Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Sosialistregjeringa – ein trussel mot demokratiske rettar
Av Eivind Straumstein, Styreleiar, Kvam Kristne Skule, saksa frå Dagen-Magazinet 28.04.08


I Stortinget sin spørjetime onsdag, og på spørsmål om korleis kristne friskular kan praktisere undevisning i høve til framlegg til ny ekteskapslov, går barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt langt i å true kristne friskular og trussamfunn til å forkaste sitt eige trusfundament. Ho opplyser at dei kristne friskulane som ikkje underviser at homofil praksis er normalt og naturleg, kan miste statstilskotet!

Dette er ikkje overraskande utspel frå ei sosialistisk regjering som i stadig større grad opptrer totalitært, men det får dramatiske konsekvensar dersom trugsmålet vert realisert. For då er det ikkje lenger reelle demokratiske rettar og prinsipp som ligg til grunn for styresettet i Norge. Det er direkte misbruk av makt når regjeringa (ut)nyttar sin posisjon til å innsnevre eller totalt strupe vilkåra for utøving av sentrale rettar og prinsipp.

Til dømes er Noreg, gjennom internasjonale konvensjonar, forplikta på foreldreretten. Denne seier blant anna at det er foreldra som avgjer kva slags opplæring og oppseding borna deira skal få. Det er altså ein rett som gjev foreldra eksklusiv status når det gjeld borna si oppseding!

Kristne friskular er oppretta nettopp med tanke på å kunne hjelpe foreldra med å gje borna ei kristen oppseding, og opplæring basert på den kristne trua. Regjeringa er sjølv skuld i at det er meir naudsynt enn nokon gong å oppretta kristne friskular, ved at den kristne trua i stadig mindre grad får lov til å prega og koma til uttrykk i samfunnet vårt.

Det er naturlegvis umogeleg å driva ein kristen skule utan at verdigrunnlaget får koma til uttrykk på noko vis! Dette veit sjølvsagt regjeringa – og seier at det er «fritt fram» for å undervise ut frå skulen sitt eige verdigrunnlag. Men riset bak spegelen er at staten tek det økonomiske tilskotet frå skulen når utøvinga av skulen sitt verdigrunnlag kolliderer med den humanetiske og sosialistiske ideologi som i stadig større grad får prega ramme- og lovverk i samfunnet vårt.

Kor reell er sjansen til å utøve forelderetten i eit slikt høve? Det er sjølvsagt uråd å driva ein kristen friskule utan statlege tilskot. Regjeringa gjer det altså umogeleg å praktisere den nedfelte foreldreretten, fordi den ikkje legg til rettes for det reint økonomisk – tvert imot pulveriserer den foreldreretten med økonomi som effektivt maktmiddel!

I tillegg prøver regjeringa å tåkeleggje sin eigen sosialistiske og totalitære ideologi, ved å hevde at det ikkje er noko logikk i at staten skal gje økonomisk støtte til kristne friskular.

Kor lenge skal kristenfolket i Noreg finna seg i at sosialistregjeringa underslår skattepengane vi betaler inn til fellesskapet, og ikkje let dei koma oss til gode i same grad som for andre samfunnsborgarar? For naturlegvis er det våre eigne skattepengar som vert fråtekne dei kristne friskulane dersom Huitfeld & co gjer alvor av trusselen sin! Allereie i dag er kristne friskular økonomisk diskriminert i høve til den offentlege skulen.

Som regjeringa sin representant strupar altså Huitfeldt pengesekken til friskulane, og set dermed foreldreretten til side, ein rett Noreg er forplikta på gjennom internasjonale konvensjonar. Med andre ord truar Huitfeld eit stort antal mødre og fedre i dette landet, med at deira eigne born ikkje skal få vita kva som er rett og galt – ut frå eiga overtyding. Det rokkar ˜g ved trusfridomen og bryt dermed fundamentalt med ytterlegare ei demokratisk bærebjelke som heile den siviliserte verda er tufta på.

Lovverket vårt skal naturlegvis sikre den enkelte samfunnsborgar rettigheiter, men ˜g fortelje oss at vi har plikter eller lover vi må forhalde oss til for at samfunnet skal fungere. I Noreg har lovverket vore sterkt knytt til sentrale element som menneskerettar, ytringsfridom og trusfridom.

I same spørjetime som vedkjem spørsmålet om statstilskotet for kristne friskular, seier Huitfeldt at «vi har lover i Norge og holdninger som skolen skal formidle». Kva legg ho, som regjeringa sin representant, i dette? Tyder det til dømes ˜g at lærarar i den offentlege skulen i til dømes opplæring innanfor samlivslære, skal kunne miste jobben og til og med verta dømt til straff ved å halde fram eit tradisjonelt kristent verdisyn om dette emnet?

Det er tragisk at det er vorte aktuelt å stille slike spørsmål i dag. Særleg når det på den andre sida er fritt fram for formidling av alle former for avvik og abnormitetar. Foreldre som ønskjer ei kristen oppseding av sine born, står tydelegvis i vegen for regjeringa sin ideologi, og mister derfor gradvis rettar samanlikna med andre samfunnsborgarar.

Regjeringa er fullt klar over at det er borna som er nøkkelen til utforming av det framtidige samfunnet – på same måte som tidlegare nestformann i Arbeiderpartiet, Edvard Bull. Han har skrive: «Vi skal gjøre skolen verdslig ... barna skal gjøres til sosialister og det er lærerne som skal gjøre dem til det» og sist men ikke minst: «vi vil bort fra den usunne moral som barna lærer gjennom religonsundervisningen»!

Gufset frå fortida er ikkje mindre klam i dag....

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker