Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Sluttreplikk til Ottosen
Av Gunnar Soppeland, saksa frå Dagen 21.07.05

I sitt innlegg i Dagen 9/7 skriv Ottosen at eg i liten grad prøver å forstå hans syn, og grunngjev dette med mi vurdering av artiklane i magasinet Yapa. At desse er skrivne ”for  å bevisstgjøre og orientere kristne lesere om hva som foregår i samfunnet vårt”, det har eg oppfatta. Det er behovet for, og eksponeringa av dette, eg er skeptisk til.

Når Ottosen skriv at: ”De fleste av oss hører om synder og ugudelighet gjennom nyhetsmeldinger i radio og tv hver eneste dag”, tykkjer eg dette gjev meir enn godt nok innsyn i kva som føregår i samfunnet. I tillegg les dei fleste av oss aviser, er på jobb, og registrerer at synda og gudløysa spreier seg som pest i folket på alle plan. Også mellom kristne. Men ut frå si eiga utsegn spør Ottosen om det då ”er så mye verre å se en tv-serie der noen lever i strid med Guds bud?”. Eg tykkjer han her forsvar noko skadeleg med noko skadeleg!

I Dagen 21/6 brukte han metaforen ”kloakklokkene” på ein måte mange kan slutte seg til. Likevel opplever eg at han opnar dette lokket for lesarane av Yapa gjennom dei nemnde artiklane. Etter å ha lese fleire avismeldingar av ”Sin City”, tykkjer eg faktisk Ottosen sin omtale er av dei meir positive til filmen. Nokre meldarar har teke med kraftige åtvaringar mot å sjå den. Det gjer ikkje Ottosen, sjølv om han i innlegget 28/6 seier : ”Jo, jeg vil advare kristen ungdom mot å la sinnet bli fylt av den elendighet som fyller både kinofilmer, tv-serier, litteratur og musikk.”

Er det då urimeleg å gå ut frå at meldingar utan åtvaring er i den godkjente kategorien? Skal ikkje gift merkast med gift?

Skamrosinga av såkalla kristne kjendisar i nettleiaren 8/6 på www.utsyn.no, låg og til grunn for det eg oppfattar som Ottosen sitt syn. Leiaren var kopla til ein av artiklane i Yapa. Sjølv om den er skriven av redaksjonsleiaren, reknar eg med at den har redaktøren si godkjenning. Utan å gå nærare inn på synspunkta i leiaren, trur eg mange som kjenner til kva syn NLM sine leiarar, forkynnarar, Utsyn og Fast Grunn tidlegare har stått for, ser at leiaren nærast er å rekne for eit kulturopprør. Å hevde at eit kulturope syn, i motsetnad til det pietistiske, har nådd langt ut med sitt vitnesbyrd, vitnar om mangel på både åndeleg og historisk dømekraft. Det pietistiske synet som både NLM og heile bedehusrørsla er bygt opp på, vert rett og slett sett i skammekroken.

Dei to postulata til Ottosen, at noko er nøytralt og at det ikkje er synd å sjå på synd, er for omfattande til å kome inn på her. Men eg er redd bruken og fruktene av slike utsegn.

Nøytralitetsprinsippet har dei seinare åra opna for musikkformer i kristen samanheng som definitivt ikkje er nøytrale. Kva kriterium Ottosen brukar når han vil åtvare ungdom mot å la sinnet bli fylt av elendet innan musikken, kan ein verkeleg lure på.      

Utgangspunktet for debatten med Ottosen var hans fokus på kristne sitt behov for meir kjennskap til medieverda, og måten han har eksponert dette på. 

Eg ser heilt annleis på dette, og meiner at det vi dagleg ufrivillig vert pådytta av synd og gudløyse, gjev meir enn nok kjennskap til vår eiga samtid. Og ikkje berre det: Den sjølvrådige, sjølvtilfredse og kjetterske tidsånda, som er demonisk i alle sine røter og greiner, har langt på veg rive kristenfolket med seg. Det heilage samfunnet er i ferd med å kvelast.

Tida er inne til å svinge kraftig av frå den kulturopne kursen ein nå har lagt seg på.

Eg vil seie med profeten: ”..Spør etter dei gamle stigane. Spør kvar vegen til det gode går, og ferdast på den!”   

Dette vart det min lagnad å peike på, og debatten er hermed avslutta frå mi side. 

Gå til artikkelsamling av Gunnar Soppeland



 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker