Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Siger for humanetikken
Leier i dagbladet Dagen, 2.8.07

Det framlegget som Bostad-utvalet har kome med til ny føremålspragraf for barnehagen og skulen, er den reine ideologiske lapskausen. Slik næring er det berre Human-Etisk Forbund (HEF) som kan jubla for, og det gjer dei også – om dei ikkje er heilt nøgde. Dei reknar dette for ein siger, men berre ein førebels siger. Dei mange ideologiske ingrediensane som no er plasserte i føremålsparagrafen, gjer han retningslaus og med det meiningslaus. Etter ei tid er det då naturleg å gjera paragrafen reint sekulær, altså humanetisk.

Dette har HEF forståttt, men det synest ikkje som at alle som ønskjer ei kristen eller kristen-humanistisk verdiforankring har forstått det. Reaksjonen i HEF bør vera ein vekkjar for dei som trur Bostad-utvalet sitt framlegg er godt eller til å leva med kristent sett. Det er faktisk utruleg at utvalet kunne levera ei samrøystes innstilling, sjølv om det var uttrykk for sekundærstandpunkt for dei fleste. Det seier nokså mykje om det presset til samrøystes innstilling som var i utvalet.

I medlemsavisa for HEF, Fri tanke, nr. 2/07 skriv redaktør Kirsti Bergh at berre det at «kristendommens særstilling» er fjerna og det er «menneskerettighetene det henvises til som forankring» er «å regne som en stor seier for forbundet». Det må vi diverre gje henne rett i. Rett nok omtalar ho det som «en foreløpig seier» fordi det no skal kjempast ein kamp på den politiske arenaen, der særleg Kristeleg Folkeparti vil slåss for ein spesifikt kristen føremålsparagraf.

Det har vorte hevda at Bostad-utvalet hadde ei skeiv samansetjing. Det meiner Bergh langt på veg er sant – og positivt. Ho konstaterer heilt korrekt: «Aldri før er det vel blitt nedsatt et så sekulært innstilt utval til å behandle spørsmål som også er knyttet til religion.»

Denne konstateringa av samansetjinga bør også alle som ønskjer at skulen skal ha eit kristent ankerfeste og ei kristen retning, merka seg. Det viser kva statsråd Øystein Djupedal og regjeringa vil med den offentlege skulen og barnehagen. Målet er sekularisering av skulen, slik målet var for Arbeiderpartiet i mellomkrigsåra – og som har lege som ein understraum heile tida.

Når vi skal tolka framlegget til føremålsparagraf, må vi også ha samansetjinga av utvalet og departementets vilje i bakhovudet. Då kjem vi ikkje utanom at sekularisering er retning og mål, og med det lausriving frå kristen tru og tenking. Tolkinga og praktiseringa av føremålsparagrafen framover vil vera prega av det.

Det står altså ikkje om ordlyd og formuleringar, men om kristen verdiforankring av undervisning og oppseding kontra ei reint sekulær oppseding av dei komande generasjonane norske born og ungdomar. Den nye stor sekulære guden heiter «Menneskerettane», men dette er ein utydeleg gummistrikk-gud.

Det er rett som redaktør Kirsti Bergh konkluderer: Dersom Bostad-utvalet sitt framlegg vert ståande etter den politiske behandlinga, «da har Human-Etisk Forbund vunnet en stor seier». Denne kristendomsfiendtlege og sekulærvenlege sigeren bør HEF ikkje få.

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker