Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Domsforkynninga som umisteleg verdi
Av redaktør Johannes Kleppa, sakset fra Dagen 09.10.06


Forkynninga av Guds ord er den største verdien vi har i samfunnet vårt, fordi denne ber i seg ei positiv og skapande kraft. Paradoksalt nok er domsforkynninga også ein verdi, ein umisteleg verdi i ei verd prega av synda. Difor er eit intervju som tek opp forkynninga og konvsekvensane om dette vert skeiv, eit naturleg tema i Verdidagen(Intervjuet over med H. E. Nissen over, stod i Vedridagen den 09.10.06).

Hans Erik Nissen er ein sentral mann i dansk kristenliv, særleg i det frie lekmannsarbeidet. Han står for ei klassisk evangelisk-luthersk kristendomsforståing av roseniansk merke.

I dette intervjuet presenterar han si forståing av forkynninga, og han aktualiserar det på impulsane frå Willow Creek og på kyrkjeveksttenkinga generelt. Ein del vil nok bli provosert over Nissens synspunkt og vurderingar. Problemstillingane han tek opp, er så sentrale og viktige, at alle bør ta dei på fullt alvor og grunna over dei.

Alt Guds folk står i fare for å la seg påverka av folk sine tankar om kristendommen og av kva samtida ønskjer at vi skal forkynne. Den tanken at vi skal spørja folk flest, altså ikkje-kristne menneske, om kva dei ønskjer å høyra om i kyrkjer og bedehus, fordi alle menneske vil ut frå sin natur spørje etter noko heilt anna enn det Herren ønskjer å gje.

"Følger vi de vantros ønsker til forkynnelse, virkemidler og gudstjeneste - føres vi over mot forbrukerkristendom," hevdar Nissen. Det er ei dramatisk og alvorleg utsegn, men eg kan ikkje forstå anna enn at han har rett - om me tek det bibelske menneskesynet på alvor.

Nissen legg vekt på forkynninga av Guds dom og ei rett erkjenning av kva fortapinga er. Der er vi truleg ved kjerneproblemet i dagens forkynning og kristendomsoppfatning generelt. Det er ikkje eit spesialproblem for kyrkjeveksttenkjinga og Willow Creek, sjølv om det truleg er særleg aktuelt for deira måte å tenkje om forkynning og kristent arbeid.

"En kirkefremmed kan langt på vei leve med en forkynnelse som framstiller han som fortapt," seier den erfarne sjelesørgeren, fordi mange mennesker i dagens samfunn har en "fortapthetsfølelse", noko som vert avspegla i moderne litteratur. Det mennesket ikke kan leva med, men reiser seg i protest mot, er ei fortaping som fylgjer av Guds dom og vreide - og som vert skapt av ei bibelsk domsforkynning.

Ei slik forkynning er sjeldan vare i dagens forkynning. Den er sjeldan Gud vert forkynt som den dømande og straffande Gud. Det inneber at folk mister erkjenninga av at Gud er heilag og frykten for at han kastar i fortapinga. Det vert ikkje ei samvitsvekking som går i djupna.

Der domsforkyninga ikkje lyder, vert ikkje erkjenninga av synd og fortapinga reell og dødens alvor kjem ikkje fram. Det har store konsekvensar for kristendomsforståinga, og med det for kristenlivet og for vår oppfatning av frelsa.

"Finner ikke syndenøden veien til hjerte og samvittighet, gjør heller ikke nåden det," seier Hans Erik Nissen med rette - og det har med forkynninga å gjera, ikkje minst forkynninga av Guds dom.

 

 

 

 

 

 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker