Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heim, ekteskap og familie (Del 1)
Av Dag Rune Lid

 Då Gud skapte himmel jord og dei to fyrste menneska på jord, så skapte han dei i sitt bilete, til mann og kvinne – og så blei også den fyrste heim på denne jord grunnlagt. Heimen skulle vere ein fristad, skapt av Herren, og den skulle avspegle noko av det himmelske – der den himmelske kjærleik skulle få rå.

Slik ville Herren at ekteskapet og den kristne heimen på denne jord skulle få vera eit levande livssamfunn – ein bustad for freden, eit kraftsenter, ein kvilestad der ein kunne få nytt mot i livet sin kamp og strid.

Men denne første heim der alt var fullkoment der angreip djevelen og som Brorson skildrer det: «Det la vår verden øde, Det har voldt det sjelemord Hvorved alle døde.» Alle døde – du og eg fekk den djevelske arv, dødens arv, vart av naturen vreiden sine born og elska ikkje Guds ord og lov.

Øivind Andersen seier om dette: «Derfor har sjelefienden like fra først av prøvd å ødelegge ekteskapet. Sanne ekteskap og kristne hjem hvor det leves rett etter Guds ord, er farlige for djevelen. Det er grunnlaget for Guds rike menneskelig sett. Hvis djevelen ikke får ødelegge ekteskapet, får han ikke ødelagt et folk. Men kan det lykkes ham å ødelegge ekteskapet og den Guds ordning som gjelder for det, så ødelegger han selve folket, og folket går til grunne.»

Han fortset: «Mange mener også at det aldri før har vært så mange ulykkelige ekteskap blant bekjennende kristne som i dag. – Dette er også min erfaring i sjelesorg. Og jeg har snakket både med erfarne psykiatere, leger og sjelsørgere, som sier det samme... Det er mange ulykkelige mennesker bakom det som ikke ser så galt ut utenfra.»

 Dette sa bibelskolelærer Øivind Andersen rundt 1980 og det har ikkje vorte betre med åra – men langt verre. Eg høyrde seinast på radioen nyleg at i Hordaland fylke var auken i skilsmisser på 10 prosent berre det siste året. Tenk på all den liding og smerte dette skapar for dei mange tusen som er innvolverte.

Kva var det Andersen sa her? «… kan det lykkes djevelen å ødelegge ekteskapet og den Guds ordning som gjelder for det, så ødelegger han selve folket, og folket går til grunne.»

Det er vel akkurat det som Andersen her seier som i dag går i oppfylling. Det forferdelege er at djevelen øydelegg folket i synd og umoral og me får det alle i større eller mindre grad kjenna situasjonen på kroppen. Kanskje heilt i den næraste familie. Å me må ropa til Herren om at han må forbarma seg over oss og vårt folk, og at sjelene kunne få eit møte med Jesus – berre det kan redda folket vårt.

I Luther si katekisme står det etter at hustavlene i Bibelen er gjennomgått: «Når kvar sitt Gudsord læra vil, Då står det godt i heimen til.» Men det er ikkje noko som berre Luther seier. Nei, han har funne denne sanning i Bibelen! – for Bibelen omtalar dette!

Me skal her ta fram noko av det Bibelen talar om heim, ekteskap og familie. Me vil då gå gjennom hustavlene slik me finn dei i Ef 5:21-33:

«Underordna dykk under kvarandre i age for Kristus. De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn som under Herren. For mannen er hovud for kvinna, liksom òg Kristus er hovud for kyrkjelyden – han som er frelsar for lekamen sin. Men liksom kyrkjelyden underordnar seg under Kristus, slik skal òg konene underordna seg under mennene sine i alle ting. De menn: Elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkjelyden og gav seg sjølv for han, for å helga han i det han reinsa han ved vassbadet i Ordet, slik at han kunne stilla kyrkjelyden fram for seg i herlegdom, utan flekk eller rukke eller noko slikt, men at han kunne vera heilag og ulastande. Slik skuldar òg mennene å elska konene sine som sine eigne lekamar. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. Ingen har nokon gong hata sitt eige kjøt, men han gjev det næring og vermer det, slik Kristus gjer med kyrkjelyden. For vi er lemer på hans lekam. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt kjøt. Denne løyndomen er stor – eg talar her om Kristus og kyrkjelyden. Men òg kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og kona skal ha age for mannen sin.» Ef 5:21-33

 Når Rosenius omtalar kjærleiksgjerningar i heim, ekteskap og familie så seier han: «Problemet er bare at disse gjerningene er i våre forblindede øyne er så altfor ubetydelige og nytteløse! Kanskje mange mener at dette temaet har så liten betydning at det aldri burde vært tatt med. Å tale om mann og hustru, om barn (og tjener), er ikke så altfor åndelig, synes de. Men i så fall er Gud i himmelen selv ikke åndelig. For han har jo selv innstiftet ekteskapet og har gitt sine lover for det.»

Mange meinar at Bibelen sin tale om desse ting er håplaust forelda og ikkje samsvarar med tida me lever i. Ja, slik tenkjer det naturlege menneske. Men Herren har omtalt det og skal me ta Guds ord på alvor så kan ein som kristen ikkje hoppa over det Bibelen talar klart og utvetydig om!

 «De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn som under Herren.»

Luther seier om dette: «Hvis jeg på Guds befaling bare tok opp et halmstrå, så var dette en større og mer hellig gjerning enn om jeg – uten Guds befaling – omvendte hele verden. Tenk om Gud besøkte deg en dag sammen med noen engler, og bare ba deg feie gulvet. Så ville du nesten ikke styrea deg av bare glede. Og hvorfor? Dette var vel ikke så stor gjerning? Nei, sikkert nok ikke i seg selv, men bare fordi Gud hadde bedt deg om det!»

Du som er kone må hugse på at det er Gud som seier at du skal underordne deg under din eigen mann som under Herren.

Til slik tale er det mange som innvender: Skal då mannen herska akkurat som han vil over meg? Nei, slett ikkje og det står heller ikkje her. Mannen har sine eigne reglar å rette seg etter som me skal koma inn på seinare.

I parallellteksten frå Kol 3:18 står det: «De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn, som det sømer seg i Herren.» Underordninga er ikkje først og fremst for mannen si skuld, men for Herren si skuld, uansett om mannen oppfyller sine plikter eller ei.

Bibelen forkynner ikkje likestilling. Menn og kvinner er forskjellige. Bibelen forkynner likeverd og underordning.

Kva tyder det at kona skal underordne seg ? Tyder det at mannen skal herske med makt og undertrykking? Nei, mannen er hovud for kvinna på same vis som Kristus er hovud for kyrkjelyden.» Det vil seie at mannen i ekteskapet har fått ein herskarstilling på same vis som Kristus herskar i kyrkjelyden.

Korleis herskar Kristus blant dei truande? Jau, ved å tene dei heilage. Det står at han som er himmelske herskar – han som var kongenes konge han «gav avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik. Og då han i si ferd var funnen som eit menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden – ja, døden på krossen.» (Fil 2:7f)

Med dette sinn skal ein truande ektemannen herska i heimen og tene sin ektefelle. Er han då noko tyrann? Nei, Kristus fornedra seg til korset og døydde for kyrkjelyden – han gav livet sitt fordi han elska syndaren til frelse. «Det var ham tungt å tenke på At verden skulle under gå Det skar ham i hans hjerte. I slik en hjertens kjærlighet Han kom til oss på jorden ned Og lidret all vår smerte.»

Me møter også ein parallell tekst frå 1Pet 3:1-5 «Like eins skal de gifte kvinner underordna dykk under dykkar eigne menn, så dei som er vantruande mot Ordet, òg kan verta vunne utan ord ved den måten de ferdast på, når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. Dykkar prydnad skal ikkje vera i det ytre – hårflettingar og påhengde gullsmykke eller fine klede, men hjartans løynde menneske, med den uforgjengelege prydnaden – ei mild og stille ånd, som er kosteleg for Gud. For slik prydde dei heilage kvinnene seg i tidlegare tider, dei som sette si von til Gud. Dei underordna seg under mennene sine.»

Her er det til og med tale om hustruer som har heidningar til menn, slik det ofte var tilfelle på apostlane si tid då mange blei funne for evangeliet. Likevel pålegg apostelen ei kristen kona å underordna seg mannen sin. Herren vil at om ho ikkje får vitna for han med ord, skal ho i alle fall kunne gjera det med sin kristne mildheit, venlegheit, trufastheit osb.

Det vert fortalt om mor til Augustin, Monica. Ho hadde ein vanskeleg og svært ugudleg mann som var heidning. Men ho visste å stella så godt med han at han aldri gjorde ho noko vondt. Nabokonene såg dette og kom og klaga over mennene sine som aldri var fornøgde med dei, men sende bannord og slag etter dei. Dei spurde Monica korleis ho bar seg åt når ho aldri blei stått av mannen, som var så hissig, oppfarane og vanskeleg av natur.

Ho svarte: «Eg er redd det er de sjølve som gjer mennene dykkar grunnlag for at dei er som dei er. Dersom de underordnar dykk under dei, og ikkje berre bjeffer etter dei, men er tolmodige og lydige mot dei og gjev dei venlege ord, så trur eg ikkje dei ville slå dykk. For slik pleier eg å gjera. Når min mann brukar munn, så ber eg for han. Blir han sint, så går eg berre i stillheit, og gir han så nokre hjertelege ord. På den måten har eg ikkje berre dempa sinnet hans, men fått han så langt at han no er omvendt og blitt ein kristen.»

Luther understrekar nettopp det sama når han seier: «Det er en stor og verdifull skatt en hustru har, når hun lever slik at hun underordner seg sin mann. Hun er dermed sikker på at hennes gjerning er velbehagelige for Gud. Var det noen større glede hun kunne ha? Den som vil være en kristen hustru, skal altså tenke slik: Jeg vil ikke se på hva slags mann jeg har, om han er hedning eller jøde, god elle ond. Jeg vil bare se på at Gud har innsatt meg i ekteskapet. Derfor vil jeg underordne meg min mann og være lydig mot han. Når hun lever i slik en lydighet, da er alle hennes gjerninger gyldne gjerninger.»

Me skal få lov å sjå på ektefellen som ei Guds gåva. I Ord 18:22 i står det «Den som har funne ei kone, ha funne lukke, og har fått ei nådegåve frå Herren» Ei nådegåve er noko ein får av Herren, ei gåva av nåde. Ser du på kona di som ei nådegåve?

Ein presang har ikkje verdi berre etter kva den er i seg sjølv, men den har først og fremst verdi etter kven eg har fått den av. Hadde du fått ein pakke i posten og der på underskrifta stod frå: «Kong Harald», ja då trur eg du hadde gjort store augo. Tenk eg har fått ei gåva av kongen!

Du som er gift har fått ei gåva frå han som har skapt himmel og jord. Det viktigaste med denne gåva at Herren har gitt deg ektefellen din. Ho eller han er ei Guds gåve, tenk noko så stort - frå de allmektige Gud.

Ser du på di ektefelle som ei Guds gåva? Det seier Bibelen at du skal få lov til gjera, og då er det mange andre ting som fell på plass. Får ein sjå slik på ektefellen, så vil ein også få oppleve kva velsigning ei slik gåva fører med seg.

Då må bitterheit vika. Oppstår det konfliktar, så må sjølverkjenning få rom. Me må ha det ope og godt saman, – eg kan ikkje skjula noko eller leve i hykleri overfor den ektefelle som Gud har gitt meg. Då vil eg ringeakte han som er gjevaren.

Når Jesus den siste kvelden vaska føtene til læresveinane slik det står omtalt i Joh 13 tok han på seg jobben som ingen ville ha. Det var slikt trælane skulle ta seg av. Derfor protesterer Peter kraftig – for han opplevde det så urimeleg at Jesus skulle tene dei på ein slik måte.

Slik skal du som ektemann tene i heimen, – slik Kristus tente sine læresveinar. Han tente i kjærleik, og han elska deg og meg slik at gjekk i døden for si brud.

 

Heim, ekteskap og familie (Del 2)
Av Dag Rune Lid

 

«Underordna dykk under kvarandre i age for Kristus.» Ef 5:21

 Slik er grunntonen i det som Bibelen seier til kone og mann i ekteskapet.

 Me lever i ei oppjaga tid som djevelen veit å utnytte. Eit ekteskapet må pleiast, det går ikkje av seg sjølv. Det har aldri vore så sterkt press på ekteskapet som i dag. Difor er det viktig å ha tid og lytta til kvarandre, vere oppmerksame, vise omsut og gje kvarandre oppmuntrande ord.

Dessutan treng båe ektefellane dagleg å få leve ved den reinsande flod i Jesu blod. For i og med den nye fødsel, vert det ein kamp mellom Ånd og kjøt i hjarta. Kjøtet har ektefellane med inn i ekteskapet – det vert ikkje kristna og vil ofte stikka seg fram.

 Kva er kjøtet sine gjerningar? Guds ord omtalar dei mellom anna som trette, fiendskap, sinne, misunning, hor  og hovmod.

Slikt kjøt har ein kristen på lik linje med ein verdsleg. Difor er det også Bibelen seier i Gal 5:24-25: «Dei som høyrer Kristus Jesus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og lystene.»

Får det krossfesta kjøtet rom og næring i livet ditt, byrjar kjøtet sprella og vil ned av krossen. Det vert ustyrleg og vil ta overhand. Får då ikkje Guds Ord dagleg døde, avsløre og krossfeste kjøtet ditt på nytt, så kjem kjøtet og djevelen så visst til å sigra.

 Difor er det også Guds ord talar til deg som er ein reinsa i Jesu dyre blod: «Ferdast i Anden! Så skal de ikkje fullføra lystene åt kjøtet. For kjøtet trår imot Anden, og Anden imot kjøtet. Dei to står imot kvarandre, så de ikkje skal gjera som de vil.» (Gal 5:16-17)

Kva skjer der Anden får regjere? Då talar Bibelen om Andens frukt som er «Kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde, sjølvtøyming.» (Gal. 5:23)

 Der Andens frukt får regjera, er det godt å vera i heimen. Der må ektefellane dele sorger og gleder med kvarandre, dei må ta seg av kvarandre, dei må snakke saman. Dei må gjere opp og tilgi kvarandre, slik at djevelen ikkje brukar den vesle steinen som gneg til å lage verk som gjerne kapslar seg inn og vert vond og hard.

 

Tilgi og ten kvarandre
Den siste kvelden Jesus var saman med læresveinane sine vart  det ein kvass diskusjon mellom Jesu eigne disiplar om kven som var den største mellom dei. (Luk. 22.24) Tenk det! Slik kom kjøtet fram sjølv då dei var saman med Jesus. Det fortel noko om at kjøtet også vil opptre i heimen. Det kan du vere hundre prosent sikker på!

Så reiser Jesus seg og vaskar føtene til læresveinane sine. Slik herska Jesus. Når han er ferdig seier han: «Når då eg, som er Herre og Meister, har vaska føtene dykkar, så skuldar de òg å vaska føtene åt kvarandre. Eg har gjeve dykk eit førebilete, så de òg skal gjera slik eg har gjort mot dykk.» (Joh 13:14f)

Slik taler Jesus til sine og til deg som er ektefelle. Kor mange gonger skal du tilgje ektefellen din? 70 gonger 7, sa Jesus, – det avspeglar hans tilgjevande sinnelag.

    Sjølv om begge ektefellane kan kome frå gilde kristne heimar, er det ikkje noko sjølvsagt ting at det skal gå godt i ekteskapet. Det er ulik oppdraging, ulike forventningar, ulike tankar og meiningar – og røynsla viser at ei lita tue kan velte stort lass sjølv i dei beste heimar. Difor må det tilgjevande sinnelag få råde. Meg og mitt må ikkje få sigra. Der «EG» er størst og viktigast vert det misforståingar, spenningar, bitterheit – sjølverkjenning og tilgjeving får ikkje rom – og kjærleiken kolnar.

Bibellærar Øivind Andersen seier: «Overse din ektefelles feil, og tilgi. Vær alltid rede til å tilgi din ektefelles feil. Og i den sammenheng, vær alltid rede til å innrømme dine egne feil. Blir det trette eller konflikt, så spør deg selv: Har jeg skylden for dette? I svært mange tilfeller har du nettopp det. Prøv ikke å skylde på ektefellen, når du innerst inne vet at du har skylden.

Vær heller rede til å ta på deg for mye skyld, enn for lite. Hvor ektefellene har denne innstilling overfor hverandre, kan djevelen ikke få makt i et hjem og ødelegge det. Og en ting til, dette er det beste oppdragelsemiddel for barna i et kristent hjem.»

 

Slik som Jesus elska
   Vår himmelske far ynskjer at hans kjærleik skulle få rå i heimen. Hans kjærleik «er tolmodig, er velvillig. Kjærleiken misunner ikkje. Kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp, gjer ikkje noko usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, vert ikkje bitter, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanning. Han held ut alt, trur alt, vonar alt, toler alt.» (1Kor 13:4-7)

Kvar får ein denne kjærleik? Hos Jesus, og berre hos Han!

 «De menn: Elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkjelyden og gav seg sjølv for han... » (Ef 5:25)

Det som framom alt kjenneteiknar Jesus er at han elskar uforskyldt, utan omsyn til vår forteneste, vår verdigheit eller korleis me har stelt oss. Han elska røvaren på krossen attmed seg, han som levd eit liv i synd og ugjerningar. Slik er Jesu kjærleik til deg. Han gjorde alt, utan tanke på seg sjølv og sine lidingar. Slik skal du som ektemann elska kona di. Du skal gjere det utan å sjå på hennar gode eller mindre gode sider og eigenskapar. Kristus elska utforskyld – det skal du og gjere!

Kjærleik som grunnar seg på ektefellen sine eigenskapar er ikkje bibelsk. Men slik kjærleik er vanleg i dag. Han er overflatisk, flyktig og lite haldbar. Han er kravstor, sjølvsentrert, og set fokus på eigne behov og ynskjer.

Hadde Kristus elska slik hadde han ikkje gitt sitt liv for deg og meg!

No har Gud gitt deg kona di til ektemake og sagt: «Ho skal vera di! De skal være eitt kjøt! Elsk henne, ær henne og hald av henne!»

Paulus sine formaningar i Ef. 5 kallar me «hustavlene». Dei var skrivene til slike som er «oppreist med Kristus». (Kol. 3:1) Rosenius seier i denne samanheng: «En kristen, som lever i samfunnet med den allmektige Herren, har midler og veier som ingen andre har, til å få det han trenger. «Alt er mulig for den som tror». Han kan få kjærlighet når han trenger det, selv om det ut fra naturlige forhold var umulig å elske…

 Trenger en kristen til mer kjærlighet, så taler han med Gud om dette. Det er det første. For kjærligheten er også en gave fra Gud...

og at enhver må se hva Guds ord sier om dette, og se på sin hustru som Ordet sier en skal se på henne…

 Det viktigste er at vi alltid må opplives i vårt forhold til Gud, i troen og kjærligheten. Så følger også kjærligheten til ektefellen.»

Likevel kan truande kvinner og menn oppleve at ektefellen reiser frå dei. Å kva liding og smerte skapar ikkje det! Men også i den nød skal me få koma til Jesus.

Spørsmål kan dukka opp: Kva med framtida då? Kva med gjengifte?

Då seier Bibelen at enten skal ein forlike seg med ektefellen, men går ikkje det så skal ein leva ugift. Det er Guds gode livslover sjølv om det ikkje er populært å seie det i dag. (Sjå artikkel om skilsmisse og gjengifte i. nr.7/2001 av Lov og Evangelium.)

Den viktigaste måten til å få det godt med ektefellen, er å ha det godt med Gud. «For akkurat som deres forhold til Gud er, slik er også deres kjærlighet til hverandre. Blir de kalde og døde i sitt forhold til Gud, blir også den ekte kjærligheten kald og død. Her ser vi hva den ekte kjærligheten mellom mann og hustru er, en hellig kjærlighet,» seier Rosenius.

Men djevelen angrip alt som er heilagt. Han kan ikkje tåla at kristne ektefellar elskar og ærar kvarandre, og set han alt inn på å angripe og øydeleggja ekteskapet. Difor er det heilt nødvendig at du ser på din ektefelle i lys av Guds ord og at hjarta ditt vert fylt av Jesu Ande og kjærleik.

 

Om å attrå andre kvinner

Me veit korleis det gjekk med David då han såg på kona til Urias. Luther seier i kommentar til Mat 5:27-30: «Kjøtt og blod er fullt av begjær, så det snart blir mett av det som en har, og gaper etter noe nytt. Da blåser djevelen til ilden, så en hos sin egen ektefelle bare ser alt som er skrøpelig, og lukker øynene for alt som er godt og rosverdig. Og da ser snart en hvilken som helst kvinne vakrere ut i ens øyne, enn ens egen.

Men den eneste rette motgift er da å straks se på sin egen ektefelle etter Guds ord. Da vil vi elske og se på vår egen hustru som en guddomelig gave og det herligste klenodium. Og når en ser på en annen kvinne som er vakrere enn ens egen, vil en tenke: Om hun så var den aller vakreste på jorden, så har jeg likevel noe langt skjønnere i min egen hustru, som Gud har gitt meg og smykket meg og utsmykket henne med sitt ord. Det er et smykke som ikke ser hos noe annen. Og jeg vet at det er til Guds og alle englers hjertelige velbehag at jeg elsker henne og er trofast mot henne».

 Bibelen har endå fleire formaningar. Apostelen Paulus seier: «De menn: Elska konene dykkar, og ver ikkje arge mot dei.» (Kol 3:19) og apostelen Peter seier: «Så skal då de ektemenn òg leva med forstand saman med konene dykkar som det veikare kar. Og syn dei ære, for dei òg er medarvingar til livsens nåde – så bønene dykkar ikkje skal verta hindra.» (1Pet 3:7)

Det er viktig at kjærleiken vert bevart mellom ektefellane så ein også kan ha samfunn i bønelivet. Dette vert hindra når noko hardt og bittert får snike seg inn. Det er berre ei vedvarande tilgjevande ånd som kan bevara kjærleiken og lykka i heimen. Denne ånd er berre ein stad å hente og det er hos Jesus, i Ordet – slik det står «forlat oss vår skuld, som me også forlet våre skuldmenn.» Der den tilgjevande ånd får prege forholdet mellom ektefellene og borna blomstrar kjærleiken.

 I Luk 17:32 seier Bibelen: «Kom Lots hustru i hu!» Det er eit ord til oss i dag. Tenk på Lot som i «karriere-jag» valde slettene utanfor Sodoma og seinare blei forfremma til administrativ jobb «i porten». Han fekk ikkje kona med seg, ho tok skade på si sjel. Det smerter å lese dette, ho som såg ut til å vere berga likevel innhenta dommen. Ho var med ut av Sodoma, men hennar hjarta blei att – det var gripe av denne verda.

Du som ektemann har eit stort ansvar for heimen. Syner du kona di ære, tar du deg av henne? Det er eit kall frå Herren til deg at ho ikkje skal bli som Lots hustru. Guds ord fortel at det skal bli mange som liksom henne tapar sitt hjarta til verdslegdom og jordisk rikdom.

 

Til dei ugifte
 Kva med deg som er ung og ugift? Kven skal du gifte meg med?

Det er viktig å tenkje gjennom denne sak, og ikkje la seg styre av heftige kjensler.

Går du inn i eit ekteskap med ein verdsleg må du tenke på at du både dag og natt vert bunden til ein person som gjennom si ånd er ei hindring for alt som er heilagt – sjølv om denne personen utvortes er både medgjerleg og kan vere med på møter.

Rosenius seier: «Skulle ikke en sunn og våken kristen be på sine knær om at Gud måtte skåne ham fra å bli bundet til en ugudelig? (…) Kjærligheten, som jo ”håper alt”, gjør at en forelsket kristen alltid anser den han elsker å være ”så nær Guds rike”. Da heter det at ”han er så påvirket av Ordet. Jeg tror sikkert han snart blir en kristen. Kanskje det er akkurat meg Gud skal bruke til det. Og kanskje jeg kan bli årsak til hans evige død, hvis jeg viser ham fra meg!»

Ein prøvd kristen sa ein gong: «Hvis Gud tilbød meg fritt å velge min ektefelle blant en rekke han stile opp for meg, og sa: Ta hvem du vil! Da ville jeg svare: Nei, Gud, velg heller du for meg! Jeg kan ikke en gang se morgendagen, og hva som kan skje. Gi meg du den du har valt ut til meg.»

 

Korleis skal eg gå fram?

Når ein er ung er ikkje dette spørsmålet så lett. Guds ord seier at me skal få leggje alle ting fram for Herren. Det skal du også få gjere! Du kan be om at Herren opnar eller hindrar og bøye deg for det. Lyttar du til Herrens ord og veiledning så vil han vise deg veg.

Det står så fint eit vers i salme 32:8: «Eg vil læra deg og visa deg den veg du skal vandre, og eg vil gje deg råd med mitt auga.» Den som bøyer seg for Guds ord skal få stole på det.

Rosenius seier i boka Fader vår: «Vi må si: ”Å, Far, la det aldri komme derhen at det skulle gå etter min vilje! Bryt min vilje og hindre den! Det må gå med meg som det vil – må det bare ikke gå etter min vilje! For slik er det jo i himmelen – der er ingen egen vilje. Må det også være slik på jord!»

Denne bøn i «Fader vår» berører nettopp dette me har snakka om: Skje din vilje. Det er det som ligg under alt; at Herrens vilje må få framgang i mitt liv, i ekteskapet, familien og i folket.

 

Kva med dei kristne heimana?

Me les i 5Mos 6:6 «Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. Og du skal prenta dei inn i borna dine. Du skal tala om dei når du sit i huset ditt, når du går på vegen, når du legg deg, og når du står opp.»

La Guds ord få råda i heimen! Her kjem husandakten inn, og det bør ein ha i alle kristne heimar. Ein må prøve å finna fram til ei tid på dagen då alle kan vera samla. Hugs på at det Gudsordet som vert sådd i hjarto er virkekraftig, difor gjeld det å så rikeleg. Gode songar med godt innhald har også stor verdi. Og at ein tar seg tid til å be saman, og borna kan gjerne få ta del her slik at det å be vert ein naturleg del av livet.

Kjøtet set seg stundom hardt i mot: – Nei, me har ikkje tid, slik kjennest det ofte. Det ringjer på døra, eller telefonen kimar. Og barnestemmer som ropar utanfor: Vil du kome ut og leike?

Ja, djevelen arbeider flittig for å hindra slik stunder i heimen. Det kan vere kamp å få tid til Ordet, men set me ikkje av tid vil me aldri få tid, det syter djevelen for. Han er freistar flittig å øydelegge dei livsnødvendige stundene med Bibel og bøn. Difor seier også Guds ord her: «Du skal (!) prenta dei inn…»

 

Gud vil berge oss for himmelen.

Heimen er blitt ei slagmark og ein kampareana i dag, men i staden ville Herren det skulle få vera ein stad der hans Ande kunne få rå – der det kunne få vere ein smak av himmelen på jorda.

Det er dette Elias Blix skriv om når han syng «I min heim var eg sæl Avdi Gud var attved, Og eg kjende så vel Kor det anda Guds fred. Når til kyrkje me fór Når me heime heldt kor Og med moder eg bad. Å, eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel denne stad!» (sb 821)

Gode heimar set spor i barnesinnet, Guds ord pregar dei born som har møtt det i heimen og dei gløymer det aldri. La oss oppmuntra kvarandre til å bruka Ordet i heimen, det er berre det som kan berge både deg og borna. Hugs: Guds ord er levande og virkekraftig, det er i går og i dag det same, ja til evig tid!

Til slutt endå eit sitat frå Luther: «Når kvar sitt Gudsord læra vil, då står det godt i heimen til.»

 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker