|
Prøv åndene!
”Mine kjære! Tru ikkje kvar ei
ånd, men prøv åndene om dei er av Gud!” skreiv Johannes i sitt hyrdebrev.
(1.Joh.4:1) Falske profetar gjorde den åndelege tidssituasjonen uklår og
farefull. Apostelen sine ord er lynande kl Slik rettleiing får ein lite av i dag. Skrifta sine formaningar vert ikkje påakta. Det er i seg sjølv eit teikn på villfaring, og utviklinga dei siste 50 åra viser det same: Gjennom ein kombinasjon av uklår lære, ekstrem musikk og ekstremt fokus åndsoppleving, har villfaringsånda teke seg til rette innan mest alle forsamlingar utan nemneverdig motstand. Vara dykk for dei falske profetane! sa Jesus, dei kjem til dykk i saueham... ”Herre, Herre! Har vi ikkje profetert i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange kraftige gjerningar i ditt namn?” svarar desse den dagen dei vert avslørte. (Matt 7:15f) Dynamikken i forføringa deira ser ut til å vere ei overåndeleg utrustning og ein ”profetisk inspirasjon” som utrettar mirakel i Jesu namn. Dei brukar altså Jesu namn som kraftkjelde og hjelp til å gjennomføre menneskelege og religiøse ønskje og behov. Med ein slik kristeleg profil er det ikkje rart at Jesus sa dei skulle forføra mange.
2. juni skriv DM om Lakeland:
”Når Todd entrer podiet stoppes musikken et øyeblikk. Han begynner i «høygir»
og gir alt fra første stund. – Jeg kjenner at den Hellige Ånd fyller atmosfæren.
La frihet herske i denne salen. Glory, glory glory.... Fiende hør oss! Du er
overvunnet i dag! Altfor lenge har vi hatt den rette teologien og den gale
ånden. Beveg deg i den Hellige Ånd! – Jeg har vært mye full i Den Hellige Ånd i
det siste! La det boble opp, boble, boble...Ah, ah, ah, ah, ahhhhhh....Dette er
dagen hvor vi drikker av Den Hellige Ånd. Ha, ha, ha, ha, ha....Jeg føler det
herlig! Bentley ser inn i TV-kamraet og sier: -Du lurer på hva denne predikanten
gjør i kveld. Han drikker! Vil du ikke ha en slurk du også? Bentley smiler
bredt. – Jeg vil bare ha Jesus, roper han. – Jeg bryr meg ikke om hva folk sier!
Folk blir frelst, helbredet og vil ha Jesus. Forsamlingen roper «Jesus, Jesus,
Jesus....», og Bentley roper ut at de fordømmer hver eneste religiøse ånd i
rommet. (…)– Gi oss mere bam, bam, bam! roper Bentley. Forsamlingen skjønner at
han mener helbredelser. ” Religiøse ånder
Todd Bentley gjer altså stort
nummer av kor fylt han er av Anden, og korleis han kan fordømme ”hver eneste
religiøs ånd i rommet”. ”Alt for lenge har vi hatt
den rette teologien og den gale ånden”, seier han.
Og vips: ” – Sjika bumba!! Jeg kommer
til å bokse den religiøse ånden midt mellom øya. Bang! Bang!” Dette er altså
hans måte å prøve åndene på.
Samstundes kan ein på nettsidene Jeg tror Emma friga en finansiell og profetisk salvelse på det stedet. Det var den første engelen som jeg har sett i form av en kvinne. Noen engler jeg har sett så ut til å være verken mannlige eller kvinnelige. Emma derimot fremstod som en kvinne som var som en Deborah, som en mor i Zion. Da hun kom, begynte hun å veilede, nære og åpnet opp en profetisk kilde. Folket i kirken begynte å ha transer og visjoner, og pastoren begynte å få kunnskapsord og komme inn i helbredelsestjeneste.”
Lakeland og Oase 21.juni skriv DM om oaseleiaren sitt andre besøk i Lakeland. Han kjem heim att med ”sterkere gudslengsel”. Denne gongen har han hatt med seg leiinga i Oase, og til saman nærare 30 nordmenn var med på turen. Etter heimkomsten besøkte Ekerhovd Oslo Vineyard, ”og opplevde en påtakelig gudslengsel som han også har fått beskrevet fra et tilsvarende møte i IMI-kirken hvor en annen av Lakeland-pilegrimene kom fra.” - Full i Den Hellig Ånd ala Todd Bentley: Er dette svaret på deira lengt etter Gud, kan ein undrast.
Svar på lengt etter Gud Spørsmålet etter Gud og lengt etter Gud har Skaparen lagt ned i alle menneske. Ulukka er berre at så få bryr seg om Guds svar på dette alvorlegaste av alle spørsmål. I staden jagar folk etter andre svar. Og desse andre svara viser at mennesket ut frå seg sjølv ikkje søkjer den sanne Gud, men ein avgud. Nærare bestemt han som lova Adam og Eva at dei skulle bli som Gud, men som med dette svaret fjerna dei frå Gud. Syndefallet innebar at både lekam, sjel, vilje, fornuft og tanke vart rangsnudd. Ikkje berre slik at synd og openlys trass imot Gud fører mennesket bort frå Gud, men og slik at menneskets religiøse søking fører bort frå han. Sjå berre korleis folk flest lyttar og viser interesse så lenge forkynninga kjem dei i møte og tolkar spørsmåla, tomromma og lengslane i deira eigne bryst. ”Søkjarvenlege møte” kan difor trekkje mykje folk, - særleg når religiøst nysgjerrige og eksperimenterande menneske får delta i latter og lovsong til musikk dei kjenner seg heime i. Men møter dei svaret, - det gamle svaret om synd, dom og rettferd, vert dei fleste avvisande og fortørna.
Uklår
lære skaper tvil og rådløyse Sanninga har oftast sin farlegaste fiende i den uklåre avstumpa kristendommen som m.a. byggjer på eit vedlegg som heiter oppleving. Her er Jesu namn berre eit middel brukt for å nå dei måla som den medfødde religiøsiteten søkjer og lengtar etter å nå. Det kan vere salving i ånda, falling i ånda, synging og dansing i ånda, lækjedom og mykje anna. Men Jesus er ikkje å finne i nokon avstumpa ekstatisk kristendom. Avstumpa sanning er inga sanning sjølv om Jesus namn vert brukt aldri så mykje. Difor møter ein heller ikkje Sanningsanden der. Men det religiøse mennesket let seg lett lure når villfaringsanden veivar fram og tilbake over forsamlingar slik at folk fell, ristar, brølar og kakklar. Ja den kan til å med skape kjensle av herleg glede og fridom som liknar det sanne kristne kan erfare. Difor er villfaringa ofte vanskeleg å avsløre som vranglære fordi den har så mykje i seg som for menneskeauga ser åndeleg ut. På utsida glimrar den med framgong og rikdom, - har overflod og manglar ingen ting! Medan sann kristendom ofte kan sjå ut til å mangle alt, fordi alt den har er i Skrifta, nåden og trua åleine.
|