|
Etterprøving av fornying Leiinga i Normisjon går i Dagen 23.0 ut med «et knippe gode spørsmål i møte med kristen forkynnelse og veiledning». Dei sju spørsmåla er tenkte til etterprøving, og serleg mynta på Toronto-fenomena som IMI-kyrkja i Stavanger nyleg har formidla. Spørsmåla er utforma etter sentrale ledd i den kristne trua og dermed grunnleggjande for alle kristne. Likevel er det vanskeleg å finne nokon praktisk nytte av dette innspelet. Vi har til dømes sett at ein person gjennom «soaking» opplevde at hendene rørte ved Jesu ansikt? Kan vedkommande ut frå spørsmål tre finne ut om dette var bibelens Jesus? Jamfør IMI-møte som Anders Olav Bjørkavåg skildra i same avis. Om ein tenkjer seg at «knippe med gode spørsmål» gjekk som ei etterprøving til forsamlingar landet over, er det lite sannsynleg at nokon svara anna enn «sjølvsagt» til alt, og stadfesta at ingen i «vår» forsamling vil formidle noko anna enn det bibelsk rette. Om ikkje alle svara vart like utfyllande, ville likevel alle kunne oppfylle dagens standard. Etter denne standarden er det «bibelsk rett» å halde sanninga for å vere progressiv, og å ta alle absolutter med ei klype salt. Alvorleg etterprøving er ein god ting. Men den etterprøvinga som både Normisjon og alle andre kristne verksemder i dag treng til, dreier seg ikkje om kva dei sjølve måtte døme om sitt forhold til Gud, men kva Gud og hans ord dømer om dei. Guds etterprøving gjeld ikkje kunnskap om sanninga, men forholdet til sanninga. – Om ein er AV sanninga og med heile seg lever I sanninga. Denne etterprøvinga vedrører og i høg grad spørsmålet om fostring av hyrdar og lærarar som kan bruke Andens sverd i møte med vår samtid. Avstanden mellom Bibelens norm og dagens praksis i synet på tenestedelinga har svekt det vernet vi i dag hadde trengt til. Situasjonen minner om tilstanden hos hebrearane. Paulus skriv om at dei hadde vorte sløve til å høyra og seier: «For endå de etter tida burde ha vore lærarar, treng de einkvan som atter lærer dykk dei fyrste grunnleggjande ting i Guds ord.» (5:11–14) Når kristne leiarar febrilsk jagar verda over for å finne middel for sjeleleg avslapping, ro og kvile, og endar opp i Toronto, er sanneleg tida inne til å etterlyse dei fyrste grunnleggjande tinga i Guds ord. Dette minner om farisearane som bad Jesus om å syne dei teikn frå himmelen, medan Teiknet stod rett framfor dei. Det var like meiningslaust som å be sola demonstrere lys ved å tenne ein eld. – Ordet er deg nær! seier Ordet! Arne Helge Teigen uttalte til Dagen 18.01 at han var meir bekymra for utviklinga som førte til at Toronto vart invitert, enn for sjølve Toronto. Den vurderinga deler eg. Dette viser også kor verdlaust eit slikt knippe spørsmål er i denne aktuelle situasjonen. Alle innbydarane til Toronto opplegget meiner vel om seg sjølv at dei kan svare positivt på det spørsmåla etterlyser. Men kva verdi har slike svar dersom det åndelege øyra er vorte sløvt og den åndelege forståinga av det kristne læregrunnlaget tilsvarande svekt? Då treng ein åndelege dømekraft utanfrå, noko ala breva til kyrkjelydane i Litle Asia. Det store spørsmålet er om dei åndelege skadane skal berast av dei arme sjelene som gjennom slike opplegg får steinar i staden for brød, eller om ein har leiarar som veit kva leiaroppgåva i denne situasjonen krev av dei? ------------------------------- Pressemelding fra Normisjon, 22.01.07 Er det greit å falle når en blir bedt for? Å ligge stille på ryggen, med dempet musikk i øret, er det den nye måten å tilbe Gud på? Soaking – hva er det? Les mer ... |