|
Isolasjon eller
assimilering? Espen Ottosen skriv i Dagen 28/6 at han er samd i det meste av det eg skreiv i mitt innlegg 21/6. Til det må eg seie at semje fyrst og fremst kjem til uttrykk gjennom det ein i praksis legg vekt på. Eg veit at Ottosen ynskjer å halde seg til Skrifta og vedkjenninga. Men tyngdepunkt i innlegget hans forundrar meg både i forhold til tradisjonen han står i og den aktuelle åndssituasjonen. Når eg hinta om at Ottosen var påverka av ideen bak ”Damaris” og Willov Creek var det grunna på eit samanfall mellom ytringa hans og den kulturfokuseringa desse representerar. I tillegg tenkte eg at når han skriv filmmelding for Damaris, og hentar filmmeldingar frå Damaris til magasinet YAPA, så høyrer praksis og idé saman. Eit viktig poeng for Ottosen er at kristne ikkje berre kan trekke seg tilbake og isolere seg frå det som påverkar. Vi må kjenne vår tid og våre medmenneske for å nå dei med evangeliet. I tråd med dette brukar han YAPA nr. 2 i år til omtale av TV-serien Frustrerte Fruer, og valdsfilmen Cin City. Om sistnemnde heiter det: ”I Syndens by er det rikelig med nettopp synd. Her er det prostitusjon og korrupsjon, hevn og hat.” Ottosen seier han vil åtvare ungdom mot å la sinnet bli fylt av alt elende som medieverda er fylt av, men vil ikkje med dette seie at alt er nedbrytande og skadeleg. Vi går ut frå at eksempla frå YAPA då er i den godkjente kategorien. I same bladet er det intervju med Rune Larsen. På nettsida til Utsyn vert Larsen og Carola skamroste som representantar for ei gruppe kristne som var uglesett i mange år fordi dei ikkje tok avstand frå verda, men som i motsetnad(!) til kritikarane har nådd langt ut med sine vitnemål. I tillegg har dei skaffa resten av ”kristenheten” goodwill(!!) ved å vise at kristen tru ikkje gjev grunn til å isolere seg frå omverda. Til slutt heiter det: ”Kanskje det kan lære oss å være litt mer imøtekommende mot neste generasjon kristne som kombinerer tydelig tro med moderne kultur”. Ettersom Utsyn ikkje er redaksjonens, men organisasjonens røyst, må det vere klårt for alle at ikkje noko av det førnemnde er representativt for Hope sitt syn eller røyst. Den tilnærminga til verda som ein no idealiserar er basert på ”fornuftige” kjensgjerningar. Hope forstod verda ut frå kjensgjerningane i Bibelen. ”Når det eine er det naudsynlege, vert òg det eine det nødvendige”, er det sagt. Det var dette eg prøvde å vise til når eg i førre innlegg peika på at den som er i Kristus er ein ny skapning, og at eit direkte forhold til Han gjev eit indirekte forhold til alt anna. Er ein i Kristus - er ein og i Guds plan, og med det i si livsoppgåve. Denne oppgåva kan ikkje effektiviserast på annan måte enn ved å vinne større innsikt i dei skattane av visdom og kunnskap som er løynde i Kristus. Det er velsigninga i Kristus som gjer ei oppgåve til ei guddommeleg oppgåve. Utan velsigning er all kristeleg aktivitet forgjeves. Å prøve å måle velsigning i form av goodwill frå verda er fullstendig irrelevant. Ottosen er redd for at isolasjon frå påverknad gjer oss framande for vår eiga tid. Eg er derimot redd for at assimileringa er komen så langt at vi er blitt framande for vår eigen Gud. I Joh.15. brukar Jesus det grunnleggjande uttrykket ”i meg” ti gonger. Med treet og greinene illustrerar han realismen i dette forholdet. Vingardsmannen skjer ufruktbare greiner bort, og dei som ber frukt skjer han ned for at dei skal bere meir frukt. Ynskjer vi sann åndeleg vekst må vi førebu oss på både bortskjering og kraftig nedskjering. |