Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Profeten Daniel og evangelisk bøn
Av Johannes Kleppa, sakset fra Dagen lørdag 11. august 2007

Guds ord viser at bøn er ei viktig og sentral sak i kristenlivet. Vi tenkjer lett for smått og overflatisk om bøn, og difor brukar vi for lita tid til bøn. Dessutan tenkjer vi lett for lovisk, og for sjølvsentrert og egoistisk. Då vert bøna eit sjølvoppteke strev. Det er viktig at vi lærer å tenkja like allsidig om bøn som Guds ord gjer, og ikkje minst at vi tenkjer evangelisk. Bøn i Jesu namn er ei bøn i tillit til Guds miskunn. Slik bøn er bora av åndskraft.

Profeten Daniel kan vera ein god læremeister i bøn, både fordi han bad rett og fordi han bad uthaldande. Han sigra i bøn, og fekk med det stor innverknad i samfunnet.

Når Daniel var eit bønemenneske, har det sin særlege grunn i at han hadde ei evangelisk oppfatning av bøn. Han sett ikkje si lit til seg sjølv eller si bøn, men til Gud og Guds miskunn. Kapittel ni hjå profeten Daniel er god undervisning i evangelisk bøn.

Det er ein nødssituasjon i Jerusalem, byen ligg i ruinar. Når Daniel skal be for folket og byen, er det ikkje noko å ta utgangspunkt i der av positiv karakter. Tvertimot er ruinane utgangspunktet. Daniel minner Herren om desse, og med det den situasjonen folket er i, men han bed ikkje om Herrens inngripen fordi folket fortener det, men fordi Herren er nådig – og det er hans folk og hans by. Den vanskelege situasjonen har sin grunn i folkets synd.

Daniel bed Herren høyra bøna: «Lat åsynet ditt lysa over den øydelagde heilagdomen din – for di eige skuld, Herre!» Her er vi ved eit kjernepunkt i sann kristen bøn, og det som gjer bøna evangelisk og åndskraftig. Daniel viser ikkje til seg sjølv eller noko ved bøna si, men han bed: Herren sjå til dei «for di eiga skuld». Det heile ligg i Gud.

Dette utgangspunktet konkretiserer han slik: «Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn.» Vi har ikkje noko ved oss sjølve, enda til ikkje det aller beste ved oss, å leggja til grunn for bønene våre. Det einaste vi kan leggja til grunn er Herrens «store miskunn», den nåden og syndstilgjevinga vi møter i Jesus Kristus.

Daniel tek oppatt fleire gonger at Herren må gripa inn «for di eiga skuld», og han minner Herren om at folket og byen er kalla med hans namn. Det er i alt Herren og hans posisjon i høve til byen og folket som gjer at han må svara på bøna. Slik er det alltid med sann, bibelsk og evangelisk bøn.

Dette evangeliske grunnlaget er viktig for all bøn. Det gjev ikkje berre grunnlaget for bøna, men også retninga og målet. Bøna er grunna på og står i teneste for Guds miskunn. Det skaper ein audmjuk bøneposisjon, kvile i bønelivet og kraft i bønekampen.

.......
....

Det er viktig at vi får med den breidda Bibelen viser om bøn, og at bøna skjer i tillit til Guds store miskunn, og ikkje i tillit til noko ved mennesket eller noko ved bøna vår.

Den bøna som vert beden i tillit til Herrens miskunn og ut frå dei ruinane som måtte vera i menneskelivet, har store lovnader over seg, kraft i seg og verknader med seg. Det kan vi læra av profeten Daniel.

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker