Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tenn vardar for vår kristne arv!
Frå gamal tid tende dei vardar på fjella som varsla fienden. På dette viset kunne bodskapen om angrep varslast frå landsende til landsende og vekkje opp folket til kamp for folk og fedreland.

Me opplever for tida at regjeringa prøver på ulike vis å fjerne det som har med vår kristne arv å gjere. Den arv som har vore til så stor velsigning for vårt folk og land. Elias Blix gjev oss dette veldige perspektiv når har skriv:

«Vårt heimland i mørker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde. Men, Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde. Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.»

Ny formålsparagraf
For tusen år sidan fekk me ljoset her nord, og Guds nåde var stor i mot Noreg. No opplever me at dei styrande vil ta dette ljoset bort frå heim, skule og samfunn. Det regjeringsutnemnde Bostadutvalet har no lagt frem fire utkast til nye formålsparagrafar for barnehage og skule, og me anar at regjeringa vil ta nye grepe for å fjerne enno meir av vår kristne arv.

Me høyrer ekkoet som hin dag: «Bort med Han!». Me opplever at sosialismens tankar trengjer seg inn over vårt folk. Tankar som seier at den kristne arven er opium for folket. Tankar som seier at den kristne arven er ei tvangstrøye for samfunnet. Men det er djevelske løgner som dei neste generasjonar vil få hauste fruktene av, om verda står.

Ei open høyring
No må me vakne kjære kristenfolk! Ser me kva som held på å skje? Aktar me på vår kristne arv? Betyr denne arven noko for oss i dag? Det er spørsmålet me treng å stille kvarandre no. For det er ein mektig åndskamp som går føre seg om vårt folk og land i våre dagar.

Bibelordet seier at me har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot maktene, mot herrevelda, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelromet. Ef 6:12 I møte med desse krefter er menneske hjelpelause, men Bibelen viser oss ein veg til siger som verka i gamal tid. Det var når Guds folk i si naud bøygde sine kne og ropte: «Me veit ikkje kva me skal gjera. Men augo våre er vende mot deg.» 2 Krøn 20:12 Då greip Gud inn! Då kjempa Gud for sitt folk! Då vann Gud siger!

I ei open høyring er alle interesserte inviterte til å fremje sine synspunkt ved å sende det til utvalet innan 19. februar, enten pr post, pr SMS eller pr e-post. Ta pennen fatt(Adr.:Bostadutvalget, Kunnskaps-departementet, postboks 8119 Dep., 0032 Oslo), skriv det på tastaturet, send mail i aust, vest, nord, syd. Skriv under på www.opprop.no eller ta ut underskriftsliste frå www.josafat.no og få andre til å skrive under. Tenn vardar for vår kristne arv frå Lindesnes til Nordkapp!

Guds ord, det er vårt arvegods
Skriv og fortel kva velsigning den kristne arven har vore for generasjon etter generasjon i vårt folk og land, men fortel også korleis det går med det folk og det land som forkastar denne himmelarven. Historia har mange døme på kva som då skjer. Me treng berre vende oss austover. Der fekk slike tankar råda i sytti år, og resultata er avskrekkande.

Måtte me som Guds folk bøye våre kne, og be om at han som herskar i himmelen kunne tenne himmelske «vardar» i folket, så vårt folk kan vakne opp og få sjå inn i den veldig åndskamp som står om di og mi sjel, og om heile vårt folk og land. Den sjel Herren får vekkje, den får høyre: «Ver ikkje redd! Dei som er med oss, er fleire enn dei som er med dei.» 2 Sam 6:16

Måtte me alle be og bekjenne med Grundtvig:

«Guds ord, det er vårt arvegods, det våre barns skal være. Gud, gi oss i vår grav den ros, vi holdt det høyt i ære! Det er vår hjelp i nød, vår trøst i liv og død; o Gud, hvordan det går, la dog mens verden står, det i vår ætt nedarves!»

Av Dag Rune Lid
Webmaster
josafat.no

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker