Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DØM IKKJE!
Tale av Per Kørner, Børsheim Bedehus, sundag 20.06.05

Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! For med den domen de feller, skal de sjølve dømast, og med det målet de mæler med, skal det mælast opp åt dykk sjølve. Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg trekkja flisa ut or auga ditt! Og sjå, det er ein bjelke i ditt eige auga? Du hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Så kan du sjå å trekkja flisa ut or auga på bror din. (Matt 7:1-5)

Teksta er henta frå talen av Jesus som vert kalla Bergpreika. Det er ein tale til læresveinane om korleis dei skal leva, dei som høyrer Herren til. Jesu læresveinar lever ikkje på same måten som dei som høyrer verda til. Dei lever i ein heilag livnad, fordi Jesus er Guds heilage Son. – De skal vera heilage, for eg er heilag, seier Herren.


Døde for synda - levande for Gud
Apostelen Peter  seier at dei Kristus-truande skal ”verta oppbygde til eit heilagt presteskap”, og knyter med det attende til GT.  I dag  vil ein viska ut skiljet mellom Guds folk og verda, stikk i strid med Guds klåre ord.  Dei som let seg frelsa av Jesus, har fått eit nytt hjarta, ein ny vilje. Dei lever ikkje lenger for seg sjølve, dei lever for Jesus.  Dei høyrer Kristus til med alt det dei eig og har. Dei reknar seg som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus. Dei byd lemene sine fram som rettferds våpen for Gud. Rom 6.

Men dette nye livet går ikkje av seg sjølv. Jesus veit så vel at læresveinane framleis har det gamle, syndige menneske å kjempa med. Difor treng dei leva nær Jesu for å kunne leva det nye livet. I Bergpreika gjev Meisteren læresveinane åndeleg rettleiing. Samstundes som Jesus rettleier, syner han og kor hjelpelause me er i seg sjølve, kor avhengige me er av Jesus.

Tek du Jesus på alvor, vil du ha trong for omvending og forlating for syndene kvar einaste dag. Alle sanne læresveinar må bed som tollmannen i templet: – Gud, ver meg syndaren nådig.

Denne vesle bolken frå Bergpreika syner litt av kva me har å kjempa med som kristne. Held me oss nær til Jesus, vil Den Heilag Ande gjera si gode gjerning i hjarto våre, slik at me kan ”betrast i ein heilag livnad” – slik me bed i  den gamle klokkarbøna.


Døm ikkje!
Jesus seier til læresveinane : «Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! For med den domen de feller, skal de sjølve dømast, og med det målet de mæler med, skal det mælast opp åt dykk sjølve.» (Matt 7:1-2)

– Ein kristen skal ikkje vera ein domar. Den store russiske diktaren, Leo Tolstoi, meinte dette må tyda at kristne ikkje kan vera domsmenn i retten. Det tyder det sjølvsagt ikkje. Samanhengen syner at det går på tilhøvet mellom menneska på det personlege planet. Skrifta elles talar mykje om å døma i retten og stiller strenge krav om å døma rettferdig.

Det kan heller ikkje tyda at ein ikkje skal noka meining om kva som er rett og gale, godt og vondt, sanning og lygn. Ein farleg tendens i tida er den store likesæla i religiøse og moralske spørsmål. Ein kan meina kva ein vil, men helst det fleirtalet meiner, for å unngå ubehagelegheiter.

Me har kome så langt at rett og gale vert byta om. Ein ser kvitt som svart og svart som kvitt. Dersom ein vågar å halda fast på det Guds ord seier om rett og gale, får ein ikkje sjeldan høyra at ein er dømesjuk. Ofte vert nett desse ord frå Bergpreika siterte.

Så vert mange kristne redde og held munn. Ljoset vert sett under skjeppa, saltet misser si kraft. For stemplet ”dømesjuk” vil ein for all del ikkje ha på seg.

Nei, det kan ikkje vera dette Jesus meiner når han seier: Døm ikkje! Sjølv er ikkje Jesus redd for å gjera etiske vurderingar. I vers 5 brukar han merkelappen ”hyklar”. I vers 6 åtvarar han læresveinane: Gjev ikkje det heilage til hundane, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Litt seinare seier han: Vara dykk for dei falske profetane!

Ein kristen skal stå for det som er rett og sant etter Guds ord og våga ta fylgjene av det.

Me skal døma om kva som er Guds vilje, seier Paulus, ”det gode, det som han har hugnad i, det fullkomne”. Dei  kristne skal halda fram sanninga for verda, både offentleg og  privat, ”sanning tru i kjærleik”.

Du hugsar Jesus i møte med kvinna som var gripe i hor. – Den av dykk som er utan synd, han skal kasta den fyrste steinen på henne!

Dei gjekk sin veg, alle saman. – Kvar er dei, kvinne? Har ingen fordømt deg? spør Jesus.

Ho sa: – Ingen, Herre! Og Jesus seier: – Heller ikkje eg fordømer deg. Gå bort, og synda ikkje meir! Her ser me Han som er full av nåde og sanning.


Dømesjuka er satanisk
Kva meiner så Jesus med orda ”Døm ikkje”? Det Jesus vil hjelpa læresveinane av med er dømesykja. Dette stadig å vera ute etter å kritisera andre, finna feil hjå andre. Som det står i salmeverset eg lærte i skule:

Å klage og å klandre og skyte skyld på andre og legge grått til grått,
Det lyser opp ei dagen, ditt sinn er hovedsaken, blir du kun god, blir all ting godt.

Dømesykja er ein satanisk sjukdom, var det ein person som sa. Den er øydeleggjande for vårt gudsforhold, for samfunnet mellom dei kristne, og for samfunnet mellom menneska i det heile. – Alltid på utkikk etter feil hos andre, tilleggje dei falske, negative motiv, tommelen ned for nesten sine tankar og planar, lyfta fram nesten sine feilsteg og veike sider.

Dette er Paulus inne på i Romarbrevet 14. – Kvifor dømer du bror din, eller kvifor vanvyrder du bror din? Me skal alle førast fram for Guds domstol. Så skal då kvar og ein av oss gjera Gud rekneskap for seg sjølv.

Me må ikkje tilleggja oss domarrollen. Han  høyrer Herren til. Me er sjølve mellom dei som skal verta dømde. – I det du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv. Rom 2,1.

Kor me treng nåde og tilgjeving!  Sjølv har eg gått så langt over streken, så mang ein gong.


Flisa og bjelken
For å gjera det heilt klårt kor uhyrleg dømesykja ter seg mellom menneska, fortel Jesus den vesle, vidgjetne likninga om flisa og bjelken. Med ein bjelke i auga er du diskvalifisert som augelækjar!

Jesus kallar slike for hyklarar, skodespelarar. Før du kan hjelpa andre, har du ein kjempejobb å gjera med deg sjølv. Du må gå i skule hos Jesus, læra å verta audmjuk og liten i deg sjølv. Gud står dei stolt imot, men dei audmjuke gjev han nåde. – Lær av meg, for eg er mild og mjuk av hjarta, seier vår kjære frelsar.

Fyrst då vert du i stand til å hjelpa bror din med flisa i auga hans. For det vil Jesus at du skal gjera. Matt 18,15. Me har eit åndeleg ansvar for kvarandre. Det er vondt, og det er farleg å ha åndelege augeproblem.

«Men er auga ditt sjukt, då vil heile lekamen vera mørk. Er no sjølve ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje då mørkret?» Matt 6:23

Det er ukjærleg å la ein bror el. ei søster verta gåande med  flisa på auga. Me må ikkje seia som Kain: Skal eg vakta bror min? Ja, du skal det, når Gud legg det på deg – sanninga tru i kjærleik.

Kyrkjefader Krysostomos seier: – Tal til rette, ikkje som ein fiende, ikkje som ein motstandar som pålegg straff, men som ein lege som sørgjer for medisinen.

Me kunne leggja til: som ein kjærleg bror/søster  som vil berge og gjenopprette. Gud fri oss frå sjølvhevding og dømesykje, frå hyklarskap som legg skulda på andre, medan me lett finn orsakingar for eigne feil og synder. Me må læra hata dømesykja av heile vårt hjarta, om me skal unnfly Guds vreidsdom. Me må fly til nådens klippe, til Jesu kjærlighet.

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker