Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjenn treet på frukta!
Av Gunnar Soppeland, Dagbladet Dagen, 21.06.05

Espen Ottosen hevdar i Dagen 13.juni at ein forkynnar må sette seg inn i målgruppa si medieverd for å ha eit felles gjenkjenningspunkt med tilhøyraren.

Set ein dette på spissen, må Ottosen følje med på uhumsk litteratur, film og musikk for å bruke eit språk som gir denne interessegruppa meining. Han tvilar jo på om det går an å nå fram til folk utan å kjenne til kva dei fyller sinnet sitt med.

Kva med å kjenne treet på frukta?  Ser ikkje Ottosen all samrøra og verdslegdomen som i dag heldt på å fortæra den kristne ungdomen? Og ser han ikkje alle referansepunkta til dette i Bibelen?  Strekk ikkje dette til for ein forkynnar, bør han sysle med noko anna.

I boka ”Mot målet”, som fyrste gong kom ut i 1924, skriv Ludvig Hope ut frå teksta for Kristi openberringssundag. Her peikar han på vismennene som vart varsla om å fare ein annan veg heim for ikkje å kome tilbake til Herodes, som ville tyne Frelsaren. Ut frå dette  åtvarar Hope sterkt mot blanding av verdslegdom og kristendom, og nemner fleire døme på dette. Til slutt seier han: ”Om mi røyst kunne høyrast, so ville eg ropa ut til alle kristne og vara dykk for den vegen. Han er fårleg, mykje fårlegare enn mange trur. Eg veit han er fårleg, fordi eg har prøvt han, og vil vara andre av eiga, dyr røynsle.” 

Hope si røyst er diverre ikkje lenger representativ for den organisasjonen han i si tid leia, trass i at gjenkjenningspunkta i forkynninga hans framleis er like aktuelle.

Ottosen sine tankar ser ut til å vere henta frå stiftaren av ”Damaris”, Nick Pollard. Han vil at kristne skal oppdatere seg på all slags poppkultur. Då vil dei kunne ha eit ord med i laget når til dømes film, fjernsyn, teater eller poppartistar vert drøfta på arbeidsplassen, i lunsjpausar eller i verdslege lag og samanhengar. Denne tenkinga inngår og i Willow Creek sitt opplegg.

I forhold til den strenge pietistiske tida må ein nok i ettertid seia at synd er noko som vedgår heilskapen i livet, meir enn dei einskilde detaljane. Men alvoret vert ikkje mindre av den grunn. Synd er at dei ikkje trur på meg, seier Jesus.

Slik eg ser det, gjer kristendommen krav på å vere det grunnleggjande i tilværet som alt anna må innordnast. Bodskapen i evangeliet, og Guds nyskapande gjerning i syndaren, stiller heile mennesket i eit nytt forhold. Ikkje berre til Gud, men til heile menneskelivet. Det eksisterar ikkje lenger noko livsområde som ikkje føreheldt seg til, eller er bestemt av den truande si stilling som Guds barn. Alle livsforhold må vere i samsvar med Guds vilje.

Den som er i Kristus har Kristus mellom seg og alle andre forhold. Fyrst og fremst kjem han mellom syndaren og Gud. Deretter mellom den kristne og verda, mellom kone og mann, foreldre og born, arbeid og kollegaer, forkynnaren og forsamlinga og mellom den kristne og medieverda.

Kort sagt, i alle forhold er det den enkeltes forhold til Kristus som bestemmer alt anna.

Dermed kjem ein kristen heller ikkje unna alle dei ubehagelege reaksjonane Jesus vart møtt med. Det støytande ved Han vil og arbeide oss imot: Dei ein vil nå med frelse, møter i vår bodskap sin eigen undergang. Dei ein vil kle i bryllaupsklede vert først kledde nakne og gjort skamfulle. Dei som avskyr Kristus vil avsky dei som er i han.

Alle forsøk på å overvinne denne motsetnaden svekker Skrifta og styrkjer verda.

Det er å gjere kulturen (medieverda) og det opplyste menneske til ei overordna eining alt skal innordnast. Dermed vert kristendommen gjort til ein ide, livssyn eller doktrine som føyer seg til kulturen på line med lærdom, kunst og moral.  For å vinne sympati og få tilhengarar, lyt ein  då kjempe kommersielt. Kristendommen må bydast fram som matnyttig problemløysar, som kan bøte på skadar som høyrer til det å vere eit ”moderne” syndig menneske.                                                      

Vi er inne i ei utfordrande og spanande tid. Eg er verkeleg spent på Guds veg i dette kaoset.

Lukas skriv i Apgj 14.26, om at Paulus og Barnabas avslutta den første misjonsreisa der dei starta. I Antiokia;  ”der dei ein gong vart gjevne over til Guds nåde for å gjera den gjerninga dei no hadde fullført”.

Overgitt til Guds nåde, - Det er tingen! Tenk å få starte, leve, fullføre og avslutte der!

Gå til artikkelsamling av Soppeland

 

 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker