|
Uår i landet – eit kall til
anger og bot
Tale av Gunnar
Soppeland under Opningshelga og Arbeidarmøtet i NLL på Bibelskulen på Fossnes,
20. august 2005. Tilrettelagt til skriftleg form av Dag Rune Lid.
Me treng nåde til å tre inn i Guds
ransakande lys. Det kan skape vanskar, og sjela kan bli uroa, men det kan og
føre til at Han veks og me minkar.
«Son min! Dersom du tek imot orda
mine og gøymer boda mine hjå deg, så du vender øyra ditt til visdomen og bøyer
hjarta ditt til klokskapen, ja, dersom du ropar etter skjøn og lyfter røysta di
for å kalla på vitet, dersom du leitar etter det som etter sølv og grev etter
det som etter løynde skattar, då skal du skjøna otten for Herren og finna
kunnskap om Gud. For det er Herren som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap
og vit.» (Ord 2:1-6)
Eg er overbevist om at vårt største
behov i dag, og som me treng å rope til Herren om, er å få større åndeleg
kunnskap, skjøn og visdom inn i vår situasjon.
Temaet for arbeidarmøtet er «Uår i
landet – kall til anger og bot». Det med uår i landet er meint som ei
konstatering, og eg vil ikkje bruke mykje tid på å grunngje kva som ligg i det.
Eg trur dei fleste her skjønar kva me meinar med ”uår i landet”. Innleiingsvis
tek me berre nokre utdrag frå 1. Kongeb. og profeten Haggai.
Uår i landet
Då kong Salomo under
innviinga av templet ligg på knea med hendene utbreidde mot himmelen, og ber
fram si lange audmjuke bøn for folket og landet, skildrar han ulike vanskelege
situasjonar frå Israels historie. Han seier m.a: «Når fienden vinn over
Israel, folket ditt, fordi dei syndar mot deg,(…) Når himmelen vert stengd så
det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg,(...) Når det vert hungersnaud
i landet, når det kjem pest, når det kjem brann og rust på kornet, grashopper og
gnagarar, når fienden trengjer inn i landet og kringset byane, når det kjem noka
plage eller nokon sjukdom ……» (1Kong 8:33-37)
Grunnen til uåra ligg i både ytre og
indre forhold. Fienden vinn over Israel, himmelen vert stengd, og jorda ber
ikkje grøde. Dei største naudsituasjonane i Israel oppstod då dei ikkje fekk
regn. Det førte til hungersnaud, pest, brann og rust på kornet.
Profeten Haggai skildrar uåret på eit
anna vis. Han viser til at folket har det travelt med sine eigne hus, medan
Herrens hus ligg øyde. «Tida til å byggja Herrens hus er enno ikkje komen»,
sa folket. Det var haldning dei hadde til si eiga samtid. Men
gjennom profeten går Herren sterkt i rette med folket og seier: «Er det tid
for dykk til å bu i bordkledde hus, medan dette huset ligg i ruinar?» Dei
hadde tid og høve, men dei brukte tida og høve feil. Eigne hus var viktigare enn
Herren sitt hus.
Dette var årsaka til uår og misvekst.
«Legg merke til korleis det går dykk!», seier Herren til dei. «De sår
mykje, men haustar lite i hus. De et, men vert ikkje mette. De drikk, men
sløkkjer ikkje torsten. De kler dykk, men ingen vert varm. Og han som tener for
løn, får løna si i ein pung med hol i. Så seier Herren, Allhærs Gud: Legg merke
til korleis det går dykk!» (Hag 1:4-7)
Dette er klåre ord om manglande
velsigning: Når alt på ein måte slår feil, når ein strevar og strevar, når ein
sår og sår - men haustar lite i hus. Ein tek til seg næring, men vert ikkje
mett. Ein drikk, men sløkkjer ikkje tørsten osv.
Det gjeld forholdet til Herren
Alle desse døma dreier seg om ugreie i
deira forhold til Herren. Og det viser at arbeidet i hans rike fyrst og fremst
må vere i samsvar og i samanheng med dette riket sin Herre.
Men det er også viktig å understreke at
sjølv i uåra, held Kristus fram med sitt oppdrag gjennom dei han kallar inn
under seg. Det er mellom dei me ynskjer å vere.
Himmelen spør ikkje: «Kven vil gå?»,
men himmelen spør alltid: «Kven vil gå for OSS?». Det er det store
hovudspørsmålet til oss i dag - der du går i heimen, på arbeidsplassen, i
forsamlinga, der du ligg i sjukesenga osv. Der lyder spørsmålet: «Vil du vere
der for OSS?». Det er ikkje spørsmål om kva stilling du er i, kva arbeid du har,
eller kor du er tilsett. Men der du er – vil du vere der for OSS?
Du er der ikkje for pengane, for
karrieren, for organisasjonen eller som talsmann for dei som har valt deg, men
for «OSS». «Kven vil gå for OSS?» Det er den treeinige Gud – Faderen, Sonen og
Den Heilaga Ande som spør.
Oppgåva er altså der me er, over alt -
heile tida. Det er ikkje til eller frå. Denne oppgåva er heile vegen for stor i
forhold til det som er menneskeleg mogleg. Det er viktig å vere klar over. For
denne oppgåva er ikkje fyrst og fremst av praktisk eller pedagogisk art. Ho er
åndeleg, og må difor utførast med åndelege gåver og middel.
Med si hand
Då tempelet var ferdig, sa kong Salomo:
«Du lova det med munnen din, og du har oppfylt det med handa di...»
(1Kong 8:24) Han såg ikkje på tempelbygginga som sitt verk eller som ei
praktisk sak, men som eit åndeleg byggverk. Først hadde Gud lova og teikna
templet for David, sidan hadde han ført det opp med si eiga hand. Åndeleg sett
var templet ein realitet frå den augneblinken Gud ved sin munn talte om dette
til David.
Det åndelege må Gud sjølv utføre og
oppfylle. Hans tenarar er hundre prosent avhengige av at Gud med handa si
stadfestar og utrettar det ordet han sjølv sender dei ut med.
Difor er det også Pauls seier: «Bed
til ei kvar tid i Anden med all bøn og påkalling. Ver årvakne i dette, og ver
uthaldande i bøn for alle dei heilage …» (Ef 6:18) Å be til ei kvar tid er
både nødvendig og normalt i ei oppgåve som menneskeleg sett alltid er for stor,
og alltid går langt ut over det menneskeleg moglege.
Difor seier han: «Bed til ei kvar
tid i Anden». Vi må vere årvakne i dette, slik at Anden kan få utrette det
han vil og ser behov for. Oppgåva skal utførast i eit terreng og eit miljø fullt
av fallgruver og avvegar, og det er ein aktiv åndehær i himmelrommet som vil
stengje den rette vegen.
Det eine nødvendige
For den som har sett det «eine
nødvendige», blir det «eine» det nødvendige over alt og til alle tider. Det kjem
alltid før det unødvendige. Maria søkte det eine nødvendige, medan Marta seier:
«Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi har late meg åleine med å tena deg?
Sei no til henne at ho skal hjelpa meg!» (Luk 10:40)
Marta tykte mange ting måtte kome før
det eine nødvendige, på same vis som Israels folket sa: «Det er enno ikkje
tid.» Dei bordkledde husa kom først. Men når det eine er det nødvendige, då
vil det eine bli det nødvendige, og kome før alt anna.
Legg merke til kor tyngdepunktet ligg
her. Det er ikkje slik at me sjølv må bestemme oss for at no må det nødvendige
koma fyrst. Men det er slik at når det eine er blitt det nødvendige for
eit menneske, er det i seg sjølv årsak til at det blir det nødvendige.
– Bunden av Anden fer eg no til
Jerusalem, og eg veit ikkje kva som skal møte meg der, sa Paulus. (Apg 20:22)
Han var under det eine nødvendige, og dermed under guddommeleg tvang; heilt
frivillig! Det var slik det måtte vere. For oppdraget hans var å gå for OSS.
Slik er det for alle som vil gå for OSS, enten det er i heim, familie,
arbeidsliv osv. Guddommen har teke beslag i sine utsendingar.
Det er ikkje så grundig analyse som
skal til i våre liv eller i den åndelege stoda før me oppdagar at mykje
unødvendig går for å vere nødvendig i dagens Noreg. Ikkje minst med tanke på den
høge levestandarden ein har lagt seg til, og det kavet som kræves for å halde
denne vedlike. Men i forhold til oppgåva rekna ikkje Paulus ein gong sitt liv
eit ord verd. Grunnen til det var livsperspektivet hans, og forståinga av kva
som er det eine nødvendige her i livet. Til Galarane seier han: «Eg er
krossfest med Kristus. Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg.»
(Gal 2:20)
Nøter utan kjernar
Når det
som høyrer kristenlivet til ikkje spring ut frå kristendommens kjerne, som er
Andens openberring i Kristus, vert innviing, overgiving, bøn, tilbeding, kraft,
teneste og kjærleik berre hykleriske masker ein prøver å få fanga andre i.
Eg er redd
for at mykje av det som i dag går for å vere stort og fengjande i det kristne
arbeidet ikkje spring ut frå kristendommens kjerne. Dermed vert arbeidet
forførerisk og hyklerisk. Frukta vert ein kristendom som er tilnærma lik ekte
kristendom, og som difor er like vanskeleg å oppdage
som nøter utan kjerne.
Av og til
knekkjer ein nøtter som viser seg å vere tomme. I det ytre var ikkje mogleg å
skilje dei ut. Det som høyrde til nøtta si ytre form og fasade, det var på
plass - men likevel mangla innhaldet.
Det å leve
i denne tilnærma kristendommen er å spare seg sjølv og andre for å gå gjennom
gjenfødinga sin tronge port til livet. Det er å vilja leve som ein kristen, utan
å vere det. Det er å blande det guddommelege med verdsleg klokskap, og
avbalansere trua mot fornufta.
Gud oppfyller berre sitt ord
Til
viktigare ein tykkjer ein sjølv og verksemda er, til mindre tru har ein på
openberringa av den himmelske røynda og på Ordets makt til å virke av seg sjølv.
Herren oppfyller ikkje automatisk det me preikar. Det er sitt ord, det han sjølv
har talt med munnen sin han oppfyller med handa si.
Difor er
det og Paulus seier i Ef 6:19 «Bed for meg òg, at det må verta gjeve meg ord
når eg opnar munnen min.» Han var avhengig å få det ord som Herren ville
oppfylle med handa si for tilhøyraren. Både for Paulus og tilhøyraren er dette
avgjerande. Når dette ikkje fungerar slik, vert det uår i landet.
Men også
menneskeord kan oppfyllast i kristen samanheng. Innan moderne visjonstenking der
ein nyttar ulike effektfulle verkemiddel og arbeidsmetodar, er denne faren stor.
Faren er
at menneskelege syner og openberringar om vekst og framgang kjem i fokus. Desse
er ofte sjølvoppfyllande ettersom sterke leiarar får folk til å handle som om
desse leiarane stod i Guds råd og formidla Guds ord.
Lytt til den himmelske visdom
Kva som er
tap og kva som er vinning vart for Paulus snudd heilt om i lys av æva.
–Kunnskapen om Kristus er så mykje meir verd, difor aktar eg alt for tap og
skrap, vitnar han.
Salomo
talar om visdommen ovanfrå. Han seier: «Visdomsmøya ropar høgt på gata, ho
lèt røysta si høyra på torga. I ståket på gatehjørna ropar ho, i dei opne
byportane talar ho og seier: Kor lenge vil de uvituge elska fåvitet, og
spottarane ha hug til spott og dårane hata kunnskap? Vend om og høyr etter når
eg viser til rette! Då vil eg la ånda mi fløyma for dykk, eg vil kunngjera dykk
mine ord.» (Ord 1:22-23)
Ordet og
Anden høyrer saman. Når visdomsanden fløymer, kunngjer Herren sine ord. Der
Anden fløymer vert verda sin visdom til dårskap. Visdommen ropar høgt på
gatehjørne og i byportane: «Kor lenge vil de uvituge elska fåvitet?»
Dårskap er mange ting, men det verste er når dårskapen opphøgjer seg mot
himmelens Herre og krenkjer hans heilage namn. Når dårar brukar hans hus og hans
heilage kar utan å vere sende og utan å stå i flaumen av hans Ande.
Då er det visdomen seier: – Vend om, og
høyr etter når eg viser til rette. Vend dykk i frå dårskapen. Då vil eg la ånda
mi fløyme for dykk, eg vil kunngjere dykk mine ord.
Visdomsanden vil peika på det som Herren si hand gjer og oppfyller. Visdomsanden
er reiskap for Guds openberring og verksemd, og den openberrar det mest skjulte
av alt - djupnene i Gud. Det vil seie Guds eigenskapar, Guds tankar og Guds råd.
Når det
lyder: «Kven vil gå for OSS?» Då er den som går avhengig av å få det han skal gå
med. Trua kviler på Anden sitt vitnesbyrd, dei guddommelege løfta, og at Herren
står ved sitt ord. Han utfører sitt ord med si hand. Då går ein ikkje til verda
for å sjå korleis ein skal få framgang i Guds rike.
Årsaka til uår
I Jer
5:24-25 får me også beskrive årsaka til at det vart uår: «I hjarta sitt har
dei ikkje sagt: Lat oss ha age for Herren vår Gud, som gjev regn i rette tid,
både tidlegregn og seinregn, han som held ved lag for oss den ordninga han
har fastsett for dei vekene vi kan hausta i. Misgjerningane dykkar har gjort
at alt dette har kome i ulage for dykk. Syndene dykkar har halde det gode borte
frå dykk.» Les me vidare i Jeremia kap 13 -15 vert hungersnauda mellom Guds
folk skildra veldig sterkt.
Tidlegregn
og seinregn fekk dei to gonger i året, og regnet var avgjerande for avlingane
deira. Her tala Herren om at «han held ved lag for oss den ordninga han har
fastsett for dei vekene me kan hausta.»
Gud har ordna med dei vekene det skal haustast i. Men så kjem alvoret:
«Misgjerningane dykkar har gjort at alt dette har kome i ulage for dykk.»
Guds ordningar er altså komne i ulag fordi ein i sitt hjerte ikkje seier og
tenkjer rett om Herren. Det skaper krise. Men i staden for å ha age for Herren
vår Gud som gjev regn i rette tid, erstattar vi dei guddommelege ordningane med
menneskelege ordningar.
Trua sikker i det usikre
I forhold til den strenge pietistiske
tida, må ein nok i ettertid seia at synd er noko som i større grad vedgår
heilskapen i livet, enn dei einskilde detaljane. Sjølve dødssynda er å ikkje tru
at Kristus er den han er. (Joh 8:24)
Misgjerninga som gjore at Guds ordning
kom i ulag, var at dei i sitt hjarta ikkje heldt Gud for å vere den han var. Dei
hadde fyrst og fremst age for seg sjølv og sine eigne ordningar.
Når mennesket er sjølvsikkert kjem trua
i fare. Trua er sikker når mennesket er usikkert.
Dette viser seg når Gud kjem menneske i
nær. Då fell alt menneskeleg i gjennom. Både det ein er, har, og representerar
innfor Gud. Alt menneskeleg vert usikkert og byrjar å vakle, og ein misser trua
på seg sjølv, på tradisjonar og ordningar.
Då vert trua på Gud det einaste
sikre, at Kristus er den han utgjev seg for å vere.
Kor er me i dag?
Menneskeleg visdom og kunnskap ser i
dag ut til å gjere menneska sikre på seg sjølve. Innsyn i alle livets
samanhengar gjer at ein og kan berekne og kalkulere seg fram til resultat ved
kløktige logiske system.
Det er slike system kyrkjevekstrørslene
byggjer sine teoriar og prinsipp omkring når dei tilsynelatande får ting til å
virke slik dei vil. Men til visare mennesket vert i eigne augo, til lenger
fjernar det seg frå Guds visdom.
Den
himmelske visdommen ropar derimot: – Det er andre ordningar som gjeld for Guds
rike! Det er dei ordningane som Herren har fastsett, og dei gjeld kanskje aller
mest når det er uår i landet!
Paulus
var ei tid ein slik sjølvsikker person. Han tenkte klårt om skrift, vedkjenning
og tradisjon. Han trudde kvar bokstav i skrifta, og var interessert i
kyrkjepolitikk og teologi, og brann av iver i si oppgåve. Øvsteprestane hadde
stor tillit til han, og gav han både fullmakt og pålegg til å gå hardt fram mot
dei kristne.
Verksemda
vart eit resultat av ein teologi som var vegen opp mot hans eigne tankar om Gud.
Feilen var at Paulus ikkje kjende Guds tankar om seg sjølv.
Men på veg til Damaskus vart Paulus
vegen av Gud. Guds tankar om han snudde alt på hovudet. Då skjella fall frå augo
hans, fekk han sjå at han i sin iver stridde mot Gud.
Frå då av såg han nytt på alt. Over alt
det han hadde lese og tenkt, hadde det lege eit dekke som skjulte det avgjerande
og viktige. Det var berre Herren som kunne ta dette dekket bort.
Og han seier: – Eg vart ikkje ulydig
mot det himmelske synet. (Apg 26:19) Han vart kåra til apostel og vitne, og han
vart fridd ut or sitt folk, frå heidningane og frå dei påleggja han hadde frå
øvsteprestane.
Anger og bot
Anger er inga botsøving me kan påleggje
oss sjølve. Men den er ei redsle som vert jaga inn i samvitet når synda vert
kjend, når eit menneske får sjå synda med Guds augo. Sjølv om vi i dag må
erkjenne store avvik mellom liv og lære, så ser det ikkje ut for at angeren er
særleg påtrengjande mellom guds folk.
I denne formiddagsstunda har me peika
på forhold som me sikkert kvar for oss kjenner oss skuldige i. Me kan ha sett
noko som ikkje er rett med oss i forhold til det punktet me står på. Til dømes
at det eine nødvendige ikkje bestemmer korleis me startar dagen. Eller at det
eine nødvendige ikkje er bestemmande for den dagen me går ut i, og at ei mengd
andre unødvendige ting kjem i vegen for ”det eine”.
Var ei slik erkjenning sann og ekte vil
den jage redsle inn i våre samvit, døme oss og få oss til å skjelve inn for Gud.
Tanken på kva konsekvensar eit feil livsfokus mellom anna har å bety for dei me
omgås, og tanken på at forholdet til Gud er i ulag, skulle eigentleg vore
uuthaldande.
Botsbøner
Botsbønene
og botssalmane i bibelen viser at botstonen høyrer med i eit gudsforhold. Då
David var gjort kjend med si synd sa han: – Kast meg ikkje bort frå ditt åsyn,
og ta ikkje din heilage ande frå meg!
Det ligg
stor dramatikk i slike utsegn. Saul fekk høyre: «Fordi du har vraka Herrens
ord, har Herren vraka deg.» (1Sam 15:23) Skjelv me for ei slik utsegn i
dag? Me som lever i ei tid då Ordet snart ikkje betyr nokon ting. Ordet er
ikkje lenger det eine nødvendige som me må spørje til råds i våre liv.
Bibelen er eigentleg full av botsbøner.
Salme 38 viser til dømes David i den ytste naud og redsle. Han er livredd for
den situasjonen som synda har sett han i! Og han ropar i v 23: «Skunda deg å
hjelpa meg, Herre, mi frelse! »
Om Gud ved si ånd får opna våre augo
for vår situasjon, trur eg ein vil skjelve for den store avstanden som er mellom
oss og ordets heilage standard. Dette gjeld også for dei mest bibeltruande sitt
forhold til den levande Gud. Ikkje minst i høve til den ”ordninga” som han har
fastsett. Er me årsak til at den er i ulage i vår samanheng, kan me spørje.
I sanning er det eit kall til bot, til
oppriktig anger og erkjenning av skuld. Erkjenning av sin skrøpelegdom. Me har
så lett for å kritisere det som føregår hos andre. Tenk om denne opningshelga
kunne bli eit vendepunkt der det avgjerande spørsmålet råka den enkelte:
– Kva med meg som forkynnar, som
styremedlem, som bibelskulelærar ? Om det kunne blitt jaga noko av denne
himmelske redsle inn i våre samvit: – Kast meg ikkje bort frå ditt åsyn, Herre!
Å stryke på kalk for dei
«Menneskeson! Sei til henne: Du er
eit land som ikkje er reinsa, som ikkje har fått regnskurer på vreidedagen. Dei
profetane som bur midt i det, er ein flokk av samansvorne. Dei liknar ei
brølande løve som ranar og røvar. Dei fortærer menneskeliv, dei tek gods og dyre
eigneluter. Dei gjer mange til enkjer der. Prestane der gjer vald på lova mi og
vanhelgar heilagdomane mine. Dei gjer ikkje skil på heilag og vanheilag, og dei
lærer ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lèt att augo for sabbatane
mine, og eg vert vanhelga midt mellom dei. Stormennene mellom dei liknar ulvar,
som ranar og røvar. Dei renner ut blod, dei tyner menneskeliv for å auka urett
vinning. Profetane deira stryk på kalk for dei. Dei ser fåfengd og spår lygn for
dei og seier: Så seier Herren Herren – endå Herren ikkje har tala.»
(Esek 22:24-28)
Spørsmålet må anfekte ein kvar
forkynnar: – Er eg i ein flokk med samansvorne? Er det skuld i mitt liv? Er det
skuld mellom oss når det gjeld å skilja reint og ureint, heilagt og vanheilagt ?
Me kjenner til den blodskuld som kviler over vårt folk! Dei mest uskuldige i
vårt folk som bøter med livet kvar dag!
Enda Herren ikkje har talt så spår dei
falske profetane i Herrens namn. Det ser ut som om til og med Jeremia var
begynt å stole på desse profetane når han seier: «Å, Herre Herre! Profetane
seier då til dei: De skal ikkje sjå sverd, og hungersnaud skal ikkje råka dykk,
men eg vil gje dykk varig fred på denne staden!»
Men Herren svarar han og seier:
«Det er lygn det profetane varslar i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje
gjeve dei påbod og ikkje tala til dei. Syner som lyg og falske spådomar og tomme
ord og svik or sitt eige hjarta profeterer dei for dykk.» (Jer 14:13-14)
Me er inne i ei vanskeleg tid, og me
veit snart ikkje kva me skal tru, eller kven me skal tru, eller ikkje tru. Midt
i alt er det kanskje og grunn til å tvile på seg sjølv!
Me er medskuldige!
Dette var eit innsyn i Israels
fråfallssituasjon, men så står det vidare: – Eg leita mellom dei!
For Gud var det om å gjera å få berga
dei ut or denne situasjonen som no var beskriven, og få gjort noko med denne
dommen som truga dei.
Så seier Herren: «Eg leita mellom
dei etter ein mann som ville mura opp ein mur og stilla seg i gapet framfor
åsynet mitt for å verja landet, så eg ikkje skulle øydeleggja det.» (Esek
22:30)
Gud var på leit. I denne situasjonen
var det avgjerande for folket at Gud fann ein redningsmann. Han går frå mann til
mann. Det var sikkert mange som klaga seg over det som skjedde. Det var sikkert
mange som prøvde å lage mottiltak mot uretten, og som talte både mot prest og
profet.
Då spørsmålet kom: – Er det nokon som
vil gå for OSS i denne situasjonen? Er det nokon som vil stilla seg i gapet for
mitt åsyn?
Då vart resultatet at han fann ingen.
Esekiel talar i same kapitlet om vektaren som ser sverdet koma over landet,
men ikkje blæs i basunen så folket vert åtvara.
Me må erkjenne oss medskuldige i den
situasjonen me er komne inn i som land og folk! Alt for mange lever som om det
eine ikkje er det nødvendige, og ser heller ikkje kva som verkeleg står på spel
mellom oss! Det grip oss ikkje, fordi me ikkje lenger vert gjort kjent med våre
synder frå talarstolane slik at me kjenner angerens redsle for stoda me er i.
Gifta i tida slepp til gjennom både
fjernsyn, radio, aviser – frivillig og ufrivillig! Men samvitet er i ro og vert
ikkje lenger oppskremt av noko. Sanninga er at me alle er medskuldige i den
stoa vår eiga samtid er i. Det trur eg er sant ut frå Guds ord. Me korkje såg,
tenkte eller ensa det eine nødvendige på ein slik måte at det verkeleg vart det
eine nødvendige som prega våre liv. Difor vart heller ikkje det eine det
nødvendige for våre omgivnader.
Gud fann!
Bota består som kjent av både anger og
tru. Men trua er ingen utgang av angeren som vi kan ordne med sjølv. Trua er
eit under som evangeliet skaper når det svarar syndaren på hans hjelpelause naud
og naudrop. Då David vart gjort kjend med si synd og skuld, og gav Gud rett i
hans dom. David fekk erfare at Gud tok syndeskulda hans bort. (Salm 32) Det var
ein himmelsk kunnskap han slik fekk del i, og denne kunnskapen snudde om på
heile situasjonen hans.
Det er noko forunderleg. Evangeliet
vitnar om at Gud fann ein redningsmann som kunne stå i gapet for Guds åsyn for
alle menneske. Han fann likevel den han leita etter i sin eigen son Herren Jesus
Kristus. Berre han kunne meistre denne viktige oppgåva. Det er ikkje me som
skal stå i gapet for Guds åsyn. Me treng sjølv den eine som kan stå der for vår
skuld.
Det eine nødvendige, er for alle å
kjenne den eine som dag og natt, står i gapet for Guds åsyn og vitnar om sin død
til dom og soning for vår skuld. Det er ein som tek den enkelte sin plass, og
som villig svarar for den enkelte som om han sjølv var den enkelte. Dette gjeld
og for alt det unødvendige ein hadde øydsla så mykje av livet på, og for at
basunens lyd var så veik og uklår, og ikkje fleire vart varsla og åtvara då ein
såg sverdet koma.
Difor treng me ein som fullstendig kan
ta vår plass. Ein som fullstendig kan stille seg fram for Gud med mitt. Eg
skjønar ikkje at han kunne bere all verda si synd, når eg tenkjer på kva han må
bere av det som eg er skuld i.
Men slik er Gud! Han fann den eine! Det
å finnast i han er det eine nødvendige!
– Kven vil gå for oss?
For den som har funne det eine
nødvendige, vert også spørsmålet: – Kven vil gå for OSS? Føresetnaden er at det
eine i alt vert det nødvendige.
– Kven vil gå for OSS? Det er den som
har lidd tap på alt anna. Guds ord er så radikalt. Det er eit enten eller. Det
skjer til beinet. Me kan ikkje forhandle oss til andre posisjonar i forhold til
Guds ord, enn den som ein gong for alle er oss gitt i Kristus.
Den som er i Kristus er i ein nådefull
posisjon over alt og til alle tider. Er du der, er du og eit vern for dine, for
ektefellen din, for familien din, for bygda di, for nabolaget ditt, for
arbeidsplassen din, for land og folk osv. Då kan det og seiast at du vert
ståande i gapet for Guds ansikt til vern. Men det er fordi du er verna i
Kristus. Det er ingen ny kvalitet eller kvalifikasjon knytt til deg eller kjøtet
ditt.
Men er du i Kristus då er det eine det
nødvendige, og du veit kva som er det eine nødvendige der du ferdast. Det vil då
merkast at ikkje alt det andre tykkjer er så nødvendig, er det for deg.
Som enkeltmenneske, arbeidslag eller
forsamling er det dette eine alt dreier seg om. Dei som av hjarta kan seie:
«Lat oss ha age for Herren vår Gud som gjev regn i rette tid», vil og få sjå
at han framleis; «held ved lag for oss den ordninga han har fastsett for dei
vekene vi kan hausta i.»
Sjå
også artikkelsamling av Gunnar Soppeland
|