|
Misjonshelg og misjonsstemne i
Norheimsund

Søndag 8. august
var det misjonsstemne på
garden Sæleset i Norheimsund i Hardanger. Det var strålande ver, og deltakarane hadde
panorama utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna. Stemne var arrangert som
ein del av ei misjonshelg i Norheimsund Bedehus der Norvald Yri og kona Anna
Årsland Yri tok del.
Frelsesvisse
Fredag kveld talte Norvald Yri over emnet: Frelsevisse. Han nemnde ulike
grupperingar opp gjennom tida som har hatt og har fokus på at kristen tru er
noko meir enn å bli rettferdiggjort. Han meinte at desse samanhengane ikkje tek
på alvor at den truande enno ber på arvesynda.
Han siterte Per Nordsletten som syng :
«Men akk, jeg har et kjød / som alltid gjør meg møye, / det er jo dømt til død,
/ men vil seg ikke bøye» Han meinte at ein kvar kristen ville gjere den same
erfaring som Per Nordsletten gjorde med den syndige naturen.
Han kom deretter inn på «Tornen i
kjøtet», og den plage som høyrer til den gamle natur.
Paulus hadde fått ein torn i kjøtet,
ein Satans engel som skulle slå han, så han ikkje skulle opphøgje seg.
Han peika vidare på at arvesynda er
noko ein har frå fødselen av. I møte med Den Heilage Gud ser ein synda og gjer
same erfaring som Peter: - Gå frå meg, for eg er ein syndig mann.
Men han understreka også det Per
Nordsletten syng: «O min Frelser så kjær, / kan du slik som jeg er / ta imot
meg og feste til brud? / Og kan du ha meg kjær / selv så heslig jeg er, / da er
du en forunderlig Gud.»
Wisløff minna om Stedfortredaren
Han nemnde at han ofte hadde hatt høve til å
vitje Carl Fr. Wisløff. - Dei siste gongene eg var innom og besøkte Wisløff før
han døydde, snakka me om det som låg han på hjarta. Då kom han stadig attende
til Stedfortredaren.
- I Stedfortredaren Kristus er det inga
fordøming for syndaren. I Stedfortrendaren vart lova sitt rettferdige krav
oppfylt. Stedfortredaren blei dømd i din og min stad. Det er grunnen til at det
ikkje er noko fordøming for deg og meg.
- Så kan ein kristen tenkje at ein er
urein i seg sjølv og i sitt eige hjarta. Ein kan tenkje at ein ikkje kan tru seg
frelst slik som ein er. Men då talar Skrifta om den «som ikkje har gjerningar,
men som trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna
som rettferd.» Det er som sangaren syng: «Ren og rettferdig, / himmelen verdig
/ er jeg i verdens Frelser alt nu, / Ordet forkynner / at mine synder / kommer
han aldri mere i hu.», sa Norvald Yri.
Ei oppfylt lov
- Du som er ein kristen har eit liv i Kristus. Dette Livet har oppfylt Guds lov.
Stedfortredaren gjorde soning med sitt eige blod, og ikkje med sølv eller gull.
Det er Gud som erklærer deg rettferdig i Kristus, når han viser Gud dei
naglemerkte hender, påpeika han.
Peter hadde vore på «fjellet» saman med
meisteren. Han hadde vore augnevitne
til Guds stordom og så skriv han: «dess
fastare har vi profetordet, som de gjer vel i å akta på. Det er som ei lampe som
lyser på ein mørk stad, til dagen lyser fram og morgonstjerna går opp i hjarto
dykkar.»
Når du er utsett for djevelen sine
listige angrep og han seier: - Du kan ikkje vere ein kristen, då skal du få vise
til Stedfortredaren, understreka Yri mot slutten.
Laurdag kveld tok han utgangspunkt i
korleis dei i den første tid held urokkeleg fast på bønene, før han gjekk vidare
med å tale om brødsbrytinga, samfunnet og læra. På stemnedagen sundag tala han
m.a. om korleis Jesu tala med Emmausvandrarane og understreka at det ikkje
nyttar å «gå» om ikkje Jesus går med. Yri formidla også inntrykk frå korleis
evangeliet går fram i Afrika i dag.
Norvald Yri held for tida til ved
Fjellhaug Misjonshøgskule der han arbeider som forskar med fokus på misjon. Han
held også på med eit misjonsverk gjeldande misjonskallet som det norske
kristenfolk fekk då vekkingane kom til Norge og dei ulike misjonsorganisasjonane
blei stifta.
Av Dag Rune Lid
|