Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Opp ned – kristendom og mennesketankar
Av Gunnar Soppeland, kronikk i Dagen Magazinet, 250208

Eit særmerke med kristendommen er at han vender opp ned på mange menneskelege tankebilete og omgrep så dei vert uskjønlege for det vesle vitet. Menneskeleg stordom og velmakt har gjennom tida vakse i takt med kunnskap og utvikling. Slektledd etter slektledd har innreia tilværet med kulissar som har avspegla tankebileta deira.

Når så desse tankebileta vert gjennomlyste av kristendomen, vert stordommen som mennesket innbillar seg at det har, og stordommen som det faktisk har i følgje kristendommen, diametrale motsetnader. Ser ein etter, uttalar Guds ord seg nedsetjande og fordømmande om det som mennesket i sin visdom opphøgjer: Vinning vert til tap, og tap til vinning.
 

Omvending
Skal mennesket få auga på sin faktiske stordom må det omvendast. Snus opp ned. Omvending er eit nøkkelord i kristendommen, og framhevar kontrasten mellom kristendom og verdslegdom. I omvendinga kallar og vender Gud mennesket til seg. Det skjer ved minst to store under: Det eine er at visdommen hos dei vise vert tynt, og vitet hos dei vituge gjort til inkje. Falske kulissar rullast saman og Gud syner fram det nakne ugudelege mennesket som eit hjelpelaust rov i syndas faste grep. Dette er ei angstfull framsyning som fører til ei angstfull erkjenning.

Det andre underet er at Gud som svar på denne angstfulle tilstanden openberrar ein ny stordom i Kristus! Når Gud i sin visdom slepp til, skjer alt det som denne visdommen frå opphavet har openberra og forkynt: At Kristus, av vantrua rekna for noko dåraktig og støytande, er vorte visdom frå Gud, rettferd, helging og utløysing for den som trur. Alle skattar av visdom og kunnskap, for både tid og æve, vert i Kristus tilrekna syndige menneske ufortent av nåde ved tru.
 

Åndeleg snuoperasjon
Omvendinga er altså ein total åndeleg snuoperasjon i sjelas djupaste grunn. Den omvende vert sett i eit «ufornuftig» forhold til det «fornuftige». Strev etter vinning, som stordom, velmakt og innverknad, eller det å kunne innreie seg glupt i denne verda etter verdas vis, vert etter omvendinga ufornuftig og fåfengt. - Trua har sin eigen forstand som forstanden ikkje forstår, er det sagt.

Den diametrale motsetnaden mellom Guds og verdas visdom er skildra gjennom heile Bibelen. I GT toppar ein demonisk visdom seg med argument som lokkar heile menneskeætta ut or Guds visdoms lys og inn under eit mørke som gjer mennesket totalt framandt for Gud. (Efes.4.18)

I NT toppar Guds visdom seg i dimensjonar som går langt ut over det denne verda nokosinne har sett. Etter fleire harde konfrontasjonar møttes verdas visdom og Guds visdom til ein avgjerande kamp på ein kross. Her skulle det endeleg avdekkast kva verdas visdom dugde til. Under full mobilisering av menneske, makter og herredøme skulle Guds visdom og Guds namn for alltid krossfestas til skam og vannære. Og idet dette såg ut til å lukkast, vart resultatet fullstendig mislukka. Vinninga vart til tap og tapet til vinning. Påskemorgonen snudde opp ned på alt: Guds visdom strålte fram, og verdas visdom låg att avvæpna og nedkjempa i Jesu død og grav. Sidan har krossen hans blitt ståande i verdas historie som eit uutsletteleg sigersmerke.

Vi anar litt av realiteten i dette i 1.Kor.1:17-21. Paulus seier der at han vart utsendt av Kristus for å forkynna evangeliet; «og det ikkje med vise ord, så ikkje Kristi kross skulle tapa si kraft (...) For då verda ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa den som trur, ved dårskapen i forkynninga.»

Her vrakar Gud sjølv visdommen i verda, og innfører eit heilt nytt sett med førestillingar og omgrep som for jødane var avstyggjelege og som for heidningane var reine dårskapen! Krossen snudde altså opp ned på kva visdom eigentleg er.

Sidan har evangeliet alltid vore avstyggjeleg og støytande for den verdslege visdommen. Difor har kristne fått verda imot seg, lide naud, levd under store trengsler og tolt hard medfart. Skrifta sine sterkaste løfte er retta til kristne som for evangeliets skuld vert drepne heile dagen, og som vart rekna som slaktesauer! (Rom.8:36)
 

Kjem omvendinga til syne i dag?
Dersom omvendinga er ein åndeleg snuoperasjon, og krossen trugar verdas visdom og det oppblåste mennesket, korleis kjem så dette til syne i dag? Jesus forkynte klårt at utan ein ny fødsel kan ingen sjå eller skjøne Guds rike, og utan omvending kjem ingen inn i himmelriket.

Året som gjekk viser korleis mykje av det som evangeliet tidlegare har bygt opp i folket vårt nå vert rive ned. Jeremias si skildring av fråfallet i Israel passar vår situasjon i sørgjeleg stor grad: Landets farligaste fiendar var dei politiske og åndelige leiarane. Her i landet vert nå kristendommen behandla på line med vonde og skadelege saker. Og etter kvart som lovverket, kulturen, skulen, statskyrkja og resten av kristenfolket avkristnast, skriv folk under eine protestlista etter den andre, for slik å stogge dei verste utslaga.

Det som ikkje kjem fram er at dagens kristne sjølv er rivne med i fråfallet og er medskuldige i dette. Saltet har mista si kraft!

«Tomt og duglaust var det som profetane såg for deg. Dei openberra ikkje misgjerninga di, så du slapp å fare i fangenskap (Babylon), men dei forkynte deg fåfengde og forførande spådomar,» heiter det i Klagesongane. Det kan og seiast om vår situasjon.

Vi høyrer i dag mykje om kyrkjevekst, men lite om omvending. Omvending har som nemnt med openberring av både synd og nåde å gjere. Kristendom utan omvending er og blir eit babelsk fangenskap same kva ein elles trur, utrettar og opplever. Skrifta viser at endetidas fråfall skal ende slik. Når «profetane» ber fram (relevante) syner frå sitt eige hjarta, og ikkje ord frå Herrens munn (Jer. 23), openberrar synda seg midt i «presteskap» og forsamling utan at folket reagerar og vender om frå vondskapen sin.
 

Rasjonalisme
Rasjonell og liberal kristendomsforståing har tradisjonelt sett stått langt frå radikal bibeltru kristendom. I seinare år har dette endra seg. Grunnen er at rasjonell pragmatisk tenking frå reformert hald har fortrengt klassisk luthersk og roseniansk lære. Ei veik syndeforståing har gjeve tilsvarande sterk tillit til menneskets eigen evne i gudsforholdet. Utfordringa for dei vert å få menneske til å velje trua, og velje å leve rett. Dette skjer ikkje ved å preike objektive frelsessanningar om synd og nåde, men ved ei meir "relevant" preiking som appellerer til den enkelte, og ikkje minst til kjenslene og dei trivielle problema folk slit med.

Tanken om at tru og vekking er Guds sak, er bytta ut med den tanke at vekking og gjenføding kjem på naturleg vis - dersom ein berre brukar rette verkemidla. Ein byggjer altså omvendinga på kva menneske gjer under ytre sjeleleg påverknad, og ikkje på støytesteinen; ordet om krossen som er Guds kraft til frelse.

Dersom Dagen 27.08.07 refererar rett frå eit seminar om trosformidling ved Mediehøgskolen i Kristiansand, er dette eit døme på korleis pragmatisk tenking artar seg. Reportasjen viser til grunnleggaren av Damaris, Nick Pollard, som «tror årsaken til at kristne verdier ikke er interessante og fengende i samtidskulturen, er fordi kristendommen blir framstilt feil».

Slik eg tolkar dette skulle altså kristendomen kunne interessere og fenge samtida om han berre vart framstilt rett. – Tenk om apostlane, profetane og alle martyrane kunne brukt denne kunnskapen i trosformidlinga si! Skal Pollard tas på alvor, må alle desse ha framstilt kristendommen feil.

«Likesom himmelen er høgare enn jorda, slik er mine vegar høgare enn dykkar vegar, og mine tankar høgare enn dykkar tankar,» seier Herren ved Jesaja (Kp.55). Det er altså ikkje slik at det som ser vist og effektivt ut i våre augo er ei vidareføring av Guds mål og planar. Herren set det låge høgt, og det høge lågt. «Eg vil snu opp ned, opp ned, opp ned på det som er,» var bodskapen gjennom Esekiel (Kp.21). Ei slik tredobbel omvending treng vi også i dag: Først til Guds Visdom, så til liv og deretter til teneste.


 
Gå til artikkelsamling av Soppeland

 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker