|
Ope brev til
Magnhild Meltveit Kleppa Personlig er eg med i styret for Kvam Kristne Skule(KKS) i Norheimsund i Hardanger, som er ein kristen grunnskule som blei godkjend 10. juni 2005, etter strenge kvalitetskrav i norsk lovgjeving. Men grunna den korte tida fram til skulestart, meinte styret i KKS at det ikkje var forsvarleg å starte opp hausten 2005, då me hadde ynskje om å gjere eit grundig og seriøst arbeid med oppstartinga. Før valet kunne me i fleire media lese utsegner frå deg, der du uttalte at Senterpartiet(Sp) ville vere ein garantist for dei kristne friskulane. Me var svært takksame for dine klare utsegner i denne saka. I den samanheng vil eg vise til din artikkel 16.9.05 i avisa Dagen der du m.a. uttalar følgjande under headingen ”SP vil være garantist for friskolene”:: - Vi skal stå vakt om den gamle loven og om ordninger som gjør at friskolene får samme arbeidsvilkår og støtte som de har i dag. ……. Det sier stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til Dagen og legger til at friskolene skal slippe den utryggheten som nå har oppstått og som hun har stor forståelse for at de kjenner på. Kleppas
uttalelser kommer som følge av at Arbeiderpartiets Trond Giske onsdag uttalte at
«den nye regjeringen vil endre friskoleloven og stoppe statsstøtten til private
skoler som startet opp allerede i høst». …….. – For
Senterpartiet er det meget viktig å ivareta muligheten for å etablere nye skoler
basert på livssyn og alternativ pedagogikk. Det er også viktig å sikre gode
arbeidsvilkår for de skolene som allerede er etablert. Vi mener at disse skolene
er et vesentlig supplement til den offentlige skolen, understreker Kleppa. Me er svært takksame for at du viste stor forståing for den uvissa som Giske hadde skapt med sine utsegner, men me vonar også at du har enno større forståing for den uvisse me no kjenner på etter Djupedal sine utsegner og handlingar. Det som no har skjedd har skapt ein uhaldbar situasjon for livssynsbaserte skular som oss, ikkje minst når det gjeld planlegging med tanke på lokalitetar og lærekrefter. Nokre av dei skulane som Djupedal(Sv) no har forslag om å ta godkjenninga frå, er grunnskular med livssynsbasis. Slik me tolkar dine utsegner, er dette skular som gjekk inn under dine og Sp sine garantiar før valet i haust. Me vonar såleis at Sp ikkje berre vil tale, men også handle her. Me meinar det er viktig at de sikra desse skulane også lovmessig i den nye lova, slik at livsynsbaserte grunnskular ikkje misser sine godkjenningar. I den samanheng lurte eg difor på om du kunne stadfeste at Sp vil stå ved garantiane som de gav for dei kristne grunnskulane, slik at dei skulane som ikkje klarde å kome i gong sist haust, kan rekne med å få behalde sine godkjenningar med tanke på oppstart hausten 2006?
|