Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lære og form
Av Gunnar Soppeland, sakset fra dagbladet Dagen 27.06.05

”Utsyn” nr.12 i år, skriv om 15 NLM tilsette som nyleg drog til Saddleback for å lære om forsamlingsbygginga til Rick Warrens. Bladet let heimesekretær Ernst Jan Halsne oppsumme turen. I overskrifta heiter det at han fekk eit fornya kall i USA. Grunnen til det var at ”Det lå et kall i forkynnelsen til et liv i etterfølgelse og tjeneste som du sjelden hører”.

Om ting han ikkje likte, seier han at dei i Saddleback var ”sterke i  helliggjørelses-forkynnelsen, men jeg savnet den frigjørende evangelieforkynnelsen. Min egen beslutning og egen vilje kom veldig tydelig fram, og det ble kanskje ikke  skjeldnet så sterkt mellom det gamle og det nye menneske..”. 

Dette tvingar fram ein kommentar.

Det undrar meg at den evangelieforkynninga som Halsne skildrar kan kombinerast med ei sterk forkynning til helging. Dersom ikkje eit frigjerande evangelium ligg til grunn for ei sterk forkynning til helging, kva er då styrken i helginga?

Ingen er vel i tvil om at ei forkynning som ikkje skil mellom det gamle og det nye menneske og vil prege prinsipp og metodar for forsamlingsbygging.

Sunn vekst kjem av sunn lære. Ikkje som teoretisk erkjenning, men som praktisk motiv og rettesnor for personleg livsførsel og teneste. Den sunne læra er ein organisk del av livet.

Lære og form heng saman som erteris. Det er ikkje tilfeldig at ulike kyrkjesamfunn har ulike former. Katolsk lære og katolsk høgmesseform kan ikkje skiljast. Slik og med pinserørsla. Om nå ein katolsk kyrkjelyd skulle ta til å oppføre seg som ei pinseforsamling, kunne ein umiddelbart konstatere at teologien var vridd i same leia. Noko anna er utenkjeleg.

Like utenkjeleg som at forkynninga til dei gamle hovdingane i NLM kunne gått saman med dei nye formene for forsamlingsbygging.

Halsne hevdar at sjølv om han lærte mykje av turen, fekk han og stadfesta verdien av NLM sin eigen forkynnartradisjon. Men når han seier at denne arven ikkje må mistast, kan ein lure på om han ikkje ser at mykje av denne alt er tapt. 

Det ville vore ryddigare om han heller ville gjere greie for kva delar av arven som må ofrast i tilnærminga til Willow Creek og Saddleback, i staden for å rose seg av han.
 

Gå til artikkelsamling av Gunnar Soppeland

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker