. Då er ein liksom fri frå ansvaret og rein på hendene. Nei! Me har uansett eit ansvar for at våre medmenneske vert forførd. Herren kjem ikkje til å spørja etter kor me var innmeldte eller utmeldte. Spørsmålet vert meir om eg gjorde det eg kunne, om mitt eige forhold til hans Ord, om mitt eige forhold til mine medmenneske og medkristne. Det finst ingen som kan melda seg bort frå dette.

Det er berre ei kyrkje på jorda. Til den høyrer alle som er gjenfødde ved Guds Ånd. Det er den einaste måten det går an å verta innmeld på. Det finst og berre ein måte å verta utmeldt. Det skjer ved åndeleg død. Slik er det berre ei medlemsbok som verkeleg betyr noko; nemleg livsens bok hos Jesus. Denne kyrkja er åndeleg og såleis ein skjult storleik på denne jord. Som Jesus seier: «Mine sauer høyrer mi røyst.» Dette er den eine, rette kyrkja. Ho har sine klare kjenneteikn. Ho kjem til syne der Ordet vert rett forkynt og sakramenta rett forvalta. Det er det avgjerande punktet som alt står og fell med. Til dette høyrer og at ein kan driva forsvarleg og truverdig læretukt! (Viser til Ef. 4:4ff).

Kyrkjeordningsspørsmål er adiaforon. Korleis dette åndelege riket skal organiserast er i nokon grad ei fri sak. Men erfaringsmessig er det ofte slik at til mindre den åndelege krafta og sameininga er, til viktigare vert organiseringa. Det som ikkje Ordet og sakramenta kan greia, det skal ein i staden greia ved hjelp av organisering(?)!

Sjølvsagt treng me organisering. Me treng «stillas» til å stå på når Jesu Kristi kyrkja skal byggjast. Det trengst ei ordna teneste med ord og sakrament! Men denne organiseringa må vera tenar og hjelp for kyrkja, ikkje eit hinder.

NLM og ImF saman med mindre organisasjonar bør tenkja saman. Når ein frå bedehushald tek til ordet for ei eller anna form for organisering som kyrkjesamfunn, burde ein tenkja grundig gjennom saka for Guds ansikt. Ein kan ved ordingane koma til å splitta det som høyrer saman. Dei som tilnærma står saman både i kyrkje- og embetssyn og bibelsyn, bør lengst mulig einast om ei kyrkjerettsleg forsvarleg ordning. Så kan organisasjonane driva som før, etter sin eigenart, innanfor dette. Her bør vera plass for ulik måte å driva innanfor ei kyrkjerettsleg ordning.

Praktisk kan dette kanskje vera mulig med eit råd samansett av personar frå bedehusrørsla (frå NLM, ImF og mindre organisasjonar som står desse nær). Desse kunne saman sett på ei slik mogeleg «laus» organisering, som kunne vera ei felles løysing.

Ikkje splitt unødig! I alle høve bør ein vera svært forsiktig med å splitta bedehusflokkane. Det er ikkje ideelt at ein og same åndelege flokk på bedehuset skal delast opp i minst tre kyrkjesamfunn: Nokon i NLM si kyrkja, nokon i ImF si, nokon i andre (DELK), medan resten vert ståande tvilrådige attende i statskyrkja (enn så lenge). Her ligg til rette for kjøtleg kappestrid om medlemmar og sitt eige kyrkjesystem.

Dei som naturleg har sin heim på bedehusa og som ynskjer å vera bibeltru, bør kunna einast om eit «system» for dei som ikkje finn det mulig å verta ståande i Dnk. Føresetnaden for dette er at ein legg opp til ei romsleg organisering med eit avklara læregrunnlag (Bibelen forstått etter den lutherske vedkjenninga, avklara mot vår tid, ved til dømes ei klar avvising av kvinneleg hyrde- og presteteneste). Ein bør og ha ein minimumsformel for sakramentforvaltinga. Det må gjerast klart at det er nåden som vert gjeven i dåpen og i nattverden (Ordet og teiknet). Utover dette bør det vera stor fridom! Her bør det og finnast ei ordning for å forvalta gravferd.

Dette burde jo eigentleg vore klart for lenge sidan, men betre seint enn aldri. Faren er no at ein i hastverk for å få noko til, kjem til å øydeleggja, splitta og spilla unødige resursar på kvar sitt «stillas». Så får me be om at vekking og fornying ved Ordet og Ånden igjen må verta den eigentlege kyrkjevekst, og at me som har fått vår plass i dei frie lekmannsorganisasjonane, kan få vera ei klar og bibelsk røyst inn i folket vårt i denne tida.

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker