|
KRH kjenner eg ikkje. Innlegget seier meg difor lite om WC. Hadde han derimot vist til bøker eller føredrag av Bill Hybels som kunne stadfeste inntrykka hans, kunne vi alle fått syn for segn.
Det er likevel eit par ting i innlegget eg undrar meg over. Eg har i tidlegare innlegg vist til korleis det sannsynlege er knytt til det synlege (forstanden), og det usannsynlege til det usynlege (trua). For næringslivet gjeld det første, det andre for den kristne forsamlinga. Likevel spør KRH kva som er galt med å nytte seg av impulsar frå næringslivet. Eg vil då spørje: Kva har taktisk/psykologisk spel å gjere i den kristne forsamlinga? Under ein konferanse på Fjellhaug Skoler 12.11.03 underviste Gene Appel mellom anna om ”forandringens psykologi”. Her vart tilhøyrarane fortalt at for å oppnå forandring skulle dei først ta to skritt fram. Når dei så møtte kritikk skulle dei berre ta eit skritt tilbake. Dette ville bli oppfatta som om kritikken var nådd fram, og motstanden ville stilna av. I praksis var ein då likevel eit skritt fram.
KRH blir oppriktig lei seg når det vert skap inntrykk av at WC er noe det bør åtvarast mot. ”Vi har annet å misbruke kreftene på enn å strides mot hverandre”, seier han. At sakleg etterprøving av ei rørsle blir kalla misbruk av krefter undrar meg og. Eg har sjølv vist til Bill Hybels si visjonstenking slik han framførte denne i Stavanger. (Dagen 02.12.03) Der var det grunnleggjaren av WC som sjølv skapte eit inntrykk det må åtvarast mot! Subjektiv synsing kan ikkje rette opp dette. Her må noen forklare kva som eventuelt ikkje var meint som det vart sagt.
I ei fråsegn frå Hans Erik Nissen og Mikkel Vigilius heiter det: ”Willow Creek kræver, at alle, der ønsker at blive aktive medlemmer af kirken, skal skrive under på, at der ikke findes nogen tjenestedeling mellem mand og kvinde ifølge Bibelen, og at de med glæde vil side under kvindelige lærere i menigheden. Dette krav om at fornægte det klassiske bibeltro syn bliver så meget mere rystende af, at Bill Hybels under en konference i Stavanger for et par år siden åbent vedgik, at han fandt Bibelens vejledning på dette område svært forståelig.” (Sjå nettsida www.josafat.no) Korleis stemmer dette med attesten; ”sunn, evangelisk og bibeltro menighet”?
Intensjonane om å berge syndarar vert ofte framheva som ein stor kvalitet ved WC-kyrkja. Stadig blir dette brukt som eit viktig forsvarsargumentet, saman med den ytre suksessen. I denne framtoninga ser eg ein stor veikskap. Slike argumentet er nullargument kven som helst kan skyte seg inn under for å nå sin mål.
|