Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Kunne ikkje få barn, sa dei...
Av Gunnar Soppeland, utlagt 24.09.05

Då engelen Gabriel kunngjorde for Maria at Elisabet venta ein son i sin høge alder, føydde han til: ”Ho kunne ikkje få barn, sa dei, men er no alt i sjette månaden”. (Luk.1.36)

Denne tilføyinga er det verdt å merke seg. Kjensgjerningane, som sa at Elisabet og Sakarias ikkje kunne få barn, fekk likevel ikkje siste ordet i den saka. Engelen talar ikkje berre imot  harde fakta, han jamvel ironiserar over dei som har ei matematisk røynd som fasit i tilveret,  og kunngjer at barnet snart skal fødast.   

Kunngjeringa sprengjer fornufta sine grenser og stadfestar at det Gud i tida har tala med munnen sin, det oppfyller han med handa si . Underet vert det einaste sikre her i verda.

Det er både pinleg og skamfullt for fornufta å bomme så kraftig som det engelen viser til. Og Elisabet sitt tilfelle var ikkje eineståande: Med Sara, Rebekka, Rakel, Hanna og mor til Samson skjedde det same. Johannes sin fødsel var berre eit av mange under som føyer seg til ei samanhengande under-historie frå opphav til ende. Etter han kom underet over alle under: Ordet som vart kjøt og tok bustad hjå oss. Om han heiter det i  Joh.1, at: ”Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til”.  Dette er grunntanken bak alt som har skjedd, alt som skjer, og om alt som skal skje fram til den evige dagen.

Verda si makt
Trass i at mennesket sjølv er eit skaparunder, og har sitt opphav utanfor naturlovene og den gitte verda, tenkjer mennesket at det (sann)synlege er det verkelege og fornuftige. Denne tanken skriv seg frå syndefallet, og får mennesket til å streve etter eit ideal som står i motsetnad til sitt evige opphav. Alt vert farga av at det opplevande egoet danna seg eit erfaringsgrunnlag i skuggen av ”Egypt”, (Jes.30.2) i staden for i skuggen av Den Allmektige. (Salm.91.1) Mennesket fann opp eit nytt maktomgrep tufta på eiga oppfatning av kva reell makt er.


Jesu freisting
Men han som er gitt all makt i himmelen og på jorda avviste denne makta fullt og heilt under sitt jordliv. Ingenting i denne verda var tilstrekkeleg i seg sjølv til å fremje hans sak. Alt han sa og gjorde hadde sitt opphav, sin grunn og sitt mål i Gud.

Det spesielle med Jesus var at han inga maktstilling eller maktposisjon hadde i verda, og han enda livet ved ein avmektig og ussel død som vart hans åndelege siger.

Heilt i starten av gjerninga si vart han tilbudd alle verdsens rike og deira herlegdom. Djevelens utspel var alle som eitt mynta på makt i verdsleg tyding. Og hadde han gjort steinar til brød, miraklet frå tempeltinden, og brukt si guddommelege makt til eigen fordel, ville folket ha jubla og forguda han. Verdsens rike og herlegdom kunne gjeve han den høgste status og autoritet.

Men alt dette avslo han i harme. Han kjende nok ordet frå Jesaja om Judafolket, som ved si pakt med Egypt gjorde ei pakt med døden og ein avtale med dødsriket, og gjorde løgn til si tilflukt og svik til si livd. (Jes.28.15)

I romanen Brødr. Karamasov flettar Dostojevskij inn ei lita novelle han kallar ”Storinkvisitoren”. Hendinga er lagt til Sevilla, der Kristus etter 1500 år er vendt tilbake og viser seg for folket.  Storinkvisitoren er ein mektig katolsk kardinal som straks befalar at Kristus må pågripast og fengslast. Tilbakevendinga vert oppfatta som forstyrrande og hemmande for kyrkja si viktige gjerning på jorda. Om natta kjem Storinkvisitoren til Kristus i fengslet og refsar han for ein stor feil han i si tid gjorde. Kyrkja måtte i ettertid streva med å korrigere for denne feilen for å gjere kristendommen omsetjeleg for folket. 

Feilen var å avvise freistarens tilbod i ørkenen. Ein skrøpeleg  menneskekunnskap gjorde at Kristus valte noko som ikkje tente til menneskets beste.

Storinkvisitoren og kyrkja valde derimot å takke ja til djevelens freistingar, og gjorde steinunderet, mysteriet og den verdslege autoriteten til grunnsteinar i sitt kommande verdsrike.

