Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DEN SISTE TIMEN
Av Gunnar Soppeland

Dette er eit  utdrag frå talene som Gunnar Soppeland hadde på Hovudsommarskulen til NLL på Moi sommaren 2004. Utdraget er utarbeidt av Dag Rune Lid og litt omarbeidt i forhold til den munnlege forma.

«Mine born, det er den siste timen. Og liksom de har høyrt at Antikrist kjem, så har alt no mange antikristar stått fram. Av dette veit vi at det er den siste timen.» (1 Joh 2:18)

Det er eit bestemt tidsperspektiv som Johannes her gjev oss, og han grunngjev sin påstand med åndelige kjenneteikn. Johannes tok Jesu eigne ord frå Mat. 24 på alvor, der Jesus viser til både indre og ytre teikn i tida før han kjem att. Det skal kome ei veldig åndeleg forføring gjennom falske profetar og messiasar. Han seier at mange falske profetetar skal stå fram, og dei skal forføra mange.

Difor skal Herrens dag komme uventa, som ein tjuv og når dei seier fred og ingen fare osv.  Når ein meinar å ha alt under kontroll, då skal det skje.

Så seier Paulus: - Lat ingen lura dykk! (2 Tess 2:3) Alle som lever i  denne siste tid vil verte utsette for denne fare og forføring. Jesus brukar sterke ord om disse forførarane og seier at dei «skal stå fram og gjera store teikn og under, for å føra jamvel dei utvalde vilt, om det var råd.» (Matt 24:24)

Åndeleg søvn – endra realitetssans

Den åndelege søvn har vore eit stadig faremoment til alle tider, men det skal vera eit særtrekk ved den siste tid. Paulus tek det opp i fleire av sine brev og skriv mellom anna til romarane: «Og dette må vi gjera, av di vi kjenner tida, at timen er inne då vi lyt vakna or svevnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua. Det lir med natta, det stundar mot dag. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som høyrer mørkret til, men ta på oss våpna åt ljoset.» (Rom 13:11-12)

Det skreiv Paulus allreie då. Gjennom heile Skrifta vert ”born av ljoset og av dagen” åtvara mot åndeleg søvn, og oppfordra til å vake og vere edrue.

Søvn og rus endrar realitetssansen.  Ein ser, men ein ser ikkje rett. Ein ser ikkje sant på situasjonen. Draum og røyndom, sanning og løgn blir blanda saman. Den som er rusa følgjer ikkje med på kva som skjer med han eller omkring han. Ein lever i si eiga verd, i ein kunstig røyndom, i si eiga draumeverd.

Det spesielle med å falle i søvn er at ein aldri veit når det skjer. Det er når ein blir vekt ein blir klar over at ein har sove.  Ein kan bråvakne av at den verkelege røynda bryt svevnen av, og ein slår plutseleg augo opp i ein uønskt tilstand. Slik var det med brurmøyane.

Dei fall i søvn, men midt på natta lydde det eit rop: - Brudgommen kjem! Det var brurmøyar som var på veg for å vere med når brudgommen kom. Så vakna dei og konstaterte: - Lampane våre sloknar! Dei kom for seint! Dei kom til stengde dører! Realitetssansen var frårøva dei!

Er det misforhold i ditt liv?
Me kan tenkje på den rike mannen som slo sine augo opp i pine. Han vakna og. Det måtte vere ein brutal måte å bli vekt på.

Like eins kyrkjelyden i Laodikea som blei avvist av det  trufaste og sannferdige vitne. Deira oppfatning stemde ikkje med den åndelege røynda. Realitetssansen deira var forvrengt. Dei var lurt. Dei var forførde.

Åndeleg sett er det ingen som er så vakne at ein ikkje treng til å bli vekt. Det kan vere at Herren i vår situasjon treng å ta frå oss vrangforestillingar som vi er tilført av endetidas villfaring. Kanskje me som sit her er i ferd med å bli lurt ?

Guds ord må få gjere oss merksame på alvorlege misforhold som har snike seg inn, både i det kristne arbeidet, og i den enkelte sitt liv. Misforhold som kan bli avgjerande når endetida si smerte og trengsle set inn.

Difor skal du opna ditt hjarta for Herrens tale, og la Herren med sitt ord og si ånd få lov å ransaka deg – om det er misforhold i ditt liv? Det som elles kan bli din bane. «Den siste timen» er full av missforhold og vrengebilete av sanninga.

Løydomen i lovløysa
Paulus skriv om at løyndomen i lovløysa er alt verksam(2 Tess 2:7). Løyndomen i lovløysa er eit spesielt uttrykk som tyder ulydnad og opprør i løynd og hemmeleg form. Det ytre og det indre er ikkje i samsvar.

Slikt misforhold var typisk for fem av dei sju kyrkjelydane i Vesle-Asia som står omtalt i Johannes Openberring. Det var ulydnad og opprør i skjult form, mot han som var det truverdige vitne(Op. 1:5). Han kom og sette fingeren på det som var deira fare.

Ut i frå Guds ord kan det sjå ut til at tilstanden i Laodikea blir typisk både for det åndelege og verdslege området i den siste timen.

Folkestyret opphøya
Laodika tyder folkestyre. Demokratiet et er på mange område ei ideell styringsform når berre er tufta på eit sant verdigrunnlag. Men i den siste timen er det mykje som tyder på at folkestyre opphøyar seg sjølv som øvste rettsinstans  både  samfunnsmessig og åndeleg. Stortinget har ved fleire høve sett seg over Guds ord. Åndelege leiarar har gjort det same.

Det er dette Paulus skriv om i 2 Tim 4:3 ”For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sunne læra…”

Totalitære regime som ikkje har tolt eller tillete den sunne læra har det vore eksempel på til alle tider. Men Antikrist, som folkehavet i endetida skal lyfte fram, skal på ein særeigen måte komme folkeviljen  i møte. Han er skildra med ein farleg sjarm i si omsorg for det usle svake mennesket si lyst til det vonde. Han vil gjere folket til lukkelege syndarar og har difor alliert seg med den store skjøkja.

I dette forholdet vert Bibelen både dømande og diskriminerande, og såleis lovstridig. På den åndelege fronten blir ein altså intolerant overfor den sunne læra og tolerant overfor den usunne. Paulus nemner sjølv til to forsamlingar der det alt på hans tid var blitt slik.  Det var i Korint og Galatia.

Vranglæra – forfalsking av evangeliet
Mellom korintarane opptrer falske apostlar. Dei forkynner ein annan Jesus. Dei formidlar ei anna ånd, og dei formidlar eit anna evangelium. Så seier han: -De toler det så gjerne(2 Kor 11:4).

Mellom Galatarane ser ein ei tilsvarande utvikling. Paulus skriv: «Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk?» (Gal 3:1) Dei begynte i ånd, og ville no fullføra i kjøt. Dei tolte ei forkynning som gradvis fjerna dei frå sanninga i evangeliet.

Sjølv om det er mange evangelium, er det berre eit evangelium som frelser. Det er dette guds folk skal ivareta. Men når demokratiet blir overordna rettsinstans og dommar, er det fare for at fordeling av lærestatus veg meir enn sjølve læreansvaret. Og i trå med dette kan representasjon bli viktigare enn kvalifikasjon, og samhald av sprikande syn, meiningar og praksis, bli overordna sanninga!

Over lang tid har ein sett at tolegrensa for usanning mellom kristne er tøygd og utvida slik at ein kan lure på om slik grense lenger fins. Medan tolegrensa overfor bibelske sanningar er snevra så drastisk inn at Bibelen på fleire punkt nærast har fått teieplikt.

Konfrontere med Sanninga
Paulus ber dei truande om å halde auga med folk som valdar kløyving og fråfall frå den sunne læra, og ber dei om vende seg frå dei. Han oppmodar til konfrontasjon. (Rom 16:17-20)

Profeten Jeremia fekk kall til å være eit reiskap i Guds rike med orda: «Du skal binda opp om deg og stå opp og tala til dei alt det eg byd deg. Ver ikkje redd dei, så eg ikkje skal gjera deg redd dei! Og sjå, i dag gjer eg deg til ei fast borg og til ei jernstøtte og til ein koparmur mot heile landet – mot kongane i Juda, mot hovdingane der, mot prestane og mot folket i landet.» Jer 1:17-18

Det kan fort snu om. Den som byrjar å frykte demokratiet, folkestyret og folkeviljen kan veldig fort koma til å bli dette underdaning.

Gud reiste seg opp eit vitne som stod imot utviklinga i si samtid. Det er ikkje moderne å vere imot. Du skal vere positiv! Du skal vere open! Du skal vere tolerant! Men Gud reiste seg opp eit vitne som skulle vere imot  og sa: - Du skal ikkje tole usanninga, du skal stå som ein mur slik Guds evige ord står opp mot det vonde!

Ikkje med vise ord
Då Paulus skriv til romarane(Rom 16:17-20)  om forførarane, seier han at dei kjem i løynd form. Utvendig kjem dei under dekke av å vere Kristi tenarar, men innvendes tenar dei sin eigen buk.

Dette er ein fare som ikkje berre gjeld falske profetar, men det er ein fare for alle.  Det å ha dei rette meiningane, men likevel ikkje ha det rett i sitt hjarteforhold til Gud. Det er det som er poenget her.

Forførarane kom med fagre og smiskane ord, poengterar Paulus. Dette har med forma på forkynninga deira å gjere. Og det var denne forma som gjorde at hjarto til dei  godtruande vart dåra. Dei oppnådde å skaffe seg sjølv inngang og framgang. Midlet var eit evangelium innhylla i smiskande ord, men utan kraft til frelse.

Det var nok eit evangelium som låg nært opp til det Paulus forkynte, men frelseskrafta mangla. Om si eiga forkynning seier Paulus at han ikkje kom med vise ord, så Kristi kross ikkje skulle missa si kraft. (1Kor 1:17)

Det var altså avgjerande korleis evangeliet blei forkynt. Det skulle ikkje forkynnast med vise ord. Det skulle ikkje leggjast til rett for forstanden. Det skulle ikkje avgrensast til det folket kunne tole å høyre. Då ville det tape si kraft, sjølv om det kunne vere mykje evangelisk sanning i det.

Dei godtruande
Både i Rom, Galatia og Korint var det godtruande personar i forsamlingane. Det vil seie at dei støtta seg til og trudde på forførarane sin offisielle agenda. Dei støtta seg til mange  glimrande utsegner som forførarane hadde om seg sjølv.  Det dei ynskte, meinte og ville - det fann dei godtruande akseptabelt.

Paulus vurderar dei derimot ut frå det faktiske innhaldet i forkynninga. Han ser at det er noko som ikkje stemmer med den ytre framferda deira. Og han avdekkar vidare denne skjulte agendaen som ligg under dei smiskane orda.

Han skriv: «For desse er falske apostlar, svikefulle arbeidarar, som skaper seg om til Kristi apostlar. Og det er ikkje noko å undrast over, for Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel. Då er det ikkje noko stort i det at tenarane hans òg skapar seg om til tenarar for rettferda. Men dei skal få ein ende som svarar til verket deira.» (2Kor 11:13-15)

Dei har altså prøvd å bli så like Kristi apostlar som over hovudet mogleg. Dei var imøtekommande og smigrande. Kanskje er det og typisk  for endetidskristendommen at folk sjølv skaper seg om til kristne arbeidarar. Dei har skin av gudsfrykt, men fornektar hennar kraft. Dei kan det rette! Dei har lært det rette! Men dei har det ikkje rett! Difor er dei forførarar.

Sløve til å høyra
I den siste timen vert ikkje nådegåver og vitnemål etterprøvd på Guds ord. Det som betyr noko er om personen styrkjer oss, støttar vår gruppe, vårt syn osv
.

Det manglar ikkje på vilje og tanke for kven ein skal tilsetja, og framgangsmåtar og prøvetid for dei ein vil bruke i teneste for evangeliet. Alle verksemder har detaljerte føresegner om slikt. Men for at dette skal fungere, krev det oppøvde åndelege sansar til å etterprøve dei åndelege og menneskelege kvalifikasjonane i praksis, slik Paulus gjorde.

Men i ei søvnens tid sløvnar dei åndelege sansane. Me nyttar uttrykket «slumringstid». Då blir ein sløva, og det går ut over dei åndelege sansane som skulle vere på vakt. Dei som skulle stå på muren, og som skulle kunna gje beskjed – dei slumrar.

I Hebrearbrevet Heb 5:11-14  står det: «Om dette har vi mykje å seia som er vanskeleg å leggja ut, fordi de har vorte sløve til å høyra. For endå de etter tida burde ha vore lærarar, treng de einkvan som atter lærer dykk dei fyrste grunnleggjande ting i Guds ord. De har vorte slike som treng til mjølk, ikkje fast føde. For den som enno får mjølk, kjenner ikkje rettferds ord, han er då eit barn. Men fast føde er for dei vaksne, for dei som ved å bruka sansane sine, har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.»

Her er den åndelege forståinga og alvoret sløva bort.  Dei burde vore lærar, og hjelpt andre til klårleik i ei forvirra tid. Men dei trong sjølv til nokon som lærde dei om att dei fyrste grunnleggjande tinga i Guds ord,  det som er avgjerande for å kome til nytt liv i Gud. Dette heldt på å smuldre bort mellom dei truande. 

Øve opp sansane til å skilje
Så blir det ei samanblanding av godt og vondt, slik det var i Laodikea. Dei var verken kalde eller varme, men lunka. Difor ville Herren spy dei ut or sin munn.

«Men fast føde er for dei vaksne, for dei som ved å bruka sansane sine, har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.» Motsetninga til dei som hadde sløvna inn var dei åndeleg vaksne som hadde oppøvd sansane sine til å skilja mellom godt og vondt.

Hjå den som er sløvna vil det gode og det vonde etter kvart blandast i hop.  Han vil setje andre grenser enn ein med klare åndelege sansar. Når ein ser korleis dei bibelske grenseskilja gradvis vert viska ut i både  kyrkjesamfunn og organisasjonar er det verkeleg grunn til å spørje om denne åndelege skade, med sløve sansar går heilt til topps i styre og stell?  Det gjer i så fall situasjonen verkeleg dramatisk.

Dei godtruande trur godt om alt!
Der lærarar og hyrdar med oppøvde sansar skulle sitje, set ein då inn godtruande lærarar og hyrdar. Godtruande er i dag blitt synonymt med rettruande, og dermed ein vesentleg kvalifikasjon for å komme med i det «gode selskap». Den som ikkje er godtruande i den samanhengen han står i, blir fort uglesett.

Ein godtruande er lojal og ukritisk. Han talar der han skulle teie, og teier der han skulle tale. Han trur godt om alt! Til og med om det Bibelen talar imot. Og om han ikkje er einig i alt, så toler han at alt får rom. Som til dømes kvinnelege hyrdar og lærarar, sambuarskap både mellom like og ulike kjønn,  fosterdrap, m.v.

Dei bryr seg meir om at noko skjer, enn kva som skjer, og ser meir på effektiviteten av nye tiltak, enn på rørslene ideane, tankane og det åndelege synet som ligg bak. For godtruande manglar oppøvd evne til å skilje mellom godt og vondt, ånd og kjøt, lov og evangelium.

Dei godtruande blir sjølvsikre og sjølvhjelpte. Dei trur og godt om seg sjølv. Dette skin tydeleg gjennom når me tenkjer etter kor mykje av det kristne arbeidet, våre håp, visjonar og draumar som i dag er bunde til det jordiske. Alt skal drivast og sikrast med jordiske og verdslege midlar og metodar. Ein er meir avhengig av vanleg logikk og kvardagserfaring enn åndeleg skjøn og nådegåver.

Der skatten din er
Kvifor er det slik?  Fordi den som ikkje er rik i Gud, tryggjar livet sitt med det han eig og sovnar av. I staden for å vere rik i Gud og avhengig av å få alt av hans hand, vert ein då rik på  det som erstattar Gud, og som gjer oss sjølvstendige og uavhengige av han. 

«Der skatten din er, der vil hjerta ditt òg vera»(Matt 6:21), seier Jesus.  Problemet med den jordiske rikdommen er ikkje kva du gjer med den, men kva rikdomen gjer med deg – med hjarto våre,  er det sagt. Det er ikkje at du skulle gitt meir - der eller der. Det er ofte det mange som talar om pengar vil ramma oss med i våre samvit. Så trur ein at ein berre kan betale seg ut av problemet.

Jesus seier: - Søk først Guds rike, så får du det du treng i tillegg(Mat 6:33).  Er ikkje det sikkert nok? Kvifor trur du Jesus seier dette? Er det for å lokke oss inn på noko usikkert? Nei, fordi Guds rike er det einaste sikre vi har i denne verda! Der skatten din er, der vil hjarta ditt vera – det er alvoret. Skatten gjer noko med hjarta, det trekkjer hjarta til seg. Skatten får hjarta til å jobbe for seg!  Der me er med hjarta, der er me med heile livet vårt! 

Slå deg til ro
Den rike mannen sa: «Sjel! du har mykje godt liggjande for mange år. Slå deg til ro – et, drikk, ver glad!» (Luk 12:19) Så vart det ro, men det var ei falsk ro, ei dødens ro  der det skulle ha vore uro, naud og hjelpelaust rop til himmelens Gud. Kvifor? Fordi hjarta var styrt av falske skattar. Prisen for denne søvnens ro i verda er; æva – det evige livet!

Bibelen seier: «Og no, de rike! Gråt og klag over all den ulukke som kjem over dykk! Rikdomen dykkar er rotna, og kleda dykkar er mølletne. Gullet og sølvet dykkar er rusta bort, og rusta på det skal verta eit vitnemål mot dykk, og lik eld skal ho eta dykkar kjøt. De har sanka skattar i dei siste dagar! Sjå, løna de har halde attende frå arbeidarane som har skore åkrane dykkar, ropar høgt, og ropa frå haustfolka har nådd fram til Herren Sebaots øyro. De har levd i ovlivnad og overflod på jorda. De har gjødd hjarto dykkar på slaktedagen.» (Jak 5:1-5)

Kvifor blir dette gullet og sølvet til eit vitnesbyrd mot denne rike? Fordi han har sanka skattar i dei siste dagar. Travelheita og opptattheita med denne verdens ting stod ikkje i forhold til åndssituasjonen han levde i. Her er det eit grovt misforhold også i vår tid, med tanke på at me er i den siste timen.

Ein er i ferd med å styrkje sine hjarto med dette som ein dag skal vitna imot ein. Hadde me høyrt dette ordet som her blei lest, så trur eg me hadde falle på våre kne og ropt til himmelens Gud. Me hadde bedt Herren fri oss frå denne mammons makt som har knytt våre hjerter til seg på ein slik måte at me ikkje lenger skjønar kva åndssituasjon me er i!

Me lyt vakna or søvnen!
Kva er det Paulus skriv til romarane ? «Dette må me gjera, av di me kjenner tida, at timen er inne då me lyt vakna or svevnen.» (Rom 13:11) Han hadde gjort dei kjent med noko, som måtte føra til noko. Me lyt vakna or søvnen! Eg er overbevist om at  søvnen er det alvorligaste problemet me står overfor. Timen er inne til å vakna or søvnen.

Seier me ikkje til vanleg når tida held på å renne ut: «No må me skunde oss! No må me ikkje kome for seint!» Guds folk, me må skunde oss! I dag om du høyrer hans røyst! Det er ingen morgondag som Bibelen forkynner. Nei, Bibelen forkynner i dag! Me må skunde oss!

Spørsmålet er ikkje kor me står med våre liv i det kristne arbeidet, men spørsmålet er kor me står i vårt forhold til Gud med våre hjerter. Spørsmåla blir: - Er me rike i Gud? Kva rikdom er det hjarto våre heng fast ved? Kor er me? Det er det Bibelen her rettar søkelyset sitt mot.

Å vere i Kristus
I Kristus er brukt nærare 200 gonger i NT. Det er eit uttrykk som plasserar Guds folk ein bestemt stad – i Kristus: Der er det sikkert, der er det trygt, der er det rikdom, der er det omsorg for lekam og sjel. Det er den einaste sikre staden for både tid og æve! Å vere i Kristus uttrykker det mest inderlege samfunnet ein kan tenkje seg. 

Paulus var reie, og hans liv var i Kristus. Han seier «For det å leva er for meg Kristus, og det å døy er ei vinning.» (Fil 1:21) Paulus var i rett posisjon.

Verdien av å vere i Kristus er bestemt ut frå kven Kristus er! Er me i han beror alt på han. Det han er og den han er, bestemmer alt under alle forhold.

Kristus kjem i mellom
Men eit direkte forhold til Kristus gjev eit indirekte forhold til alt anna. Ein vert omgitt av han på alle kantar. Ein har Kristus mellom seg og alle forhold. Det grunnleggjande og bærande er at Kristus kjem i mellom den truande og Gud – og med sitt dyre blod skjuler alle hans synder. Men han kjem og i mellom den truande og verda, den truande og satan, den truande  og vondskapens åndehær i himmelrommet.

Kristus kjem i mellom absolutt  alle forhold som måtte møta oss på livets veg. Det er ikkje eit punkt, og det er ikkje ein plass på vår vandring kor ikkje Kristus  kjem i mellom oss og dei ytre vilkåra. Det er eit salig og oppbyggeleg bibelsk faktum.

Han kjem i mellom bror og bror, mellom kone og mann, mellom Guds folk og verda, mellom forkynnar og forsamling. Ingen ting er unnateke. Kristus kjem i mellom alt. Den som har Kristus mellom seg og alt, han er og sikra i endetida.

Paulus seier: «På alle vis er vi trengde, men ikkje stengde; rådville, men ikkje rådlause; forfylgde, men ikkje forlatne; nedslegne, men ikkje utslegne.»(2Kor 4:8)

Verken stengd eller rådlaus
Det betyr at Guds folk på alle vis er trengde, slik Jesu var trengd i denne verda. Men ingen vert stengde så lenge Kristus kjem i mellom alt. Me er rådville men ikkje rådlause, for Kristus, Rådgjevaren, kjem i mellom! Om ein må stå aleine i denne verda, og ha alt og alle mot seg, så er ein verken stengd eller rådlaus!

«Har dei forfylgt meg, så vil dei forfylgja dykk òg»(Joh 15:20), seier Jesus. Du kan vere forfølgd, med du blir ikkje forlaten. Pris skje Gud! Det er ein som står i mellom deg og den forfylging du måtte møta på din veg. I Kristus er du ikkje forlaten.

Det er lett å bli nedslegen reint menneskeleg, men ikkje utslegen. For Kristus står i mellom deg og det som ville slå deg ned. Difor blir me ikkje utslegne!  For den som er i Kristus er ikkje stengd, ikkje rådlaus, ikkje forlaten, ikkje utslegen. I Kristus kan alle dører opnast, alle bommar sprengjast og alle bakkar jamnast ut.

Utan Kristus kan me ingenting gjera. Det som ikkje vart gjort i han, vil ein til sist ynskje var ugjort.  Det kjem berre til å stå att som vitne om dårars dårskap.  

Er det mistanke om misforhold i ditt liv, at ikkje Kristus er din høgste skatt eller slepp til mellom deg og dine skattar, så må du ikkje ta det lett og enkelt med det som no er sagt. Må Gud velsigne den enkelte!  

Å forkynne Guds ord
Forkynninga av Guds ord vil alltid vere i fokus mellom kristne, anten arbeidet går fram eller attende. I dag er tradisjonell forkynning i djup krise. Manglande gjennomslagskraft gjer at  den taper terreng som det berande elementet i den kristne verksemda.

Emissæren er snart ein kuriositet. Personar som disponerar andre eigenskapar, verkemiddel og møteopplegg har teke hans plass. Monologen frå talarstolen er kritisert både for si form og sitt innhald.

Det er eit alvorleg faktum at Guds ord kan forkynnast slik at det blir utan frukt. Paulus minner om at til og med Kristi kross kunne misse si kraft ved at evangeliet vart forkynt på feil måte (med vise ord).

Forsvinn den bibelske verknaden av forkynninga i forsamlingane våre, er det verkeleg grunn til ransaking.  I den grad forkynninga stemmer med Guds ord, er Ordet sjølv levande og kraftig og utrettar si gjerning både synleg og usynleg, til frelse eller til forherding.

I Hebr. 4 står det  at Ordet ikkje vart til nytte fordi det ikkje ved tru var smelta saman med dei som høyrde det. Det gjeld og forkynnaren. Å smelte saman med Ordet er noko av lidinga ved det å vere forkynnar. Det formar forkynnaren stikk i strid med tida og tidsånda og gjer at oppgåva hans menneskeleg sett er umuleg.  Denne vansken kan berre Ordet og Anden overvinne. Sjølv er han ein hjelpelaus tiggar som er avhengig av å få alt det oppgåva krev.

Kristus kjem i mellom
Det kan altså tenkjast at manglande gjennomslag i forkynninga, skuldast at Ordet har manglande gjennomslag hos oss som forkynner. I så fall er forkynnarkrisa svært alvorleg.

Men får ikkje Ordet smelte saman med tilhøyraren har me i tillegg ei forsamlingskrise. Då får ein tilhøyrarar som høyrer og vurderer, og som kanskje har innsyn og erfaring nok til å gi forkynnaren ei treffande plassering i ein eller annan forkynnarkategori. Men heldt tilhøyraren sin eigen person utanfor slepp ikkje bodskapen inn. Han vernar sin eigen person mot den grunnleggjande samansmeltinga Ordet inviterte til, og slapp unna med sjølvlivet i behald. Det gjev grobotn for meir av det som høyrer kjøtet til.

Paulus seier: ”Eg lever ikkje lenger sjølv, eg er krossfesta med Kristus”.(Gal 2:20) Dette er radikale ord. Kva er det som går med i døden under korsfestinga? Kva er att når me døyr? I Bibelen står det om at Jesus død, var det gamle menneske sin død. Me smelta altså slik saman med han, at alt hans blei vårt og alt vårt blei hans. Dermed kjem  Kristus og hans død i mellom alt. Først og fremst mellom syndaren og Gud vreide. Men og for at me heilt  skulle bli sameina med han. Grunnen var at me skulle bli tekne vare på,  på ein tryggare måte enn det vernet me kunne finne i verda eller i oss sjølve.

Form og innhald høyrer saman
Ei forkynnarkrise kan berre løysast med betre forkynning, ved at forkynninga blir meir i samsvar med Guds ord og at forkynnaren sjølv er med i denne prosessen. Å redusere forkynninga sin plass, og erstatte mangelfull forkynning med noko anna som  tilsynelatande fungerer betre, er eit fatalt bomskot sjølv om ein hevdar at nye arbeidsformer og verkemiddel tek vare på det tradisjonelle åndsinnhaldet  og fører dette  uendra vidare.

Slagordet : ”Frie i form, konservative i innhald”, ser ut til å vere allment akseptert, og fungerar i praksis som eit nytt ”reformasjonsprinsipp” som har opna forsamlingar for rein verdsleg underhaldning og artisteri.

Det enklaste er å vrake prinsippet på grunn av resultatet. Men  er det ikkje muleg å sjå at dette prinsippet har i seg ein logisk brest?

Eit liv og ei livsart vil alltid streve etter å verkeleggjere si eiga natur. Og kvar livsart har jo si eiga form. Ein rev har form som ein rev. Ein hare har form som ein hare, osv. Forma er bestemt ut i frå den livsart som ein rev og ein hare representerar.  Reven kan aldri ta forma til haren, og omvendt. Dei må begge ha ei form som svarar til sin eigenart for at  levevilkåra skal vere optimale.

Er det ikkje og slik i Guds rike? Når Efes. 4.15 talar om å vekse opp til han som er hovudet, Kristus, seier vel dette noko om form og framtoning. Og når det i v.16 heiter at: ”Såleis veks  lekamen sin vokster”…så tyder vel og det at veksten er ei verkeleggjering av Kristi ord, vesen og natur,  både som årsak og verknad. Av Matt.13.23 ser me at dei som høyrer ordet og skjønar det, gjev grøde i både hundre, seksti og tretti foll. Alt kom an på vilkåra ordet fekk då det vart sådd.

Liv og livsform vil alltid hengje i saman. Før ferdast efesarane etter denne verdens vis, og gjorde det kjøtet og tankane ville. (Efes. 2) Då var dei åndeleg blinde og døde.  Etter at dei av nåde vart  sette i himmelen med Kristus, ville det vore merkeleg om ikkje himmeltonane kom til å erstatte tonane frå det syndige paradiset dei vart frelste frå. Kunne eigentleg motsetnaden mellom liv og livsform før og etter frelsa bli større?

Teologi og form høyrer saman
Det er heller ikkje tilfeldig at ulike kyrkjesamfunn har ulike former. Me kan til dømes ikkje skilje katolsk lære frå den katolske høgmesseforma. Dette er som hand og hanske. Teologi og form går i eitt. 

På same vis er det med eit møte i pinserørsla. Utan den klassiske pinslæra, ville ein heller ikkje hatt den karakteristiske møteforma. Skulle ei katolsk messe ta til å likne ei pinseforsamling, kunne ein umiddelbart konstatere at teologien var vridd i same leia. Noko anna er utenkjeleg.

Former har effekt i kraft av seg sjølv
Men denne lovmessige samanhengen vil ein i dag ikkje vedgå. Ein trur til dømes det går an å innføre musikkformer med opphav i rus og sex miljø utan å ta med seg den kjøtlege ånda desse formene spring ut av.

Det ikkje vanskeleg å sjå at rock er rock i kraft av seg sjølv. Den tenar berre seg sjølv,  den har seg sjølv som mål, og smeltar tilhøyrarane saman med si eiga ånd. Den tilfører  ”kristne” samanhengar same åtferda som ein ser i rocken sine opphavlege samanhengar.

Prinsippet om den frie forma har gjeve verdas ånd og vesen spelerom ovanfor både unge og eldre midt i den kristne forsamlinga. Og i praksis verkar det  slik at dei ansvarlege slepp unna ei sakleg prøving av det framande og verdslege takegodset som på denne måten vert lurt inn.

Dei fører altså inn ein verknad som kolliderar med Guds ord og vesen. Det er dømt til å mislukkast! Ein får aldri eld og vatn til å gå saman!

At form ikkje berre er form, men uttrykk for underliggjande tankar,  ser ein på den vekta  desse formene blir tillagt og det omfanget dei har fått der dei slepp til. Det viser at  formene i seg sjølv har ein effekt som gjev det resultatet ein er ute etter, uavhengig av innhaldet og uavhengig om det er bilfabrikk  eller forsamling ein vil halde liv i. 

Kyrkjevekstrørslene sine arbeidsformer kan difor breie seg utover på tvers av alle konfesjonelle grenser. Verkemidla og arbeidsmetodane gir resultat uavhengig av bibelsyn, lære eller nådegåver.

Men når Ordet er det fremste og sterkaste og beste nådemidlet me har – kven er då den som vågar å føye noko til dette? Ordets kraft er verknaden av Jesu blod.

Gud til vurdering
Det høyrer med til Willow Creek konseptet å gå på dørene til folk for å høyre deira meining om den kristne verksemda, og finne ut korleis folket vil at forsamlinga skal vere for at dei skal ha interesse av å koma.

Folk har mellom anna svara at dei vil ha evangeliet presentert på introduksjonsnivå, og ikkje som konfrontering av noko absolutt. Dei vil ha Gud og kristendommen til vurdering og vert lokka til å tru at kristendom er eit livssyn som kan tilpassast brukaren, og at det for tida er kjøpars marknad. 

Nebukadnesar vart som kjent vurdert på Guds vektskål og funnen for lett. (Dan 5:27) Det er noko anna enn å vurdere Gud og hans ord. Under sann bibelsk forkynning kjem mennesket under Guds augo. Og hans vurdering blir ståande som det endelege og avgjerande.

Demonisk evangelium
Eg har ei uhyggeleg kjensle av at såkalla behovsretta forkynning har omgjort kristendommen til ei forførande skjøkje som lokkar menneske til å blande lys og mørke i Guds heilage namn.

Samrøra mellom heilag og vanheilag og mellom ånd og kjøt representerar eit demonisk evangelium som gjer synda, verda og kjøtet heilt ufarleg. Botferdige syndarar vil ein ikkje lenger vete noko av. Og det sanne evangeliet har ikkje lenger bruk for.

Når konservative rørsler opnar for alt dette nye, vil dei hevde at dei på denne måten demmer opp for teologisk oppløysing. Dei vil vere tru i mot Bibelen og vedkjenninga. Menge tenkjer at det som er godt for organisasjonen deira, også er godt for Guds rike. Men det er å snu alt på hovudet.

Eg kan ikkje sjå at alt dette nye som har fløymt innover kristen-norge dei siste åra har sprunge ut av  Skrifta og vedkjenningsskriftene.  Men det vert forsvart og tolka inn under desse. Ikkje minst for at den enkelte organisasjonen skal unngå unødig uro og få  arbeidsrom og legitimitet for det dei meiner er naudsynleg kursdreiing. Dei ynskjer å få arbeide i fred med det framande tankegodset som dei har teke opp i seg. Det er noko av alvoret.

Søvnen skil frå røyndommen
Tek me Ordet på alvor blir det  bestemmande for korleis me tenkjer og arbeidar.

Spørsmålet er om me er vakne for Ordets tale eller om me søv.

Det karakteristiske ved søvnen er at den fjernar den sovande frå det verkelege tilværet. Det var søvnen som fjerna læresveinane frå det åndelege drama som utspelte seg i Getsemane då Jesus kjempa denne siste kampen, og han bad dei om å vaka med seg.

 - I denne avgjerande timen, må de vaka med meg, sa Jesus. Men dei sovna. Han gjekk og vekte dei, men dei sovna att. Søvnen skilde dei frå den åndelege røyndommen som skjedde berre eit steinkast unna. Det er noko av dramaet og i vår situasjon. Søvnen tek oss vekk frå den åndelege røynda, og den profetiske røyndomen som utspelar seg i dag.

Det er difor om å gjere at Guds ord får rope oss opp til vekking og liv. Eg trur det er den viktigaste bodskapen me har til kvarandre: Timen er inne! Me må vakna or søvnen!

Hald fast på Ordet!
Om ikkje lenge skal me vekkjast likevel! Det at me lar oss vekkje i dag er avgjerande for kor me skal slå augo opp når ropet lyder: «Sjå, brudgommen kjem, gå han i møte!»  Då vaknar alle.

Men halvparten av dei som ville møte brudgommen nådde ikkje dette målet. Gud, gi at det aldri blir for seint for nokon av oss som har vore her! At nokon av oss kjem til ein port som er stengd, og blir ståande mellom dei utestengde. Det er grufullt, men like fullt  så realistisk, det Bibelen fortel om dette møtet. Den dagen skal kome uventa og brått på dei fleste. Ved den stengde døra er både håpet og nåden tekne bort, men i dag frelser Herren alle som påkallar hans namn.

Sjå heile artikkelsamlinga til Gunnar Soppeland

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker