|
Kor er Natans røyst? Er vi heimsøkt av
Gud? I salme 32 ser David tilbake på ein frykteleg tilstand han
hadde vore i. ”Mi livssaft kvarv
Det var heldig for David at Natan ikkje veik unna spelet hans. Med fare for sitt eige liv gjekk han rett på sak og sa: ”Du er mannen!” Overgangen frå det generelle til det personlege var brutal - men nødvendig. David sanna då synda si som han hadde prøvt å teie i hel og skjule. Og like hard og tung som Guds hand låg på han då han tagde, like nådig var den idet han sanna synda si. Salme 32 er ein læresalme som gjev påliteleg og verdifull lærdom både om synd og nåde. Læra er oppsiktsvekkjande: Eit menneske kan komme frå ein usæl, ugudeleg og fortapt tilstand, til ein sæl, rettferdig og heilag tilstand. Dette er ei lære om Guds veg til mennesket. Paulus viser til salmen i si framstilling av rettferdiggjeringa. Det saliggjerande er at Gud tilreknar eit menneske rettferd ved tru og ikkje av gjerning. Kvilepunktet ligg altså på kva Gud sjølv dømmer om mennesket hos seg sjølv, ikkje på kva Gud gjer i mennesket. Det er ei rein nådehandling som skjer ved guddommeleg tilrekning og tildekking. På eine sida vart David tilrekna ei rettferd som ikkje fanst i han. På andre sida vart synda som fanst i han tildekt. Svik i ånda Denne tilstanden var det Natan hadde gitt han ny og viktig innsikt i. Natan var sendt av Herren. Det var Herren sjølv som på denne direkte og personlege måten gjekk til åtak på Davids tilstand. Og han gjore det i nåde. Mange har sidan opplevt å bli berga på tilsvarande vis. Det verste som kunne hendt David var at Herren skulle teie og ikkje sende Natan til han. Kjærleik er at Herren talar. Vreide er at han teier og overlet syndaren til si villfaring, så han trur lygna og får leve i fred med si synd. Bak eit fall står alltid ei freisting og ein freistar. Både det opphavlege syndefallet og det store fråfallet i endetida skuldast forføring. Eva hadde inga vond meining med å ete den forbodne frukta. Ho ville berre tileigne seg kunnskap om godt og vondt. Koplinga mellom denne kunnskapen og syndefallet skildrar Bibelen i sterke ordelag. Mennesket gjekk frå sanning og fridom til eit slaveri under syndas hemningslause og vilkårlege spel. David si freisting var av den meir klassiske sorten. Ulovleg kjærleik som bryt sund og krenkar rettmessige kjærleiksforhold. Skulle Natan oppsøkt tilsvarande urett i vår tid, hadde nok dørene raskt blitt stengde for han. Nå gjeld det ikkje berre dei som openlyst gjer slikt som fortener døden. Det gjeld like mykje alle dei som og held med dei som gjer det. (Rom:1.31) Natan ville blitt som ein ”elefant i glasbutikk”. Situasjonen skaper norma Kristendomsforståinga går i same antikristelege retninga som kulturen. Der Bibelens ord støyter imot den generelle utviklinga i livs- og menneskeforståinga vert dette sett på som diskriminerande, livsfiendtleg og fordomsfullt. Målet for alle er stadig større livsnyting, underhaldning og større tilfredstilling av materielle og psykiske behov. Indre ro (soaking?) er viktig for ”det gode liv”. I forhold til dette er Natan (Guds ord) ”livsfiendtleg”. Ingenting av det skapte strekk til i seg sjølv. Natan kalkulerar med at alle menneske er under synd,(Rom 3:9) og at heile verda ligg i det vonde.(2.Joh 5:19) Det er Gud åleine som er opphav, grunn og absolutt mål for alt. Kristen frigjering er ein livssamanheng i full lydnad til Gud, og i samfunn med andre truande menneske. Bak den sjølvtilfredse egosentriske livsforståinga står ei demonisk antikristeleg makt som er Natans svorne fiende. Å prøve å framstille kristendomen som ein faktor som kan hjelpe til med å forbetre denne livsforståinga, er eit bedrag. Då gjer ein gudsopenberringa om til menneskeleg antikristeleg religiøsitet. Norm og praksis Den eine saka gjeld biskop Olav Skjevesland som på eine sida vedkjenner seg kyrkja sitt gamle syn i homofilisaka, og som på andre sida set inn to nye biskopar som har brote med dette. Den andre gjeld NMS som på eine sida har vedteke ein samlivsetisk norm, og som på andre sida vegrar seg for å klårgjere kva dette har å seie for Tor B. Jørgensen sin sentrale leiarposisjon i NMS i Nord-Noreg. Kor er Natan ? Kva er dette eigentleg? Er ikkje realiteten den at både Skjevesland og leiinga i NMS ved ”å teie” gjev djevelen rom og opnar for Guds vreidesdom over samanhengane dei står i?! Syndsvedkjenning eller verdivedkjenning? Eg skal her berre nemne nokre få døme: - Kyrkjelydar som praktiserar alternativ syndsvedkjenning. - Utspel om å gå over frå syndsvedkjenning til ”verdivedkjenning”. - Åleskjær som avviser læra om at vi syndar kvar dag. - Kari Olafsrud som til Dagen 22.02.07 seier: ”Det har vært mye forkynnelse om synd og elendighet. Vi har fått høre at Gud elsker oss på grunn av Kristus. Ofte er det lagt lite vekt på at Gud skapte oss i sitt bilde – på skremmende underfullt vis. At han elsket oss først. Og at det var fordi han elsket oss så høyt at han sendte Jesus for å frelse oss. - Torborg Aalen Leenderts, som på mange vis tek oppgjer
med klassisk luthersk forståing av synd og arvesynd i boka ”Når glassflaten
brister”. Ho skil mellom synd i religiøs og menneskelig forstand, og på sentrale
område som bibelsyn, arvesynd og gudsbilete viser ho til skapingsteologien og
prof Jan-Olav Henriksen. Han meiner at Bibelen ikkje gjev oss noko objektivt
gudsbilete. Det er fleire bilete, og desse er nemlig berre forskjellige utgåver
av menneskelege gudsoppfatningar. Aalen Leenderts meinar at i lutherske miljø
har ”mennesket som synder skygget for mennesket som skapning”. Her kjem ho inn
på Det tragiske er at ei grunn og usann syndsvedkjenning krev eit grunt og usant evangelium. Medan ei sann syndsvedkjenning (Salm 32 og 51) krev eit sant evangelium som ein kan stole på ned til minste detalj. Dette kan oppsummerast med Davids vitnemål: ”Sæl er den som har fått sine brot tilgjevne og si synd tildekt. (…) Eg sanna mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld. Eg sa: Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren! – Og du tok bort mi syndeskuld. Sela.”
Gå til artikkelsamling av Soppeland
|