Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Me må ikkje gløyma at Herren er rik nok!


Det var Anna Årsland Yri som sa dette ein av kveldane under misjonshelga. Ho reiste til Tanzania for Misjonssambande
t første gong i 1981, og sidan har det vorte fleire periodar ved sjukepleiarhøgskulen på Haydom Hospital.

- Eg fekk misjonskallet allereie som 10-12 åring, men eg hadde ikkje hadde lyst til å reise ut. Difor blei eg bort imot 30 år før eg kom ut som misjonær. Tanzania er eit land som har mellom 115-120 ulike stammer og språk, og eit innbyggjartal på i overkant av 30 mill.  

- Sjukepleiar og jordmorskulen på Haydom, som den no heiter, er 4-årig og det er 120 studentar. Kvar morgon samlast heile personale og alle studentane til andakt. Studentane har ulik bakgrunn og ulike religionar er representerte i studentflokken, og målet er at dei skal vinnast gjennom tida dei er ved skulen.

Det er ingen som hindrar oss i å forkynne evangeliet, heller ikkje ved høgskulen. Då er det underleg å kome attende til Noreg, og oppleve at ein må vere forsiktig  med å nemne Jesu namnet. I Tanzania er dei veldig ope for evangeliet. Når me er ute og køyrer, kan me dele ute både NT og traktatar. Dei tek imot, og dei les, seier ho.

 - Då eg reiste ut første gong så lærte eg fort kor avhengig ein er av Jesus i alt det praktiske også, og me må minna kvarande om at Herren er rik nok.

Ho gav forsamlinga mange døme på kor avhengige dei er av bøn der ute, men også korleis Gud på forunderleg vis svarar på bøn. Ein kveld hadde dei til dømes fått besøk av eit stort kor, og mat var det lite av. I Jesus namn gav dei ungdomane mat dei hadde, og det vart nok til alle og mat til overs. Etter måltidet bøygde ungdomane kne og takka Gud.

Ho gav også glimt frå den siste perioden dei var ute, då dei fekk oppleve hungersnaud i landet. Det var ei smerteleg erfaring, men også døme på korleis Gud i si omsorg tok seg av sine.

- Om eg skal setje ei overskift over dei åra eg har fått vore ute som misjonær, så må det være at: Ingen er som Jesus! Me har fått oppleve ufortent velsigning, og me har fått erfare at Guds løfter held, seier misjonæren Anna Årsland Yri.

Av Dag Rune Lid

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker