Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lærepunkt og lesemåte
Lesarinnlegg, Dagen, laurdag 13.3.04, Gunnar Soppeland
 

I Dagen 27.2 og 3.3.04, hadde J. Kleppa to viktige kommentar på side 3. Utgangspunktet var ein artikkel i Bibelsk Tro nr.1.04 av M. Vigilius. Kleppa peikar på eit sprik mellom lære og lærepraksis og spør om preikene i dag har det rette lærepunktet i sentrum.


Problemet med slike observasjonar er at dei som regel kjem for seint. Læreavvik eller ei endring av tyngdepunktet i forkynninga har alltid ein årsak. Når forkynninga ikkje lenger endrar folket stagnerar arbeidet. Då vil gjerne folket endre forkynninga for å komme vidare.  Forkynnaren har ikkje alltid skulda for dette. Skulda kan like gjerne ligge hos dei som bytta han ut med ein annan, - eller noko anna. 

Jesu enkle frelseslære er, at dei som trur på namnet hans skal verta frelst. Den evangelisk lutherske vedkjenninga treng vi for at bibelens lære skal lyde klårt. Fordi Ordet er Gud, er sann forkynning verkeleg levande, kraftige og fruktbare ord, som spirer og veks, dag og natt, utan at forkynnaren veit, eller treng vite, korleis det går til. For; ”av seg sjølv gjev jorda grøde; fyrst strå, så aks, så fullmoge korn i akset”. (Mark. 4.26ff) 

 

Diverre har vedkjenningsskriftene i dag lita interesse utover det å borge for at ”vi har den rette læra”. Haldninga til ei eintydig lære går frå det lunkne til det negative. Mange tenkjer visst at det er lettare å inkludere moderne menneske i den kristne forsamlinga dersom lesemåten berre vert friare og meir komfortabel i høve til dei tradisjonelle lærepunkta.


Om gamle ”ja” vert til nye ”nei”, og motsett, så taklast overgangen greitt, ved neglisjering. Vert det ikkje ro ved det, kan saka overlatast til respektivt læreorgan. Der kan ho liggje og mogne inntil eit fleirtal kan forsone seg med den praksisen som i si tid gjorde at saka vart reist.  Slik flyttar ein tyngdepunktet frå lærepunkt til lesemåte. Frå ei objektiv sanning til ei subjektiv. Det farlege ligg sjølvsagt i at ein ordblind kan lese dei rette orda, men utan å skjøne tydinga.


Vi veit Luther ei tid var åndeleg ordblind. Han las då ordet om ”Guds rettferd” som ein knusande dom over seg. Men då Anden openberra kva Gud sjølv la i dette ordet, seier han: ”Det stod for meg som om jeg var helt født på ny og gjennom  åpne dører var trått inn i paradiset”. Etter dette kalla han Rom 1.17 for ”porten til Paradiset”.


Det var denne frigjerande evangeliske tonen som starta reformasjonen. Ikkje rart at det  typiske ved denne reformasjonen var den nye lesemåten: Den todelte gudsopenberringa gjennom lov og evangelium. Då leseevna vart lækt såg Luther ”Guds rettferd” som si eiga rettferdiggjering i Kristus. Av nåde ved tru. Dette vart nøkkelen som opna heile bibelen for han.


Ny lesemåte treng likevel ikkje føre til at alle ser likt på alt. Vi skjønar alle stykkevis, og rettferdiggjeringa er eit kjernepunkt ein aldri kan trengje til botnars i her i tida. Ulik grad av erkjenning og lys over denne veldige sanninga gjev difor ulikt skjøn på så mangt. 

Men dei ”ordblinde” kjem ikkje inn i kjernepunktet. Dei går forbi, vil stadig vidare, og kjem  lenger og lenger bort frå sentrum. Dei vil det rette, men lesemåten deira er  prega av ideleg augneblinkspåverknad og kjærleik til straumdraga som er ”in” i tida. Difor kan dei verken sjølv komme til det rette, eller føre noen andre til det rette. 

 

Utruleg nok ser det ut som om arbeidslag med begge desse lesemåtane heng saman. Grunnen til det er  kanskje den, at dei som stiller spørsmål ved lærepunkta, vert vist til den progressive lesemåten, og dei som stiller spørsmål ved denne lesemåten, vert vist til dei uendra lærepunkta. Dermed får alle sitt. Ingen skrik opp og ingen gjer opprør. Mange let seg slik gjennomtrengje av tidsstraumen, samtidig som dei fortrengjer den åndeleg motsetnad som ligg i dette.

 

Spør vi danske Søren om eit passande ord til det overståande, trur eg han vil seie: ”Man vil la hele den kristelige terminologi bestå, men underhånden være vitende om, at der ikke skal tenkes noe avgjørende derved.--- Man vil aldeles uskyldig la det bestående bestå, men i en reflektert viten være mer eller mindre vitende om dets ikke-beståen”.

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker