Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kristne friskular – ei fane for den kristne arven og demokratiet !
Kronikk i dagbladet Dagen, 16.1.06, av Eivind Straumstein, Norheimsund, styreformann i Kvam Kristne Skule(KKS)

Vi må ikkje la sosialistparolen ”einskaps- og fellesskapssamfunnet” gå føre det gudgjevne individuelle ansvaret vi som foreldre har overfor eigne born !
I nyttårstalen til det norske folk nemnde statsminister Stoltenberg ordet ”fellesskap” ni (!)  gonger, men han nemnde aldri noko om vår kristne arv !  Kan ein byggje landet på fellesskap utan Gud?

Gjennom kristne friskular får samfunnet eit viktig korrektiv ved at desse ”reiser ei fane” og hegnar om den kristne kulturarven vår.  Borna ved slike skular får ei undervisning og eit skulemiljø som er prega av den kristne ånd, og som kan få prega dei for resten av livet.

Dersom vi i åra framover kunne fått ein sterk auke i antal kristne friskular, ville det understreke at kristenfolket meinar alvor og at «Nok er Nok». I dag er det gudløysa som dominerer samfunnet, og den får stadig større spelerom – applaudert og framelska av sosialistane.


Kristen opplæring i historisk perspektiv
I eit historisk perspektiv kan vi trekkje tråden attende til 1. Mosebok. Guds ord seier at boda skal prentast inn i borna.  Alle som vert døypte til den treeinige Guds namn, skal læra å halda Guds bod (Mat 28,19f). Såleis har foreldra ei oppgåve og ei plikt til å gje dei ei slik opplæring.

Då grunnlaget for vårt folk og nasjon vart lagt på Eidsvoll i 1814, var dette eit viktig fundament i grunnlova § 2 slik: «Den evangelisk-lutterske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage sine Børn i samme.» 

Dette danna basis for den grunnskulen som vi seinare fekk. Den kristne tanken gjennomsyra alle fag - ikkje berre kristendomsfaget og skulen var kyrkja si dåpsopplæring inntil dette vart formelt avskaffa av stortinget i 1969.


Venstresida kjempar mot friskulen
På den tida hadde venstresida sine «profetar» med professor Edvard Bull i spissen fått verke i mange år. Allereie i midten av 20-åra proklamerte han følgjande.
«Vi skal gjøre skolen verdslig, liksom sykepleien og begravelsen og ekteskapet og fødselsregistrering. Vi skal slåss uforsonlig med den bestående offisielle lutherdom som med andre fordummende sekter. Vi skal ha en pågående og hensynsløs kirkepolitikk, fordi vi mener at religion i og for seg er en privatsak.»

Då Edvar Bull slo på stortromma reiste kristenfolket seg til kamp, og Arbeiderpartiet valde ein annan taktikk. I staden for å utbasunere sitt syn og sin taktikk, jobba dei i det stille for å gradvis tøme skule og samfunn for kristne verdiar. I staden fekk vi inn fine ord og vendingar i toleransen og humanismen sitt namn, og krona på verket vart eit KRL-fag der den kristne tru ikkje lenger kan definerast som Sanninga. Alt skal vere like godt. KRL-faget kolliderer allereie med det første bodet som seier: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.» 

I andre læreplanar i grunnskulen i dag vert mennesket definert som ein dyreart.  Det er sjølvsagt ikkje eit kristent verdigrunnlag som ligg til grunn for slike definisjonar, men eit resultat av sosialistisk tanke sett i system over tid.

Eit fersk døme på korleis sosialistane jobbar kan òg vera Karita Bekkemellem i Barne og likestillingsdepartementet (legg merke til at det ikkje lenger heiter Barne- og FAMILIE-departementet !) som no endrar omgrepet ”kjønnsnøytral ekteskapslov” til ”felles ekteskapslov”.  Forklaringa hennar er at  ”Kjønnsnøytral er et dårlig og upresist uttrykk og fra vår side er målet at ekteskapsloven skal gjøres felles (anm.: for heterofile og homofile osv..). Derfor bruker vi begrepet felles ekteskapslov”. 

Sosialisten Djupedal opptrer på mange vis som sin politiske stamfar Edvard Bull.  Djupedal fortenar stor takk for at han seier høgt det som har vore og framleis er sosialistane sin grunntanke; – at sann kristendom skal fjernast både frå skule og samfunn.  Men då må ikkje vi kristne i ”snillismens namn” avskrive desse utspela på kontoen for ”tabbar eller medieskapte utspel”.  Nei, vi må ta det på alvor og reise oss i samla protest – ikkje berre i ord, men òg i handling ved å t.d. etablere kristne friskular !

Heller ikkje må nokon av oss verta overraska over at Jens Stoltenberg no like før jul gjekk ut og gav Djupedal full ryggdekning for alle utspela han har kom med, fordi dette er sosialistisk politikk i praksis.  I tankar og grunnsyn er dei to sameina, sjølv om dei kommuniserer dette på ulike vis. 

Nok er Nok
Når grasrota i folket no har gjeve uttrykk for at «Nok er Nok» kjem truleg dei sosialistiske strategane til å kviskre Djupedal i øyra at han ikkje må gjere same feilen som Edvard Bull. Nei, det er mykje betre å arbeide i det stille – då ”godtek” kristenfolket avkristninga litt om sen, og til slutt har ein fått rydde ut alt som «luktar» kristenmannsblod.  Då kan det sosialistiske ”paradis” overta og det kan vera evig for seint å reversere dette igjen
.

Difor må kristenfolk vakne NO, og forstå si besøkingstid når det t.d. gjeld å reise kristne friskular. Vaknar vi ikkje når sosialistane med klare ord seier kva dei vil, kjem vi aldri til å vakne opp. 

Det fundamentale spørsmålet er kven som skal ha ansvar for oppsedinga av borna våre. Ut frå internasjonale konvensjonar er det ikkje tvil om at det er foreldra som har dette ansvaret. Likevel ser vi altså at Djupedal og dei andre sosialistane vil prøve å frårive foreldra denne retten.  Vi kristne må reise oss og rope ut at «Nok er Nok» og blant anna kjempa fram kristne grunnskular over heile vårt land som kan vere ei motvekt til den verdsleggjeringa av skule og samfunn som sosialistane i så stor grad har lukkast med, og som dei vil forsterke dei neste fire åra. 

Den nye regjeringa sitt totalitære utfall mot friskular råkar i første omgang dei skulane som enno ikkje er kome i gang og som no får godkjenninga trekt tilbake.  Men prinsipielt teiknar denne politikken eit skremande bileta for framtida òg for etablerte kristne friskular og for demokratiske rettigheiter generelt.  For i SV sitt partiprogram står det at partiet vil ”redusere statstøtten til private skoler”.  Det er truleg kunn omsynet til dei samarbeidande partia (Senterpartiet) som gjer at dette enno ikkje er sett ut i livet.

 

Oppsummering - kvifor starte kristne friskular ?
Vi treng kristne friskular for å gje borna den opplæringa som himmelens Gud har påbode oss å gje, og ikkje minst med tanke på det samfunnet vi lever i. Luther sa det så sterkt at det var uforsvarleg å sende borna til ein skule der Den Heilage Ande ikkje regjerte. Den kristne tanken må få prege alle faga på skulen og heile skulemiljøet.

Foreldreretten er fundamental og gjev rett til å ha hand om oppsedinga av eigne born i tråd med foreldra si tru og overtyding.  Dette er òg ein del av ånds- og religionsfridomen.

Vi treng dei kristne friskulane som eit korrektiv til den ordinære grunnskulen på det verdimessige planet i tråd med den kristne formålsparagrafen, men også med tanke på det kvalitetsmessige.   Amanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, Christian W. Beck, meiner at den sosialistiske einskapsskulen ”kan
være forklaring på både synkende kvalitet og atferdsproblemer i skolen”.  Dette rett og slett fordi den ikkje tek omsyn til at borna er ulike med individuelle behov. 


KRL-faget er villedande og den kristne trua og kristendommen får ikkje lenger stå fram som Sanninga i høve til andre religionar. Såleis er det kristne innhaldet sterkt svekka i den offentlege skulen, og difor er det meir grunn til å reise kristne friskular enn nokon gong tidlegare.

Kristenfolket må ta det gudgjevne foreldreansvaret på alvor og gjennom kristne friskular -frå grunnskule til høgskulenivå - må vi reise oss til kamp mot den sosialistiske ånd som vil fjerne kristen tru og tanke frå skule og samfunn ! 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker