Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sameien trur på Hybels
Av Gunnar Soppeland, sakset fra «Synspunk»t i avisa Dagen, 24.10.06

Ole Kristian Sameien er jammen ikkje snau når han i Dagen 19. oktober kommenterer intervjuet med Hans Erik Nissen  frå 9. oktober. Johannes Kleppa si oppmoding om å ta problemstillingane i intervjuet på alvor og grunne på dei, aktar han ikkje på.
 
Nissen gjev døme på at nymotens kristendom har modernisert bibelens gudsbilete , og meinar impulsane frå Willow Creek (WC) er prega av dette.

Som kjent skapte WC-konseptet store spenningar innover i Luthersk Missionsforening (LM) i Danmark.  Medan Nissen ennå var rektor ved høgskulen i Hillerød, gav styret og lærarrådet der ut ei  kritisk vurdering av boka ”Smittende Tro” (ST) av Bill Hybels. Denne boka var utgjeven på LM sitt forlag, og tilsette i LM hadde teke i bruk ST- konseptet på lokale kurs. Fråsegna frå høgskulen skapte stor uro.

Landsstyret i LM peika så ut eit utval som skulle gå gjennom skriftleg materiale frå 

Hybels, karakterisere  forkynninga og undervisninga og vurdere denne mot evangelisk luthersk frelsesforståing.

På nettsida josafat.no, kan ein finne rapporten frå utvalet saman med annan dokumentasjon som underbyggjer det Nissen peikar på i intervjuet.

Sameien meiner Nissen kjem med udokumenterte påstandar, og opplever desse som falske vitnemål om andre kristne.” Alt Nissen sier er ikke troverdig” hevdar han.

Men at Sameien si positive oppleving av WC ikkje stemmer med Nissen sine vurderingar, tyder vel eigentleg berre at Sameien og Nissen vurderar det dei ser ulikt, og har ulik fasit. Dersom Sameien har lese bøkene til Hybels, delteke på konferansane hans og teke i bruk undervisningsmateriellet hans utan at dette har svekt tilliten til han, må Sameien i det minste ha mista tilliten til læregrunnlaget i sin eigen samanheng.

Etter det eg kjenner til, førte rapporten til at ST-konseptet vart teke ut av bruk i LM.

På side 59 i rapporten vert det vist til at evangeliet; ”er det åndelige livs og den åndelige krafts sande og eneste kilde”. Så skriv dei: ”Hybels synes at være blind for denne helt centrale evangeliske sandhed og giver derfor en vejledning i helliggørelse og åndsfylde, som er gennemført lovisk. Hans vejledning på dette punkt er af så alvorligt vranglærende karakter, at det på afgørende måde undergraver tilliden til ham som forkynder og åndelig leder”.

I intervjuet set  Nissen dei bibelske sanningane i eit rett bibelsk perspektiv. Han viser forskjellen på det å seie sanningar,(noko alle meir eller mindre gjer) og det å forkynne Sanninga. Når konfrontasjonen mellom den heilage Gud og mennesket vert borte, vert det heller ingen kvalifiserte syndarar å forkynne  evangeliet til. Gong på gong kan ein høyre ”rett” teologi bli forkynt riv ruskande feil, fordi det rette bibelske perspektivet manglar. Eit humanisert gudsbilete forkvaklar alle andre lærepunkt i den kristne trua. Særleg går det ut over proporsjoneringa, det at sanningar står i eit bestemt forhold til einannan. 

Vi veit at psykologiske prosessar er med i alle kristne samanhengar. Men i og for seg er dei religiøst nøytrale. Om ei omvending berre er ei psykologisk livsendring eller ei verkeleg omvending i bibelsk meining, er det difor tileigninga av og substansen i dei kristne sanningane, som avgjer. Når den bibelske klårleiken manglar, kan ei omvending gi utslag i alle religiøse retningar. Nettopp difor er innspelet frå Nissen så uhyre viktig.

I LM-rapporten kan ein lese kva Hybels seier om vegen til åndsfylde og åndskraft:

Dersom du går til kyrkje, gjer religiøse øvingar, er med i den vesle gruppa, tenar og gjer desse gode gjerningane, så vil temperaturen din berre gå opp og opp, og ganske snart er du fylt. Du er fri! Og rapporten kommenterar: ”Det er svært at finde mildere betegnelser for denne vejledning end, at den er uevangelisk i rystende grad”

I staden for å la lov og evangelium verke i kraft av seg sjølv, skildrar ein psykologiske mønster for eit ideelt kristenliv og gjer dette mønsteret til ei ny lov som må oppfyllast. Kvilepunktet vert altså lagt til gjerning i staden for tru. Er dette kristendom?

Gå til artikkelsamling av Soppeland

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker