|
- Sjå, eg står
for døra og bankar!
Utdrag
av Dag Rune Lid sin tale under Bibelehelg på Solgry laurdag 2. oktober 2004.
Kampen om di og mi sjel
Som menneske lever du og eg på ei åndeleg
slagmark der det føregår ein kamp på liv og død om di og mi sjel. I denne siste
tid før Jesus atterkome vil denne kamp tilta seier Guds ord, og «kjærleiken
kolna hjå dei fleste.» (Matt 24:12) Djevelen rasar for han veit han har så
kort tid igjen, og han vil kjempe mot Guds folk både som ei brølande løve og
som ein lysets engel.
I Asbjørn
Aavik si bok «Åndens tempel» så innleiar han med å fortelje ein historie
frå eldre tider om eit natt-tog som kjem inn på ein støyande stasjon som er
fullt opplyst. Litt etter at toget er stansa så høyer ein hammarslag – så
stille, hammarslag – så stille.
Det er
kontrolløren som sjekkar om det er skade i hjula, om det er ein indre brest i
godset som seinare på natta kan føre til forferdelege ulukke der gjerne
hundrevis av liv kan gå til i avsporing.
Av og til
hende det at ei vogn blei utkopla og sett inn på eit sidespor for nærare
undersøking. Kontrolløren med hammaren fann at klangen ikkje var den rette. Det
var ein skade som gjerne ikkje var synleg for det menneskelege auga.
Slik seier
Bibelen også at det kan vere i den åndelege verda. Du og eg kan lever i eit
sjølvbedrag der både ein sjølv og dei rundt trur at alt er rett, men likevel kan
det ende galt.
Difor er det
mi bøn at han som er den himmelske «hyrde og tilsynsmann» for våre
sjeler, kunne få gå mellom benkerade her i formiddag. Og at me kunne be som
David ber i Sal 139:23-24: «Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg
og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på
ævevegen!» Er du og eg villig til å la denne himmelske kontrollør få kaste
sitt avslørande lys innover våre liv ?
Sanningsanden
Når Jesus den siste kveld snakkar til sine så
snakkar han om at han vil senda dei Den Heilage Ande, og han gjev han også eit
anna namn: Sanningsanden eller Sannhetens Ånd. Denne Sanningsanden toler ikkje
løgn, svik, trette, baktaling, misunning, umoral, hovmod osv.
Difor skriv
også Palus til sine vener i Tessalonikia: «Sløkk ikkje ut Anden!» (1Tess
5:19) Det går an det. Sangaren syng om "giften i tidens vær og vind, som
truer å røve meg livet», og denne trekken er veldig sterk i dag.
I kva
samanheng er det Paulus seier dette til sine vener i Tessalonikia? Paulus seier:
«Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men jag alltid etter å gjera det
gode, mot kvarandre og mot alle. Ver alltid glade! Bed utan opphald! Takk for
alt! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus. Sløkk ikkje ut Anden!»
(1Tess 5:15-19)
Han blir
også omtalt som Den Heilage Ande. Korleis er denne Ande? Namnet fortel oss det.
Han er heilag! Han kan ikkje sameinast med synd! Då Jesus snakka med sine den
siste kveld, så seier han at Den Heilage Anden sin gjerning er mellom anna å
overbevise om synd, og om rettferd og om dom(Joh 16:8).
Kvifor?
Fordi Jesus vil at du og eg skal få gå på gater av gull! Ein kristen lever i eit
framand land der «giften i tidens være å vind» er så gifting at det kan
drepe ditt og mitt Gudsliv. Hadde det ikkje vore for at Den Heilage Ande
overbeviste deg og meg om synd, hadde du og eg aldri fått nådebehov.
Opp, våk og bed
Den som er ein kristen har fått ein ny natur, men
på same tid så har han også ein gamal natur. Denne kampen blir dagleg ein smerte
for ein kristen.
Difor er som
bidskop Hans Adolf Brorson skriv:
«Opp, våk
og be, så du kan se å møte syndens farer! Fort du kunne
trekkes ned i den ondes
snarer.
Bruk Ordets makt, gi nøye akt på hjertet hvor det vanker, lær å
holde hellig vakt over
dine tanker!
Å følge
smukt Guds nådes tukt når Ånden vil deg minne, holder
verden utelukt,
hjertefreden inne.
Et lite
grann av surdeig kan all deigen gjennomsyre; kommer
gnisten først i brann,
er den vond å styre.
En tanke
som i hjertet kom, og som man litt lot råde, har så titt
gjort sjelen tom på Guds
dyre nåde.
Et
løgnens ord i Adam fór, det la vår verden øde, det har voldt
det sjelemord hvorved
alle døde.
De
sjelesår som Satan slår, går gjennom skjulte ganger; de som
ikke våkne står, gjør
han fort til fanger.
Vår onde
art opptennes snart igjennom syn og øre. Blir en syndig
tanke spart, er han innen
døre.
Alt
dette vet erfarenhet hos alle Herrens venner; bort med søvn og
sikkerhet, du som Jesus
kjenner!
Opp, opp
på vakt av all din makt, før dagen din er omme. Våk og
be, har Jesus sagt, til
du ser ham komme!»
Overbeviser om synd
Tenk deg livet ditt som eit hus med mange rom, og så kjem Den Heilage Ande
med sitt lys og rom etter rom blir opplyst. Det blir som Per Norsletten syng:
«Jeg fattig var, er verre vorden, ser mer og mer av hjertets dynd.» Slik
oppleves det når Anden kastar sitt avslørande lys over stadig nye rom i mitt
liv.
Eller det
blir som profeten Jesaja fekk oppleve det: «Ve meg! Det er ute med meg, for
eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur midt i eit folk med ureine lepper.
Og augo mine har sett kongen, Herren, Allhærs Gud.» (Jes 6:5) Eg har møtt
den heilage, den reine og så ser eg at eg er urein.
Når
himmellyset kom inn i David sitt liv så seier han. «Då eg tagde, tærdest mine
bein bort, eg stunde heile dagen. For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi
livssaft kvarv som i sommartørken.» (Sal 32:3-4) David fekk med Den Heilage
å gjere. Det er det du og eg også treng om me har tenkt oss til himmelen.
Hans Erik
Nissen seier: «Skal vi føre mennesker til himmelen, må vi først føre dem til
helvede. Det gjorde Jesus, og vi er kaldt til å gå i hans spor.» Men her
protesterar verden, djevelen og vårt eige kjøt og det blir protestar langt inn
mellom kristenfolket på slik tale. Men får ikkje menneske møte med Den Heilage
Gud, og synda kjem fram i lyset, får menneske behov for Jesu blod som reinsar
for all synd.
I dag har
mange vedkjennande kristne fått eit så farleg avslappa forhold til synda. Ein
kan leve i synd, ein kan forsvare si synd. Likevel kan menneske seie å leve i
lyset med sitt liv. Då seier Guds ord at me lyg!(1 John 1:6) Til og med biskopar
kan forsvare synd, som Jesus sveitta blod for. Men Gud er Heilag, han toler
ikkje synd! Han er ein fortærande eld mot all synd! Som Gud er, slik er også Den
Heilage Ande, Sannings Anden – han kan ikkje sameinast med synd!
Å lyge for Den Heilage Ande
Bibelen har mange døme som viser oss dette. Me
kan t.d. lese i Apostelgj. kap. 5 om Ananias og Safira. Dei hadde bestemt seg
for å gje til Guds rike, og det var eit fint trekk. Det står om Barnabas i
kapittel før at han hadde selt ein åker, og kome og lagt pengane for apostlane
sine føter. Kanskje dei hadde høyrt om dette og så ville dei også vere med å
gje.
Men så står
det at dei var ikkje ærlege. Dei stakk unna noko av pengane. Det var no så lite.
Det var berre ein bagatell kan me seie. Kanskje dei gjorde ein god handel,
kanskje dei byrja å trega, og så tok dei kvit løgn.
Det står
ikkje kva tankar som gjorde seg gjeldane hjå Ananias og Safira. Men han som har
augo som eldsloga, han som me alle ein dag skal stå ansikt til ansikt med – han
såg det! Kva sa han? «Ananias, kvifor har Satan fylt hjarta ditt, så du
skulle lyga for Den Heilage Ande og stikka unna noko av pengane du fekk for
åkeren?» (Apg 5:3) Det såg så uskyldig ut, men likevel hadde Satan fått fylt
hjarta gjennom det.
Dommen ramma
dei begge, dei fekk ikkje fleire høve til å vende om. Hallesby seier: «Om ein
hadde spurt dei som i dag er i den evige fortaping om kvifor dei ikkje ville
omvende seg, så ville dei seie: Visst ville me omvende oss, men me ville omvende
oss seinare.» På den livsløgna levde, død dei og gjekk dei fortapt på. Det
er ei livsløgn som djevelen plantar i menneske.
Menneske er
så flinke til å bortforklare og gjev synda finare namn. Baktalelse blir omdøypt
til sakleg kritikk. Umoralsk TV, video, teater blir til kultur. Fiendskap blir
kalla usemje. Hovmod og æresjuke blir kalla dyktigheit. Fosterdrap blir kalla
abort, osv. Menneske er flinke til å gje synda andre namn, men for Gud er synd
synd. Han er i går og i dag den same.
Sjå, eg står for døra og
bankar
Me las til innleiing: «Sjå, eg står for døra og
bankar.» Tenk for eit underleg syn! Han som skulle vere heidersgjesten i
kyrkjelyden i Laodikea. Han var hamna utanfor døra. Dette var ei kyrkjelyd som
Paulus hadde hatt slik omsorg for, og når han skriv til Kolossarane så skriv han
«Når dette brevet har vorte lese opp hjå dykk, syt då for at det òg vert lese
opp i kyrkjelyden i Laodikea.» (Kol 4:16) Det ser altså ut for at det som er
skrive til kyrkjelyden i Kolosse også er skrive til dei i Laodika.
I dette
brevet skriv Paulus: «For eg vil at de skal vita kor stor strid eg har for
dykk og for dei i Laodikea og alle dei andre som ikkje sjølve har sett andletet
mitt, at hjarto deira må verta trøysta, så dei kan knytast saman i kjærleik, og
nå fram til heile rikdomen av den fullvisse innsikta, til kunnskap om Guds
løyndom, som er Kristus.» (Kol 2:1-2)
Det tyder på
at det hadde vore vekking i Laodikea når Paulus skriv: «Han er den som fridde
oss ut or mørkers makt og sette oss over i sin kjære Sons rike. I han har vi
utløysinga, forlating for syndene.»(Kol 1:13-14) «Gud gjorde dykk levande
saman med Kristus, i det han tilgav oss alle våre brot. Han strauk ut
skuldbrevet mot oss, som var skrive med bod, det som gjekk oss imot. Det tok han
bort då han nagla det til krossen.» (Kol 2:13-14) For eit herleg evangelium
dei fekk høyre, og det ser ut for at dei levde her.
Det ser
difor ut for å ha vore sprudlande liv i Laodikea. Når ein les det som stod her
så ser det ikkje ut for at aktiviteten hadde avtatt. I deira eigne augo så såg
no verkeleg ut for å lukkast i arbeidet. Dei gav seg sjølv attesten: «Eg er
rik, eg har overflod og vantar ingen ting.»( v. 17) Dei var blitt så dyktige
på alle område. No såg alt ut for å fungere. Men problemet var at Jesus stod
utanfor å banka, og det hadde dei ikkje lagt merke til.
Trur du me
finn slike kyrkjer og bedehus i dag? Eg trur faren er enno større i dag enn på
Johannes si tid. I dag er me så dyktige og skolerte på alle vis. Me kan alt! Me
veit alt! Eg trur at me kan få alt til å svive i dag også, lenge etter Jesus er
komen utanfor.
I mange
samanhengar kan ein ha dyktige talar med lovsangsdans, drama, husorkester osv.
Ein vil gjerne ha forkynning, men den må ikkje vere så dømande. Tek ein fram at
menneske er fortapt i synder og overtredelsar, synd og nåde - så blir det gjerne
kalla «elendighetsteologi».
Men når det
er kome så langt har gjerne fråfalle helde på lenge – kanskje det byrja 20-30 år
tidlegare. Det kan ta lang tid før eit indre fall kjem til overflata.
Eg har gjort etter Herrens
ord
Det står om kong Saul i 1. Samuel 15. Han hadde
då vore konge i 2 år. Herren talte til han og sa han skulle straffa Amalek for
det dei hadde gjort mot Israels folk. Han skulle ikkje spare noko. Kva skjedde?
Det står at Saul sparte: «Agag og det beste småfeet og storfeet og gjøfeet og
lamma – alt som såg godt ut, og ville ikkje slå det med bann.»
Slik er din
og min natur, me vil så gjerne spare det beste i våre liv! Når Gud har lagt det
under dommen, då er det livsfarleg å spare det, gje det rom, forsvare det. Faren
mellom Guds folk i dag er nettopp dette at me vil spare det beste, det me
tykkjer ser og høyrest så bra ut. Det er ein stor fare for Guds folk i dag å
spare det me tykkjer vel om. Det blir følelsane som bestemmer kva som er rett,
og ikkje kva Guds ord og Andre seier.
Kva skjedde
med Saul? Då profeten Samuel kom, så seier Saul – velsigna vere du av Herren.
Han er snar og leggje til: «Eg har gjort etter Herrens ord.» Saul
bekreftar Guds ord for å gjere ekstra godt inntrykk. Menneskenaturen er snar til
å rettferdiggjere seg sjølv. Nårr Anden sin overbevisande tale kjem så seier
ein: - Eg har gjort etter Herrens ord! Eg har gjort det som er rett! Eg er ikkje
verre enn andre! Det er vel ikkje så nøye! Sjølvforsvaret. Men å gje seg sjølv
attest er livsfareleg.
Då seier Gud
gjennom Samuel: «Kva er då dette for breking av småfe som lyder for øyro
mine? Og kva rauting av storfe er det eg høyrer?» Det var ei «breking» som
kunne høyrast i himmelen. Eg trur faren er like stor i dag! ”Brekinga” blir også
høyrd i himmelen i dag frå det som blir spart, og som skulle vore under dommen.
Sjøl om ein gjerne høglytt kan forsvarar både det ein og det andre med orda:«Me
har gjort etter Herrens ord!»
Men det er
ein som ser alt, som høyrer alt, sjølv om menneske er blitt døve. I 1M 18:20
står det at Herren seier: «Klageropet over Sodoma og Gomorra er sanneleg
sterkt, og synda deira er sanneleg utan måte.» Menneske trur dei kan synde
mot Gud utan konsekvensar. Biskopar trur dei kan stå fram å forsvare den
Sodomittiske synd utan at det vert høyrd i himmelen. Nei, slik talar ikkje
bibelen. Gud ser og høyrer! Som du sår VIL du også få hauste, om ikkje før så i
domen.
Vraka av
Herren
Med Saul gjekk det frå vondt til verre med forsvar for synda. Til slutt så lyder
Herrens røyst.
«Då sa
Samuel: Har vel Herren like mykje hugnad i brennoffer og slaktoffer som i lydnad
mot Herrens ord? Nei, lydnad er betre enn offer, vilje til å høyra er betre enn
feitt av vêrar. For ulydnad er ikkje betre enn trolldoms-synd, trass er som
avgudsdyrking. Fordi du har vraka Herrens ord, har Herren vraka deg, så du ikkje
skal vera konge.» (1Sam 15:22-23) Likevel gjekk det neste 40 år før det blei
endeleg openberra.
Han blei
vraka av Herren. Han hadde berre vore konge i 2 år, og han vart konge i 38 år
til. I alle desse åra seinare var han forkasta av Herren. Det er forferdeleg å
ha namn av å leve, men å vere død. Han var utvald, han blei forkasta og til
slutt forherda fordi han vraka Herrens ord.
Korleis er
det med deg og meg som er her i dag ? Vrakar me Herrens ord og Andens stille
tale? Det kan skje med enkeltmenneske, og det kan skje med forsamlingar. Når
fråfallet blir synleg kan det gjerne ha gått 40 år som med Saul.
Når ein
kristen står imot Andens si overtyding om synd og fråfall,
og stengjer område for område i livet for lyset frå himmelen - då endar det som
i Laodikea. Rom for rom blir stengt, og til slutt står Jesus utanfor. Bibelen
vitnar om at ein kan stå så lenge mot Andens tale at nådetida går ut før
levetida. Då er ein forherda og fortapt i levande live. Då kan ikkje Jesus
lenger nå oss.
Kva var så
den himmelske konklusjon over disse i Laodika som opplevde at dei sjølve hadde
overflod, var rike og vanta ingen ting? «Eg veit om gjerningane dine, at du
korkje er kald eller varm. Det hadde vore godt om du var kald eller varm. Men
fordi du er lunka, og korkje kald eller varm, vil eg spy deg ut or munnen min.»
(Op 3:15-16) Det var ein forferdeleg dom, tenk å bli spydd ut av Herren sjølv.
Den moderne fariserisme
Det som skjedde her var at dei fekk høyre
Sanninga i levande live. Det er eit under i frå himmelen når det skjer. Desse i
Laodikea dei fekk eit nådekall frå himmelen, som avslørte deira sanne stilling.
Du og eg er
tusenkunstnar, og me kan ha ei maske som ingen menneske kan gjennomskue. Eg har
ei bok heime og utan på den boka så er det tegna 15 ulike masker, og eit fjes.
Over tegningane så står det: «Den moderne farisærismens ansikter» Boka er
dansk og skriven av Carsten Hjorth Pedersen. Den er vel verd å lese.
Du og eg har
så lett for å tru at fariseismen er ein utdøydd rase, men dessverre lever han i
beste velgåande her inne i mitt kjøt. Så kan me ta på oss ulike masker, slik at
me passar inn i «omgivelsane». Men ein dag må maskene våre falla, ein dag må
menneske sitt sanne "eg" fram i lyset. Får ikkje Den Heilage Ande kaste sitt
avslørande lys inn over ditt og mitt liv, så blir din og min fariserisme aldri
avslørt. Då kan me leve i sjølvbedrag til me slår våre augo opp i den evige
fortaping.
I Laodikea
fekk dei eit nådeord i frå himmelen. Det var eit nådeord som avslørte til marg
og bein. Kva var så deira sanne stilling sett frå himmelen? «Fordi du seier:
Eg er rik, eg har overflod og vantar ingen ting – og du veit ikkje at du er arm
og ynkeleg og fattig og blind og naken.» (Op 3:17) Det var med andre ord
«egenrettferdigheten» som rådde.
Fordi du
seier: - Eg er rik! Eg er konservativ! Eg er mot kvinnelige prestar og homofili.
Eg har større lys i Guds ord enn andre! osv. Er det dette som blir mitt forsvar
og grunnvoll? Då er eg som disse i Laodikea: Eg har overflod! Eg vantar ingen
ting!
Då er det
eg, eg, eg - som er i sentrum. Det var denne vegen dei var kome inn på i
Laodikea. Klarar ikkje djevelen å forføre oss i openbare synder eller i mismot,
snur han og prøver med «egenrettferdigheit» og hovmod.
«Du veit
ikkje at du er arm og ynkeleg og fattig og blind og naken.» (v. 17) Du veit
ikkje - dommen var klar. Det hjelper ikkje kva namn me enn gjer vår eiga
rettferd. Så lenge det er meg og mitt som er trøystegrunn – så lenge er denne
dommen levande over våre liv på lik linje med dei i Laodika. Resultatet blir det
same frå himmelsk ståstad.
I brostne hjarto
Eg trur ikkje me ville oppfatta denne kyrkjelyd i
Laodikea som fråfallen om me hadde besøkt den. Eg trur gjerne at den ytre sett
ville ha vorte oppfatta som konservativ. Ytre sett var dei dyktige og flinke,
omsorgsfulle osv. Men livet mangla.
I denne
søvnens tid har vel faren aldri vore større for den enkelte sjel, og for Guds
folk, til nettopp å oppleve Laodika-tilstandar. Me har det så travelt, og
travelheita er ein av djevelen sine beste metodar til å halde menneske bort frå
Andens stille tale. Våre liv blir fylt opp av alt anna og ikkje av Anden, slik
Guds ord oppmuntrar til.
I Guds rike
er det som sangar syng:
«Når kvar
ein sjølv-lyd tagnar, og strengen brest til sist, fyrst då
kan Kristus finna den
klangen som var mist. Det er den djupe
løyndom: Den store
meisters hand i brostne hjarto bare Guds tone
skapa kan.»
Det er ein
løyndom her, at det berre er i brostne hjarto at Herren kan få skape den rette
klang og tonen i våre liv. I brostne hjarto har Herrens dom har fått rom, og der
er ein også mottakelege for evangeliet.
Når apostel
Johannes skriv til sine truande vener i 1 Joh 1:4-9 så seier han: «Dersom vi
seier at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og gjer ikkje
sanninga. Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi
samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss frå all synd. Dersom
vi seier at vi ikkje har synd, då dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i
oss. Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev
oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.»
Dersom vi
seier at me lever i lyset, men går i mørke – då lyg me seier Ordet her. Då er me
akkurat som Ananias og Safira. Her står me alle i fare. «Begynt er ikke endt,
det må du vite! Du som har Jesus kjent, bli ved å stride! Alt hva ditt hjerte
vil fra himlen vende, ¦: skal
overvinnes til :¦
din tid tar ende.»
Slik seier Brorson det.
Difor seier
også Herren i 1 Kor 10:12 ”Den som meinar seg å stå, han sjå til at han ikkje
felle.” Djevelen kan ramma oss alle for han kan kle seg som brølande løve –
for å skrema. Men han er farlegast når han kjem som ein lysets engel. Han har
som mål å føra den enkelte av oss til den evige fortaping - der ormen aldri
døyr, og elden aldri sloknar.
Jesu blod reinsar
I boka Pilgrims Vandring av John Bunian står det
om ei gripande hending. Det er Kristen som ein dag kjem til fortolkaren sitt hus
og blir vist rundt. Hjå fortolkaren får han sjå inn i eit støvete rom der det
først kjem ein inn og kostar, og dess meir han kostar dess verre virvlar støvet
opp. Då støvet har lagt seg kjem ein annan inn og han har med seg ein våt klut.
Då denne har gått over er det vorte skinande reint.
Kristen
undrast kva dette skal tyde, og fortolkar fortel: Det første du såg er nåde lova
kjem inn i
menneskehjarta. Då vet synda
levande, den blir virvla opp. Men lova maktar ikkje å reise, den maktar berre
gjere synda levande.
Den andre
derimot er døme på kva som skjer når evangeliet forkynner at Jesus blod reinsar
frå all synd. Det er einast Jesus blod som kan reinse bort synd.
Dersom du
gjev den himmelske lyskastaren rom og Sanningsanden får tala sanning til ditt
hjarte. Kva skjer då? Guds ord seier at då vil Sanninga setje fri. (John 8:32)
Jesu blod reinsar mot ALL synd. Det reinsar mot alle forsømingar, og alle synder
som Satan skyt mot det vare samvit – Jesu blod reinsar mot ALL synd.
Til desse i
Laodikea fortset Jesus og seier: «Så råder jeg deg at du kjøper av meg: Gull,
lutret i ild, for at du kan bli rik, og hvite klær, for at du kan være ikledd
dem og din nakenhets skam ikke skal bli stilt til skue, og øyensalve til å salve
dine øyne med, for at du kan se.» (Åp 3:17-18)
Tenk for eit
budskap som dei fekk høyre desse stakkarane i Laodike. Dei hadde levd i
sjølvbedrag, men så får dei høyre ein vidunderleg bodskap. Trass i at dei hadde
stengt Jesus ute, trass i at det såg ut som Herren var forkast av Herren. Det
kjem eit bodskap om frelse og berging.
Kjøp av meg!
Råder eg deg til å kjøpe. Korleis foregår det?
For nokre dagar sidan las eg noko befriande som Rosenius skriv om dette verset
og seier: «Stans opp og tenk deg om! Ta til deg disse Herrens majestetiske
ord: «Jeg råder deg til å kjøpe gull av meg, gull som er gjennomglødet og prøvet
i ild, så du kan bli rik!» Så skal du få erfare at det virkelig kan gjøre en
lunken sjel brennende, en som er kald og død; levende og varm. For her hører vi
store og herlige ting.
For det
første har Herren like foran dette verset gitt den aller sterkeste skildring av
hvor elendig og uverdig denne personen er, som så deretter blir tilbudt alt
dette. For at ikke en éneste sjel skal tro at dette ikke gjelder ham. Ikke skal
stå der og tro han ikke kan få del i dette, eller er for uverdig.
Dernest
at dette er den allmektige Herrens egne, mest alvorlige råd og majestetiske ord
til en så uverdig synder. Mot disse Herrens ord er alle våre tanker, meninger og
følelser bare som sandkorn mot et gigantisk fjellmassiv.
Men hva
mener så Kristus med dette "gull" som han tilbyr oss? Noen har ment det er troen.
Men det er feil, det strekker overhode ikke til her. Troen, den skildres her med
det å kjøpe, som betyr begjære og tro.
Men
gullet som skal kjøpes, og som altså er selve rikdommen, er det troen åpner seg
for og mottar. Det er Kristi dyre blod, eller hele hans fullbrakte verk. I all
hans pine er det gjennomglødet og prøvet.
Peter vil
si: Når noe skal kjøpes tilbake, er det nødvendig med sølv og gull. Men det
gullet vi er gjenløstkjøpt tilbake med, er ikke det forgjengelige, men det
uforgjengelige; det er Kristi dyrebare blod.
Dette
blodet, eller Kristi fullbrakte verk, er den éneste rikdommen for en fattig
synder. Selve troen er ikke en rikdom som gjelder for Gud. Det er ikke nok for
Gud at du kommer fram for ham med din egen tro, eller din anger, din bønn, din
kjærlighet, din ydmykhet. For ikke en gang dette som Den Hellige Ånd har skapt i
oss, kan forsvare oss eller bestå i dommens ild. Det er alt sammen ufullkomment
på grunn av karets urenhet.
Nei, den
som vil bestå for Guds dom, som den som er "rik", må ha noe som er ennå mer
verdifullt. Han må ha det gullet som for lenge siden er gjennomglødet og har
bestått sin prøve for Guds domstol. Dette er bare Kristi egen rettferdighet.
Og tenk
så grundig over den verdien dette gullet har, som Kristus tilbyr oss her; altså
hans dyrebare blod! Du er svært syndig og hjelpeløs. Du er skyldig ti tusen
talenter. Du har syndet så mange ganger, så grovt og så utillatelig. Men legg så
alt dette i den ene vektskålen, og i den andre det blodet Guds Sønn har utgytt
for hele verden. Og se hva som gjelder mest!» Så langt Rosenius, men eg
tykte det var talande.
Høyr, så skal di sjel leva!
Profeten Jesaia seier: «Å, alle de som
tyrstar, kom til vatna! Og de som ingen pengar har, kom, kjøp og et, ja, kom og
kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk! Kvifor veg de ut pengar for det
som ikkje er brød og løna dykkar for det som ikkje kan metta? Høyr på meg! Så
skal de eta det gode, og sjela dykkar skal gleda seg over feite retter. Vend
øyra hit og kom til meg! Høyr, så skal dykkar sjel leva. Og eg vil gjera ei evig
pakt med dykk, og gje dykk Davids rike nåde, den usvikelege.» (Jes 55:1-3)
«Høyr så
skal dykkar sjel leva.» I alle desse sendebreva frå John. Openberring så blir
det avslutta med: «Den som har øyra, han høyre kva Anden seier til
kyrkjelydane!» Op 3:22
Er du mellom
dei som høyrer Sanninga, og gjev sanninga rett ?
Då stod det
eit løfte her: «Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til
han og halda nattverd med han, og han med meg. Den som sigrar, han vil eg gje å
sitja med meg på mi trone, liksom eg òg har sigra og har sett meg med Far min på
hans trone. Den som har øyra, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!»
Den som
høyrer mi røyst, den som gjev Sanninga rett han vil oppleve at Jesus går inn og
tar bustad i hjarta. Om det er for første gong eller du er ein fråfallen. Det
nemner han ikkje. Han kastar synda i «glemselens hav», og i det hav er det
fisking forbode.
Der Anden
gjennom Ordet får tale, der blir det også forkynt ein herleg bodskap. «Høyr, så
skal dykkar sjel leva.» Ta imot Ordet, gje det rom i hjarta og sinn. Om det
avslører til marg og bein, ja så er det mykje betre å verte avkledd her enn på
domedag å bli ståande utestengd.
Det er eit
løfte i dette verset «Høyr, så skal dykkar sjel leva.» Løfte seier
at dersom du høyrer, og ikkje set deg opp mot Ordet, då vil det skje noko i ditt
liv – og det er eit truverdig løfte. Det er sagt av han som aldri kan lyge. Då
seier løfte at du skal leve. Du skal få leve for evig! Gjennom all æve skal du
få vere saman med han som kjøpte deg til Gud med sitt blod!
|