|
Bibelen vitnar om at Guds folk står i ein usynleg åndskamp mot vondskapens åndehær i himmelromet. Fordi dette er ein åndskamp, er det berre åndsmakt som duger om ein skal sigre. Som førebilete Jesus seier at hans ord er ånd og liv. John 6:62 Jesus seier at hans rike ikkje er av denne verda. Joh 18:36 Difor treng Guds folk visdoms og openbarings Ande frå himmelen for å forstå Guds tankar. Ef 1:17 Utan Herren gjev denne openberrings Ande til visdom, vil me ikkje forstå den himmelske logikk. Den visdomen som kjem ovanfrå, er fyrst og fremst rein, dernest er han fredsæl, rimeleg, føyeleg, full av miskunn og gode frukter, han gjer ikkje skil, han hyklar ikkje. Jak 3:17 Åndeleg sett snur den himmelske visdom vårt blikk bort frå det me sjølve er og har, til kva Gud har gjort, gjer og vil gjere. Som havsens sand Guds folk vart inntekne av angst. Dei gøymde seg i hòler og hellarar og bergskorter og kjellarar og brunnar. Dei som var saman med Saul følgde han skjelvande, står det. Filistarane hadde også lukkast i å utrydda alle smedane i Israel, så den dagen slaget stod hadde Guds folk verken sverd eller spyd. Det var berre Saul og Jonatan som hadde dette. Andens sverd, Guds ord Difor set Djevelen alt inn på å utrydde dette sverd mellom Guds folk, slik at ein set sin lit til alt anna enn Guds levande ord i åndskampen. På same vis prøver Djevelen også å utrydde «smedane» som «kvesser» Ordet for Guds folk. «Smedar» som reiser frå bygd og by, og forkynner Sanninga til tukt og trøyst. For der Ordet får gjere sin gjerning, der skjer det som Brorson syng: «når himlen er oss kjær og lys og yndig, først da blir Herrens hær i striden myndig.» Det fryktar Satan! Herren gjer noko Ein mann med Gud ved si side, er i majoritet, er det sagt. Bibelen seier at om tusen fell ved di side og ti tusen ved di høgre hand – til deg skal dei ikkje nå. Sal 91:7 Likevel ligg det eit dekke over den himmelske herlegdom i denne syndige verd. Den største siger i åndskampen vart vunnen ved Jesus fornedrande død på Golgata kross. Difor er det slik at dei Gud skal frelsa, dei gjer han fortapte. Dei Gud skal bruke, dei gjer han ubrukelege. Fordi Guds kraft vert fullenda i vanmakt. 2 Kor 12:10 Difor er det Guds folk har «krafta» i leirkar, så den rike krafta skal vere av Gud. 2Kor 4:7 Men der Guds kraft får sleppe til, der skjer det enno under! Miste 99 prosent Midt på dagen, når fienden ser dei. Mot all menneskeleg fornuft og strategi, går dei i tillit til Herren. Kva skjer? Herren går føre dei. Jorda ristar og Gud slår fienden med redsle.14:15 Den eine lyfter sverdet mot den andre, og fienden nedkjempar einannan. Gud grip inn! Gud kjempar for sitt folk! Gud vinn siger! Dei fekk erfare at når Herren opnar opp, kan ingen stengje. Op 3:7 Herren rista filistarane, og han kan enno riste folk og nasjonar - om han vil. Korleis sigre? Herren ynskjer å bruke sine truande i dag akkurat som Jonatan og våpensveinen hans. Men han kan berre bruke hjelpelause og lydhøyre hjarto. 1 Sam 15:22 Hjarto som bøyer seg for Andens tale, som har mist sjølvråderetten og er vorte Kristi trælar, som Paulus uttrykkjer det. 1 Kor 7:22 Slike hjarto får høyre at denne striden ikkje er dykkar, men Guds. 2Krøn 20:15 Desse sigrar blir ikkje vunne ved makt og ved kraft, med ved Guds Ande, seier Herren, Allhærs Gud. Sak 4:6 For at Anden skal få svinge sverdet, er det ei oppgåve Han må gjere først. Det er å tøme Guds folk for trua på eigen dugleik, og om mogleg forme sjelevinnarar som berre lærer å rekna med Herren og kva han formår. Der gjev Herren åndsmakt frå himmelen. Det er denne åndsmakt Guds folk treng i dag som i fordoms tid. Ei slik åndsmakt kan ikkje produserast – den blir kunn gjeven til dei «tome kar». 1 Kor 1:28 Då blir vekkinga – andens aksjon, og ikkje menneskeverk. Korleis lydde Guds tale til hans folk i fordom? Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk! 2 Kr 20:21 Ved å lytte til Ordet har Gud gjennom historia utrusta med åndsmakt frå himmelen, så mange truande frimodig har fått svinga Andens sverd – Guds ord. Bibelen vitnar om at resultatet kan vere overveldande: 3000 sjeler vart lagde til berre på ein dag. Apg 2:41 Kva gjorde Guds folk i fordom når fienden truga? Dei vedkjende seg sitt fråfall frå Ordet, og ropte i si naud til Herren: «Me har ikkje styrke nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss, og me veit ikkje kva me skal gjera. Men augo våre er vende mot deg.» 2Krøn 20:12 I Guds rike er baktroppane noko av det viktigaste. Dei løfta hender gjev siger. 2 Mos 17 Difor seier Bibelordet: «De som minner Herren, unn dykk inga ro!» Jes 62:6 Be om at Herren igjen kan få vekkje opp, og at Han kan få vinne nye sigrar i åndskampen! Kan henda Herren gjer noko for oss.
|