Sju grunnar for friskular
Sakset fra leder i dagbladet Dagen, 15.10.05, av Johannes Kleppa

Sjølv om frittståande skular utgjer ein svært liten del av den norske skulen, har det vore mykje debatt om desse skulane dei siste åra. Det viser at det som gjeld dei unge si oppseding og opplæring, er viktig og engasjerer. Det fundamentale spørsmålet er kven som skal ha ansvaret for og det siste ordet i borna si oppseding. Ut frå menneskerettane er det ikkje tvil om at det er foreldra. Likevel held venstresida energisk fast på at det er staten som skal ha hand om skulen. Motstanden mot friskular er intens, og har konsekvensar både for lovgjevinga og dei økonomiske støtteordningane. Difor gjeld det å føra kampen for friskulane på brei bront.

Det vert spennande å sjå kva friskulepolitikk den nye raud-grøne regjeringa i praksis vil føra. Dette er ei viktig sak for kristenfolket. Her står ein fundamental åndskamp. Vi vil her i kortform gje sju grunnar for kristne friskular, og vi vonar desse skulane vert så mange som råd er.

Vi treng kristne friskular:
1) Fordi Guds ord gjev oss ein opplæringsordre. Mennesket skal lærast opp i tråd med at vi er skapte av Gud og at han har ordna med frelse. Guds bod skal prentast inn i borna, tilsvarande som dei er skapte i Guds bilete (5Mos 6,4-9). Alle som vert døypte til den treeinige Guds namn, skal læra å halda Guds bod (Mat 28,19f).
 

2) Fordi vi treng kristne skular til å gje den opplæringa Gud har påbode, og av omsyn til samfunnet. Det er uforsvarleg å senda borna i ein skule der ikkje Den Heilage Ande regjerer, meinte Luther.
 

3) Fordi borna har krav på og trong for ei opplæring etter Skaparens og Frelsarens vilje, og fordi foreldra har i oppgåve og plikt til å gje dei slik opplæring. Denne opplæringa må vera total og omfatta alle faga, ikkje berre kristendomsfaget. Skulen skal gje borna utrustning for livet og livstenesta.
 

4) Fordi foreldreretten krev at foreldra har hand om oppsedinga av borna sine i tråd med foreldra si tru og overtyding. Det ligg i det fjerde bodet og hustavlene, og er del av ånds- og religionsfridomen.
 

5) Fordi den offentlege skulen og foreldra som har borna sine der, treng frie kristne skular som ei vekkarklokke. Dette gjeld særleg på det verdimessige planet i tråd med den kristne føremålsparagrafen, men også kvalitetsmessig.
 

6) Fordi frie skular er ei sikring for demokratiet, og kristne friskular har her ei særleg oppgåve. Dette kom tydeleg til uttrykk her i landet under siste verdskrigen, då styresmakta ville nazifisera folket. Tyskland tok også konsekvensen av dette ved oppbygginga av skulesystemet etter krigen.
 

7) Fordi det kristne innslaget i den offentlege skulen er sterkt svekka. KRL-faget er slik at det ikkje kjem til rette med sanningsspørsmålet, og kristendommen får ikkje stå fram som sanninga i høve til all anna tru og religiøsitet.

På denne bakgrunnen vil vi oppmoda til å satsa på å utdanna kristne lærar, gjera den offentlege skulen så god som råd er og reisa så mange kristne friskular som mogleg.