Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vil ha meir kristendom
Sakset fra Bergens Tidende, lørdag 9.4.05, av Ådne Lund


– Eg hadde trudd me hadde større fridom til å gje undervisninga ein kristen profil , seier styreformann Eivind Straumstein i Kvam Kristne Skule (KKS).

Den unge familiefaren og bankmannen leiar ein åndskamp. Motparten er Utdanningsdirektoratet. Tørre læreplanar mot eit brennande ønskje om eit klårt kristent alternativ. Målet er ein privat kristen skule i Kvam til hausten. Ei gruppe foreldre med bakgrunn i bedehusmiljøet står bak søknaden, som dei siste månadene har vandra fram og tilbake mellom Norheimsund og Oslo.

Diskusjonen mellom foreldra i Kvam og Utdanningsdirektoratet på Tøyen har gått rundt velkjende tema som religionsundervisning, dans og homofili.

-- Vi hadde trudd at vi etter friskulelova stod friare til å gje undervisninga ein kristen profil; seier Straumstein.

Direktoratet reagerer mellom anna på formuleringar som at «skulen vil avstå frå bruk av litteratur, musikk, drama, video, film…som bryt med Bibelen sitt verdigrunnlag.»

I sitt svar slår søkarane i Kvam fast at dei vil bruka moderne media, men at det kristne grunnsynet skal styra utvalet:

«Dette kan også kome til uttrykk ved at ein ved skulebiblioteket vil prøve å tilby kristne klassiske romanar – t.d. «Det er min skyld» og «Hemmeligheten i krattskogen» ved Patricia M. St. John, «Adrians hemmelighet» og «Camilla og tyven» ved Kari Vinje og «Mormor og de åtte ungene» ved Anne Cath Vestly – heller enn t.d. sekulære romanar og thrillarar frå såkalla «bestseljande» forfattarar.»

-- Skal ikkje elevane ved Kvam Kristne skule få kjennskap til populærkulturen?

-- Ja, det skal dei, men vi må vurdera desse kulturutrykka kritisk frå ein kristen ståstad, seier Straumstein.

-- De vil ikkje ha dans. Kva er så gale med dansinga?

-- Folk som søkjer seg til skulen vår vil ha ulikt syn på dans. For mange kristne foreldre og elevar vil det ikkje vera naturleg å la barna delta i dans. Når vi seier at vi ikkje vil ha dans så er det blant anna gjort for å ta bort denne konflikten. Direktoratets utspel om å erstatta dans med «rørsle til musikk», ser vi som reint lureri. Vi meiner vi kan ta oss av kravet til fysisk fostring gjennom fagplanen for kroppsøving, seier Straumstein.

Han er oppteken av at den nye skulen skal bli eit klart kristent alternativ, og tykkjer det er vanskeleg å forstå at ein då ikkje kan redusera tilbodet i nokre fag for å få plass til meir kristendomsundervisning.

-- Løysinga kan bli å utvida timetalet noko for å få meir kristendom, seier han. Ifølgje Straumstein vil den nye skulen t.d. informera om homofili og partnerskap, men samstundes ha fridom til å fortelja at ut frå Bibelen er homofil praksis synd.

-- I motsetnad til den offentlege skulen vil vi undervisa om skapelseslære som sann ut frå kva bibelen fortel oss, men vi vil sjølvsagt også informera om evolusjonsteorien. 

-- Trur du at Gud skapte jorda på seks dagar og kvilte den sjuande?

-- Ja, det gjer eg. Når eg ser det fantastiske skaparverket er det vanskeleg for meg å skjøna dei som trur at alt skal ha vorte til heilt tilfeldig, seier Straumstein.

Også når det gjeld musikken har skulesøkjarane i Norheimsund fått bryna seg på direktoratets krav om blues, jazz, pop og rock. Slagverk, elektrisk gitar, bass og mikrofonsong. KKS peikar mellom anna på at «mange av dei banebrytande melodiane har vorte til i narkotisk rus og under satanisk inspirasjon.»

-- Me vil undervisa om musikken til Elvis og Beatles, men det er viktig å læra elevane å vera kritiske til delar av denne musikken og til dømes idoldyrkinga av popartistar, seier Straumstein.

Trebarnsfaren som jobbar i Sparebanken Vest i Norheimsund fortel at ingen av dei som står bak skulesøknaden er skulefolk. Det har vore mykje arbeid, og mykje å setja seg inn i.

-- Eg trur nesten ikkje vi hadde sett i gang dette om vi hadde visst på førehand kor mykje arbeid det skulle bli.

-- Synest du at de, etter alle innvendingane frå Oslo, må gå for mykje på akkord i høve til den skulen de eigentleg ville ha.

-- Eg hadde trudd at me hadde større fridom til å undervisa ut frå det bibelske verdigrunnlaget som er heile grunnlaget for å starte skulen vår. Men eg føler at så lenge undervisninga kan føregå i ei kristen ånd, så er det positivt.

Derfor er kristne lærarar – samt støtte frå foreldra – vesentleg for å få til ein god skule i tråd med dei kristne grunnverdiane.

-- Kva seier ungane då, vil dei byta til ein ny skule?

-- Dei yngste meiner ikkje så mykje om det, medan dei som er eldre gler seg. Dei merkar at mykje av det dei lærer i offentleg skule bryt med det dei sjølve står for og dei verdiane dei har fått med seg heimefrå, seier Straumstein. Han veit att det ikkje alltid er like lett å skilja seg ut i dagens ungdomsmiljø. Med ein eigen skule kan elevar finna støtte hjå likesinna.

Etter planane skal skulen liggja sentralt i Kvam. KKS har søkt om godkjenning for 100 elevar, men tek sikte på å koma i gang med om lag ti til hausten, dersom dei reviderte undervisningsplanane vert godkjende.

-- Vi har fått svært mykje positiv respons. Folk har jamvel sagt at dei vil flytta attende til Kvam dersom skulen kjem, seier Straumstein.

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker