|
Korleis sigre i åndskampen? Det har vore referat i kristne aviser, blad og på internett. Det er vist bilete av røykfylte scenar, kjende artistar i fargesprakande lys, store mengder av ungdom i meir eller mindre ekstase framfor scenen. Det vert gjerne understreka at forkynninga er bra, at ein ynskjer å vere konservativ i innhald og open i form, at tekstene er det viktigaste osv. Det verkar som hensikta helgar alle dei midlar som vert nytta, og det ser ikkje lenger ut for at det er grenser for kva som kan nyttast i Guds rike. Det vert klappa frå salen til vitnesbyrd både i tale og song, og menneske vert æra. Guds hus vert fylt med underhaldning, og Guds folk let seg underhalde. For ei tid sidan sat eg i ei kyrke der det over
alterpartiet var malt: «Hellighet i Guds hus er den rette prydelse.» (Salme
93.5) Slik taler Bibelen, og eg tenkte på kontrasten til åndssituasjon i dag. I 1. Samuelsbok les me om ein som vart innhenta av
fråfallet, øvstepresten Eli. Han var hyrde mellom Guds folk, men han svikta.
Sønene hans gjekk frem på ein vanheilag måte i Guds hus. Det står at den synd
som dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn var svært stor. (1Sam 2:17) På
mange vis er Eli prega av ein kristen snillisme, utan bibelsk oppgjer. Det som skulle være sentrum i Guds hus, hadde vorte trakka under menneskeføter. Det heilage vart ringakta av Herren sine tenarar, og dei forførde folket. Eli svikta i oppgjeret, og han æra den oppveksande slekt meir enn Herren. Det var dei som fekk styre og leie, og Herren og hans ord vart stille sett til side. Kva skjer i dag? Me opplever på mange vis akkurat det same. Det som skulle vere sentrum i Guds hus – eit møte med Den Hellige Gud i Ordet, blir ringakta og trakka under fot. I staden for tilbeding av Herren, vert menneske tilbedt og æra. Guds folk vert underhaldne. Målet vert ikkje eit møte med Gud, men at folket trivest og at mange vert samla. – Kvifor trakkar de mitt offer under føtene dykkar? Slik
spurte Herren, og slik spør han også Guds folk i dag. Djupast sett er det Guds
offer på Golgata – Kristus, som vert ringakta, når Ordet vert fortrengt og
mennesket vert sett i sentrum i Guds hus. Guds ark blir henta. Ordet(lovtavlene) frå Herren ville dei ha med. No var alt på plass! Mange var samla! No skulle dei sigre! Folket jubla! Gud var med dei!(4:5) Men kva skjer? Guds folk taper på alle frontar, og Guds ark blir teken av fienden. Herren let seg ikkje bedra i dag heller av store menneskemengder og dei høge jubelrop. Når Skrifta(Arken) berre vert eit alibi, og menneska unndreg seg eit møte med Den Hellige Gud som ikkje kan sameinast med synd – då vert konsekvensane dei same. Ein vinn ingen åndelege sigrar. Guds folk taper i åndskampen. Då bodskapen frå slagmarka kom til Eli om at begge sønene hans var drepne, fall Eli baklengs ned frå stolen sin og braut nakkebeinet og døydde. Herrens dom gjekk i oppfylling til minste detalj. Då hyrdingen svikta fekk det katastrofale følgjer. Dommen ramma både han sjølv, hans eigen familie og heile Guds folk. Når hyrdingane sviktar, får fråfallet så store følgjer på kort tid, og mange vert dregne med. Synda hadde fått rom mellom Guds folk, og Herren kunne ikkje gå på akkord med den. Men fråfallet vart ikkje openberra før åndskampen tiltok, og fienden sigra på alle frontar. Dei siste årene har me som kristenfolk tapt slag etter slag i åndskampen. Nokre mellom Guds folk spør også i dag: – Kvifor taper kristenfolket gong på gong i åndskampen? Andre spør: – Svarer ikkje Herren på bøn? Det er ikkje noko nytt under sola, seier Skrifta. «Men alt
dette hende dei som førebilete, og det er skrive til formaning for oss, som dei
siste tider er komne til.» 1 Kor 10:11 Men Herrens tale var klar: «Det finst bannlyst gods hjå deg, Israel! Du kan ikkje stå deg mot fiendane dine før de skil dykk heilt av med det bannlyste.» Det var bann i leiren! Ein person hadde teke av det bannlyste godset hjå fienden. Så kan ein spørje kor mykje bannlyst gods frå fienden som er innført mellom Guds folk i dag. Resultatet av dette fråfallet vart synleg for alle, sjølv om det hadde skjedde i det skjulte. Gud kunne ikkje sameinast med synda, sjølv om hyrdingane låg på sine kne og ropa til Herren. Men her gjekk hyrdingen inn i oppgjer. Josva erkjende synd
som synd. Det vart omvending og oppgjer med synda. Kva skjedde då? Igjen sigra
Guds folk i åndskampen, og Ai vart tatt. Igjen kjempa Herren for Josva og
folket! Han meinte å kjempe for Herren si ære, men han svikta i det å skilje det edle frå det uedle, sjølv om han tidlegare hadde vore ein sann Herrens tener. Men Herren vekte denne hyrde, og han let seg vekkje. Denne vekkingsvegen kan ikkje veljast som ein av mange,
det er den einaste vegen for den hyrde som ynskjer å være ein sann hyrde.
Jeremia vart igjen ei vekkingsrøyst i folket. Der dette skjer vil me også kunne erfare den lærdom som
Skrifta igjen og igjen understrekar for eksempel i salme 107: «Då ropa dei til
Herren i si naud, or trengslene deira fridde han dei.» For Herren har enno all
makt i himmel og på jord, og ingenting er for vanskelig for ham! |