|
| |
Sakset - kronikk i Dagen,
14.5.05
Nøytralitet – feil fokus!
Harald
Myklebust
høgskolelektor ved NLA lærerhøgskolen
I ordskifte om kva som høver seg til bruk i evangelisk-kristen song & musikk med
sine mange uttrykksformer, blir det lett ei avsporing ved å fokusere på kva som
er nøytralt eller ikkje, i dette med synet på Gud-givne skapergode og i bruken
av dei, - i ei verd med det vonde både i oss og omkring oss.
Teksten – det sentrale
Både i artiklar og reportasjar har Dagen hatt fleire innlegg som manar til
varsemd, ja, med direkte diskvalifisering av musikkuttrykksformer som førekjem i
våre kyrkjer og forsamlingar. Dei som hevdar slike synspunkt, er ikkje
uvedkomande personar, så derfor kan det ha stor tyngde. Dette gjer at eg må få
kome med nokre merknader, for å nyansere det heile. I hovudsak så sluttar eg meg
til det vi i all vår gjerning, leke som lærde, det vere seg i teologi og musikk:
Det er det som fører til Jesus Kristus, og ikkje ifrå han som vi må bruke av
musikkverkemiddel, og då både som utgangspunkt – og mål: Det gudgjevne
openberringsordet til frelse og kristenliv mellom både dei som trur og dei som
ikkje trur.
Når så det vert hevda at i karismatiske samanhengar så overtek lovsongen som eit
(nytt) nådemiddel, då stoggar eg opp og spør: Med kva for autoritet kan ein seie
noko slikt? Er det noko i Ordet som gir ein innsyn i det, for ikkje å snakke om
fullmakt til det? Det er gitt oss nådegåver til å prøve ånder, ja, og prøve det
som vert forkynt på Ordet. Då må ein i «klartekst» syne det, og ikkje berre i
«synsing» uttrykke seg, og det med autoritet!
Klassisk har det tekstlege – det verifiserbare (som kan kontrollerast) vore i
fokus. Det er Ordet vi har fått – som ikkje skal leggast til eller trekkast
ifrå.
I musikken snakkar vi om melodi, klang og rytme. Her har melodien – med sin
tekstberande funksjon vore i sentrum. Korleis denne melodiføringa har vore i
Bibelens song & salme, har vore umogeleg for oss å vite. Notesystemet var ikkje
«oppfunne». Det nærast vi kan kome (og det er interessant) er å lytte til
israel-folkets synagogesong, som sjølv etter 2000 års landsforvisning har greidd
å ta vare på mange av sine song- & musikktradisjonar. I kva grad og på kva måte
dei klanglege og rytmiske elementa har vorte nytta, har vi svært lite
informasjon om.
GT – ei musikkoppkome
I GT finn vi eit rikt, frodig og mangfaldig song- & musikkliv, med opning for
både det spontane og emosjonelle, - i poesi, og med klare utsegner om både
melodiske, klanglege og rytmiske, for ikkje å snakke om dramatiske og
liturgiske, ja, beint fram kroppslege uttrykksmåtar. Her kan eg vise til ulike
overskrifter til t.d. Salmane som fortel om mange og ulike måtar å framføre
songen på, med og utan instrument og rytme- og dramainnslag. Dette møter vi både
i gudstenestelege samanhengar, men også i folkelege relasjonar. Ja, også i
samband med avgudsdyrkinga møter vi det. Men vi høyrer om eit song- &
musikkleiarskap som skulle setjast inn, til oppmuntring og rettleiing, og
åtvaring der det måtte til. Og ikkje minst: Dette leiarskapet måtte respekterast.
Men «lekfolket» som dei aller fleste var av (då som no), skulle få kome til sin
rett i å tene både Gud og kvarandre. Her «stod alle likt». Men vi har ikkje noko
som syner oss korleis musikken læt eller vart framført, heller ikkje om kva som
berre måtte nyttast der eller der, fordi den eller dei formene/uttrykka var
vonde (les: hadde ei vond åndsmakt i seg).
Då Gud valde seg ut levittane sine, helga han dei, og sette dei til teneste. No
var ikkje det nokon garanti for at dei ikkje kunne falle i freisting for å
misbruke sine preste-/levittenester med sine tale, song- & musikkgivnader (sjølv
David «fann på» sitt). Ja, presteskapet var ofte på «ville vegar». Det les vi om
i både dei historiske bøkene i GT og for ikkje å snakke om profetbøkene som
sanneleg ikkje legg noko i mellom stundom i refsinga av både presteskapet og
kongane. Dei var ikkje alltid å stole på, med «offerhaugane» med sine
attributtar (kjenneteikn) som dei ikkje gjorde noko med, eller diverse
sjølvtekne grep inn mot det gudstenestelege livet (etter påverknad av heidenske
skikkar).
Slik var det, og må det vere i dag og: Det er ikkje alt som kan brukast, og i
alle fall ikkje det som verkar kompromitterande: Stiller Guds heilage lov og
vilje, - og evangeliet i eit dårleg/vanheilagt lys. Men det er personane med si
sjel og si ånd som her må fokuserast på, og ikkje materialet med sine
eigenskapar. Personane vert formidlarar eller berarar av ein Bodskap som må ut
til alle, og ikkje berre til dei som er «innanfor». Då kan det skje at former –
som slettes ikkje – og heldigvis, er statiske (les: vi må gjere det som David
føreskreiv, som Esra, som Paulus, - for ikkje å snakke om Gregor den stor el.
Luther, eller Sigvart Engeseth - som om desse seks personane uttrykte seg
musikalsk på same måte?), men foranderlege og fornyande, og som kan gjere at
fleire vert tekne vare på og fleire nye kjem til – inn i eit sunt og sant
nådeliv og åndsliv i den truande forsamlinga anno 2004, med alle sine medlemar
fylte av nådegåver og naturgåver.
Menneske- og kultursynet
Eitt moment til, som har vore lite framme: Menneskesynet. Det er ikkje tvil om
at det heidenske synet som ligg i botnen av hellenismen frå fleire hundre år før
Kristus, der det kroppslege fokuset med sine emosjonar og drifter måtte haldast
nede/undertrykkast, også har hatt/fått sterk og lang tilslutnad i vår kyrkjesoge
og kristendomsforståing. Ja, mykje talar for at NT sine skrifter ifrå Jesu liv
og vandring i sin jødiske folkelege og religiøse kulturtradisjon (med sine song
& musikkuttrykk!) også opplevde ei endring i sine uttrykksformer. GT sine
frodige musikkuttrykk og former, som var komne til lenge før grekarane kome med
sitt tankegods, vert tilsynelatande nedtona i NT.
Nettopp frå den antikke filosofien vart ein ført inn i tankar som at melodien er
den opphøgde kunstarten, der teksten og tanken, det medvitne, måtte kome til sin
rett. Så var det klangen med sine emosjonelle sider, som kunne vere farleg og «avsporande»
ifrå den tekstlege konsentrasjon. Til slutt – og nedst på «rangstigen» kom
rytmen som hadde sitt utgangspunkt i driftene og det forførande, med overslag
til den sanselause og til tider ville råskapen.
Kva kan høve?
Eg vil ikkje her vere for tung på labben når eg skjønar så inderleg vel dei som
oppgjennom tidene i varsemd for å «legge til eller trekke ifrå»
openberringsordet, eller vere med på å føre vannære innover evangeliet, har
stogga opp i beste fall, for å avvente bruken av nye uttrykk, - til at ein
såg/opplevde kva som var i det som vart formidla av dei som nytta seg av
«moderne» uttrykk.
I denne samanhengen vil eg berre nemne bruken av folketonane. Dei var alt anna
enn velsedde («velhøyrde») i gudstenestelivet vårt – verdslege som dei var,
«smittet av vantroens dynn». Kan vi ikkje smile litt av det i dag? Kvar hadde
Brorson sine sterke og levekraftige salmar – den dag i dag – vore dersom ikkje
pietistane braut med kyrkjelege «pålegg» og song seg frelste og glade nettopp i
ei folkeleg musikalsk drakt? Eksempla er mange, mange.
Og har vi nokon garanti for sann kristeleg og åndeleg gehalt i songen vi nyttar
på bedehuset med tre grep (D, A og G), i 3-delt takt (vals), og med tersen i ei
over- eller understemme, og då med gitaren som støtteinstrument (jf.r Til
strengespel som det står over mange av Bibelen sin Salmar), - og ikkje til orgel
(som opp i mellomalderen var eit heidensk/verdsleg instrument)? Dette eigentleg
likeså lite som om estetisk kyrkjemusikk i seg sjølv skulle ha ei meir frelsande
kraft enn Ordet, Jesus Kristus ved sin talsmann Den Heilage Ande, som er det
einaste namnet som gir eit evig liv.
| |
|