Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Organisasjonane og Guds folk

Eit myndig lekfolk av lesarane på bedehusa hadde nød for sitt eige gudsliv og for dei ufrelste. Dei organiserte arbeidslag for utsending av forkynnarar og misjonærar så dei skulle nå både seg sjølv og andre med ordet om korset.  

I dag høyrer ein om vanskeleg økonomi og sterke indre brytningar i fleire misjonsorganisasjonar. Sjølv om eg ikkje har høyrt det uttala direkte tur eg mange helst vil ha eit lojalt lekfolk i dag: Eit lekfolk av ”aktive kristne” som er lett å styra og er lojale mot leiarane og organisasjonen. Ein må unngå spitting og bevara organisasjonen for ein kvar pris. Har då organisasjonen blitt viktigare enn gudslivet?

Eg vil ikkje sei meir om dette, men la eit sitat frå skriftet «Kyrkja og Guds folk», som Ludvig Hope skreiv i 1923 klåra tankane våre:

 Det norske lækmanns-arbeidet, alt frå Hauge si tid, har ikkje havt sin styrke i organisasjonen. Det har havt styrken sin i livet.

Det frie lækmanns-arbeidet har ikkje havt høve til å stydja seg anten til prest eller kyrkja.

Det kunde ikkje berga skalet når kjerna var borte.

Det har ikkje vorte verna om og halde oppe ved ein kyrkjeleg lov-rett, men ved livsens eigen rett.

Det har stått i folket med alle bruer sprengt attom seg, utan å eiga noko anna vern enn det som ligg i sjølve livet. Tok livet skade, so leid me nederlag i vårt arbeid.

Organisasjonen berga oss ikkje når livet tok skade. Det var ingen religiøs bygning, ikkje noko kyrkjesamfunn som pussa opp døden når livet var borte. Livet i lækmanns-arbeidet måtte stå og falla med sin eigen rett.

Kunde berre livet vera friskt og surklande, so berga det seg sjølv utan noko menneske-byggverk omkring seg.

Ingen kunne slå det ned.

Tvertom. Til meir det måtte strida for livet, dess sterkare vart det.

Berre i den tida eg har levt, har dette ubunde, frie livet reist seg fleire gonger og kasta døden og vanekristendomen av seg.

Det som frikyrkjene ikkje har makta, dette å kasta av seg vanekristendomen, utslitne former og mykje anna, det har lækmanns-arbeidet makta til i dag. Og ein av grunnane til det er at livet har vore sterkare enn forma.

Det vart ikkje verna om turre strå, ved kyrkjesamfunn, lovparagrafar og sterk organisasjon.

I dette stykke er det at det frie lækmanns-arbeidet — etter mitt syn — står nærare den først kristne kyrkjelyden enn noko kyrkjesamfunn i vår tid. Og nettopp her opnar det seg for meg ein glytt inn i det nye testamentet, som eg er takksam for at eg har fått auga på.

Her ser eg ei løysing på den store gåta at «kyrkja» kan bli den verste fienden for kristenlivet. Ikkje berre statskyrkja, men likso mykje frikyrkja.

Der er nok av vitnemål om korleis eit kyrkjesamfunn kan vera eit reir for døden, om det aldri så mykje ser ut som ein bustad for livet.

Nei, kyrkja og organisasjonane, kva slag namn organisasjonen ber, er ikkje det same som Guds rike. Dei er heller ikkje det same som kyrkjelyden (menigheten) i den djupaste mining av dette ordet. Til kyrkjelyden høyrer alle som er fødd av Gud, anten dei står i ein organisasjon eller ei.

Vert då organisasjonen sterkare enn livet, so har me gått over den grensa som Guds ord har sett. Å gå over denne grensa er fårleg.

Organisasjonen må ikkje vera sterkare enn at dødvekta kan skallast av. Er det så ikkje meir liv att, ja, so får alt gå. Det er betre det enn at døden skal pussa opp og stelt ut som liv.

Tek ein dette ansvar ifrå livet, anten i eit kyrkjesamfunn eller i ein organisasjon for ytre eller indre misjon, korleis går det då?

Ja, då får kyrkja udugande prestar og forstandarar, men kan ikkje verta kvitt dei.

Misjons-organisasjonane får udugande misjonærar og emissærar, men kan ikkje verta kvitt dei.

Då vert døden og det udugande liggjande i eldsteråd, i misjonsstyra, i misjonslaga og i kyrkja.

(Sitat frå s.135-136, Ludvig Hope, Skrifter i samling, Band IX Kyrkja og Guds folk, A/S LUNDE & CO.S FORLAG 1948)

 
Erlend Straume

Trondheim

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker