|
Korleis arbeider Herren? Det katastrofale hadde skjedd. Han som dei hadde satsa livet på, han som dei trudde skulle forløysa landet deira frå fienden - var død. Framfor augo deira hadde han vorte dømd til døden, og krossfest på brutalt og forferdeleg vis. Det var heilt ufatteleg. Han hadde berre gjort godt. Han hadde lægt dei sjuke. Han hadde gjort døde levande. Han hadde gjort blinde sjåande - og så hadde dei lagt han for hat og teke livet av han. Det var som dei ikkje kunne fatte at menneske kunne handle slik. Han var som eit lam, og let seg hudflette, tornekrone og nagla til krossen. Desse 3 åra dei hadde vore saman med han, hadde dei opplevd mange forunderlege ting. Men no var alle deira planar og tankar falle til jorda. Palmesundag såg alt så lyst ut, men i løpet av nokre dagar vart alt snudd på hovudet. Han som skulle berge dei frå fienden, vart spikra fast til krossen. Det hadde vore underleg å møte Jesus att den kvelden i Jerusalem – levande, han som var død. Men no hadde alt vorte så håplaust igjen. Følelsane var heilt borte, og vantru hadde grepe hjarto. Kor gjekk vegen vidare? Kva skulle dei gjere no, når Jesus ikkje var der? Det såg ut som om Guds rike tapte på alle frontar. Var han likevel ikkje Messias? Den siste tida hadde tvilen gjesta dei alle. Det såg ut for at all von slokna. Den impulsive Peter hadde allereie teke avgjerda. Han hadde bestemd seg for å gå attende til sitt gamle yrke som fiskar, og dei vart alle gripne av mismotet. (John 21) På morgonkvisten sat dei i båten etter ei lang natt, og garna var svarte. Alt gjekk imot dei for tida. Ingenting hadde vore slik dei trudde det skulle verte. Menneskeleg sett såg det håplaust ut. Det vart ikkje oppretta noko Guds rike med Jesus, og no
lukkast det heler ikkje for dei i deira jordiske yrke. Folk måtte vel undre seg
over korleis det gjekk med dei. Kva skulle dei no finne på? Guds rike er annleis Har du opplevd noko liknande? Motløysa grip ditt hjarta, angsten herjar fritt. Det verkar som Herren ikkje høyrer når du ber. Du finn inga løysing på det du strevar med. Du opplever at Bibelen er ei stengd bok. Du ser ikkje kor vegen vidare skal gå. Likevel har Herren har ein veg for deg, og hugs Jesus ord: «Mitt rike er ikkje av denne verda.» (Joh 18:36) I Guds usynlege rike, er det andre lover som gjeld. I dette rike vert det største nederlag, til den største siger. Den som ikkje har lært Herren å kjenne, kan ikkje forstå at motgang, hjelpeløyse, fortviling osv. også kan vere noko som Herren kan bruke til velsigning. Sjølv den som har levd mange år med Gud, har lett for å gløyme dette. Korleis arbeider Herren? Når han skal frelse eit menneske, gjer han det fortapt. Når han skal gjere nokon brukbar i sitt rike, då gjer han dei ubrukbare. Det er stikk imot den menneskelege fornuft, og det er berre i lys av Skrifta at ein kan forstå at det er slik. For Bibelen seier at Guds tankar er som himmelen over jord – så framande og uendeleg mykje høgare enn våre tankar.
Kva skjer når menneske kjem til den konklusjon at det som ligg framom er menneskeleg sett umogleg å løyse? Då fyrst byrjar menneske å spørje etter Guds tankar som er så mykje høgare. Fyrst då ropar menneske til Gud. Men når det dryger, tenkjer ein gjerne at Jesus kjem nok, men han kjem for seint. Hugs då at Jesus har enno aldri kome for seint til noko menneske eller i nokon situasjon(2 Kor 6:2), sjølv om mange menneske har kome evig for seint til Herren – dei søkte alt anna fyrst. I teksten her står det: «Då» stod Jesus på stranda. Akkurat på det rette tidspunkt dukka Jesus opp. Mathias Orheim skriv frå sine båterfaringar og seier: «Når
vekkinga stilna, og folket det fór, og få er her att som vil høyra Guds ord, når
sysken kan sovna, og verda ho ler, kor kan eg åleine stå vakande her?», men …
«DÅ høyrer i stormen eg Frelsarens ord, det var som han sov, men han er då
ombord. Skal båten min søkkja, må han følgja med.» Har de fisk? Har du hatt det slik nokon gong? Då skal du vite, at det er slik Herren fører sine til siger i denne verda. Den som ropar til Herren i si naud, vil erfare at Herren svarar(Salme 50:15) Visst er det ikkje alltid ein kan forstå Gud med den menneskelege tanke. Likevel vil den som ropar til Herren få erfare igjen og igjen korleis Gud arbeidet gjennom det som ser ut som menneskeleg nederlag – frå død til liv. Det naturlege menneske fattar det ikkje, det er berre trua som forstår det.(2 Kor 5:7) Då Jesus spør om dei har fått fisk, treffer han det ømme
punkt i den situasjonen dei no er i. Jesus treffer alltid det ømme punkt, for
han veit kor det er. Slik er det når Herren vil føre menneske til erkjenning av
sin sanne tilstand, både når det gjeld frelse og teneste i Guds rike. Då erfarer
eg at i meg sjølv manglar evner til å gjere Guds gjerning. Den som er av
sanninga vil erfare at det er slik Herren fører sine på ny og på ny gjennom
livet. Skatten i leirkar Kvifor er det slik? Fordi Herren har ikkje funne noko betre veg å før sine på i denne verda og å byggje sitt rike på. Det er gjennom å vere avhengig av den kraft, frelse, styrke, mot osv. som han kan gje, at den truande og Guds folk kan sigre i åndskampen. Difor er det også Herren seier til Paulus:«Mi kraft vert fullenda i veikskap.»(2 Kor 12:7) Når menneske misser sjølvråderetten, og let Herren ta over – då er det Herren kjem til med si kraft og sin styrke. Jesus prøvde å forklare det for sine den siste kveld han var saman med dei då han sa: «Utan meg kan de ingenting gjera.»(Joh 15:5) Men det var som dei ikkje kunne fatte det. Dei snakka i staden om kven som var den største av dei. No derimot, etter den mislukka fisketuren på
Genesaretsjøen, er dei alle vortne ubrukbare. Då kjem Jesus. No har dei gitt opp
sine strev og sitt arbeid. No er det ingen lenger som snakka om å vere den
største. Dei er vortne så hjelpelause at Herren kan få ta seg av dei, og gjer
dei brukande i sitt rike på denne jord. Kast garnet Det er her Guds kamp står i dag også i ditt og mitt liv, om Herren kan få føre oss på sin veg. Herren har overflod av alt, men det er berre dei tome kar han kan få fylla og vil fylle. Skrifta seier at Herren er rik nok for ALLE som kallar på han.(Rom 10:12) Difor er det også Herren seier at me skal kome til han med ALLE ting, sjølv dei minste ting i kvardagen, slik at han kan få ta seg av det. Kva skjedde då læresveiane lytta etter Jesu røyst?
Resultatet vart overveldande! «No greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk
var det.»(21.6) No var det Herren som fylte garnet. No var det Herren som styrde
fisken inn i garnet. Visst var han rik nok! Alt er mogleg for Herren! Då kan han opne stengde dører. Då kan han frelse håplause menneske, som me trur det er umogleg for Herren å frelse. Då kan Herren skape sjelevinnarar av menneske som kjenner seg ubrukelege og forkasta av både Gud og menneske. Då kan han skape vekking i bygd og by. Difor gjeld det at me set vår von til Herren og hans ord i alle ting og gjev det rett, for enno er han den Gud som gjer under! Der på stranda fekk læresveinane eit møte med den levande Kristus. Der gjorde Herren eit under. No hadde dei gitt opp sin eigen veg, no fekk Herren styre dei på sin veg. Her vart dei forvandla frå oppgitte fiskarar til brennande menneskefiskarar. Eit møte med Jesu og hans ord snudde alt opp ned. Slik arbeider Herren også i dag! |