Novella får ein til å tenkje på kvinna i Johs.opb. som sit på dyret. Ved å gi avkall på brødet frå himmelen, sit kvinna med eit brød i sine hender som heile verda tykkjer er nyttig. Synd er for henne at nokon avslår hennar hjelp og let seg hjelpe av Kristus. Slike avvik sporar ho inkvisitorisk opp og straffar. Elles forkynner ho og presteskapet hennar fred og rikdom og tek på seg børa av samvit og personleg ansvar for folket sine synder. Dei som følgjer henne, merkar ikkje kor dei vert førte hen. Løyndommen som er skriven i panna hennar kan vere årsaka til det.

Kva er nyttig?
Kva som er løyndomen bak  ”det nyttige” ein i dag fokuserar på i det kristne arbeidet,  er eit alvorleg spørsmål. Ei praktisk tenking ser ut til å ha erstatta ei åndeleg, og ein let seg uhemma hjelpe av den verdslege makta og klokskapen som Jesus avviste.

Årsaka til dette kan vere at ein har tapt det åndelege målet av syne, og difor ikkje lenger skjønar kva veg som er nødvendig å gå for å nå dette. Verdsleg klokskap er ikkje i stand til å fatte Guds vegar, og kan difor heller ikkje stake ut nye vegar, utan at dei fører til andre mål. Hans vegar er uransakelege, og må gåast ved nåden, trua og Ordet åleine. Slik Kristus er, slik er det livet som har si kjelde i han. Ikkje formelt, men reelt og dynamisk.

Tilnærma kristendom
Ved verdsleg klokskap kan ein oppnå ein tilnærma kristendom. Diverre er det ikkje slik at alt som høyrer kristenlivet til spring ut frå kristendomens kjerne. Sakramentbruk, overgiving, innviing, tilbeding, bøn om kraft og teneste kan òg vere uttrykk for ei ytre tilnærming til kristendommen. 

Men tilnærma kristendom er ingen kristendom, og ei tilnærming til kristendommen er ikkje det same som å vere kristen. For å vere ein kristen, - må ein først ha blitt det. Og det å bli ein kristen er ei åndeleg sak, ikkje ei praktisk. Det går heller ikkje an å la kristendommen tilnærme seg verda for at verda lettare skal bli vunnen. Det er å blande religiøs logikk og tenkjemåte saman med det guddommelege, og balansera tru og tanke (fornuft) mot einannan.

- Eg er - den eg er
”Dersom de ikkje trur at eg er den eg er, skal de døy i syndene dykkar” seier Jesus i Joh.8 24.

Vitnemålet skal ikkje berre stemme med Bibel og vedkjenning, det må og vere bestemmande for tanke og handling. Elles er ikkje vitnemålet sant.

Å tru at han er den han er, er å rekne med han som har namnet Under, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste, - i absolutt alt. 

Kristi verk heldt fram gjennom dei han kallar til sitt oppdrag. Han spør ikkje  ”kven vil gå?”, men ”kven vil gå for OSS?” Himmelen har sin eigen agenda som skal utførast. Dei som går for Faderen, Sonen og Anden må tru at dei er dei dei er. For underet kan ikkje planleggjast eller hjelpast fram på menneskeleg vis. Underet er at Kristus er den han er.

I sjette månaden?
Paulus var sterk i heile Guds råd til frelse. Men i formidlinga av dette kjende han seg veik. Han bad Efesarane om forbøn slik at det måtte verta gjeve han ord når han opna munnen sin, så han med frimod kunne tala slik han burde tala. Han bad om eit under. At Underet måtte komme mellom han og tilhøyrarane. Dette seier noko om forkynnaroppgåva. Det rette måtte formidlast på ein rett måte, slik at tilhøyrarane kunne få det rett! Formidlinga var altså ikkje eit praktisk spørsmål for Paulus, men eit åndeleg. Å tale Guds ord som ein bør tale er ei gåve ovanfrå. Langs denne ”gamle” forkynnarstigen kraup fedrane våre på sine kne og tigga både dag og natt om å få dei rette orda ovanfrå. Og leiarane og styremedlemmene på alle plan i organisasjonane måtte i si hjelpeløyse ofte både starte og avslutte sine møte på knea. Underet var det eine nødvendige både for dei personleg, og for oppgåva dei stod i. Underet var deira vekstprinsipp.

Det eine nødvendige er visst blitt gamalt og ufruktbart i dag. Nå er ein avhengig av ei rekke rasjonelle nødvendighetar som kjem frå både frå aust og vest. Men dei som framleis ferdas i tru på dei ”gamle stigane” høyrer kanskje framleis dette himmelske: ”Ho er alt i sjette månaden”.  Kven veit?  

 Sjå også artikkelsamling av Gunnar Soppeland

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker