|
Stortinget fører dom over det norske
folk
josafat.no, 09.06.08
Om det ikkje skjer eit under frå himmelen, vil me
onsdag 11. juni oppleve at Stortinget vedtek ei lov som fører dom over det
norske folk. Me vil difor understreke det Jan Bygstad m.a. sa då han talte på 1.
mai møtet på Jæren denne våren: «PÅ KNE VENNER!»
Det som no skjer er ein katastrofe for vårt land og folk, og det undrar oss at
stortingsrepresentantar ikkje har ynskje eller vilje til å utgreie ei så viktige
sak, men let seg styre av små pressgrupper til å vedta ei så omfattande sak på
rekordtid. Dette er misbruk av makt!
Vreiden som resultat
Les me vår Bibel ser me korleis Herren i fordoms
tid tala, men også korleis folket ikkje ville høyre. Dei ville leve i synda. Dei
ville forsvare synda. På mange vis har tida før fangenskapet i Babel mange
parallellar til vår tid og vårt folk.
Då la ikkje Herren skjul på kva
han ville gjere: «Eg vil sjølv strida mot dykk med utrekt hand og med sterk
arm og med vreide og harme…» (Jer 21:15). Kva innebar dommen for folket?
Pest, sverd og svolt, og dei som overlevde dette skulle førast som fangar til
Babel. Gjekk Herrens ord i oppfylling? Til minste detalj! Dei fekk erfare at
Guds vreide fysisk ramma folk og land som eit resultat av fråfallet når dei
forkasta hans livslover.
For den truande er det ein
smerte når ein ser på situasjonen i folket, for han veit at det er ei livslov
som seier: «Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår,
det skal han òg hausta» (Gal 6:7). Gud er heilag! Gud let seg ikkje spotta!
Det gjeld for enkeltpersonar, men også for land og folk!
Herren greip inn
Den 9. april 1940 skulle Stortinget stemme over om
landet vårt skulle fjerne straffelovregelen gjeldande abortus provocatus
(provosert abort) i straffelova. Men me veit at denne natta segla tyske
krigsskip inn i norske fjordar, og me fekk oppleve mange tunge og vanskelege år.
Mange var dei som opplevde krigen som Guds vreide, som ramma folk og land for
vårt fråfall frå Herren.
Gjennom krigen opplevde det
norske folk at Guds hand låg tungt på oss. Kva skjedde? Guds folk kom på kne,
dei vart hjelpelause. Så ropa dei til Herren i si naud, og Herren svara på
forunderleg vis. Gud vann siger, ikkje berre i krigen, men også gjennom rike
vekkingstider i folket vårt.
Fem år seinare kunne me stemme
i med Bjørnson:
Norske mann i hus og
hytte, takk din store Gud!
Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut.
Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett,
har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett.
Kva ligg framom?
Den som les sin Bibel ser at når Guds vreidesmål var nådd, då ramma Guds vreide
folk og nasjonar. Difor er det med otte ein tenkjer på kva som ligg framom for
vårt kjære Noreg, for ein er redd for at det ikkje lenger er spørsmål om
Guds dom fysisk rammar vårt folk og land – men når det skjer.
Måtte Guds ord få drive oss på kne til erkjenning
av vårt fråfall. For Herren er den same som på Jeremia si tid og seier: «Kan
henda Judas hus vil merka seg all den ulukka eg har tenkt å senda dei, så dei
kan venda om, kvar frå sin vonde veg, og eg kan tilgje dei misgjerninga og synda
deira» (Jer 36:3).
|