Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Det opprørande
Av Gunnar Soppeland, utlagt 14.09.04  

Søren Kierkegaard (SK) opponerte i si tid kraftig mot den rasjonalistiske statskyrkjekristendommen i heimlandet sitt, og såg denne som ei ulukke for folket. Prestane kalla han for snyltedyr som ernærte seg under kristendommens namn. Dei påpakka folket noko etter deira eige hovud som var i  motsetnad til nytestamentleg kristendom. Den kongelege presteautorisasjonen jamførte han med saue-hyrdingar som legitimerte seg ved attest frå ulven. 

 Livsprosjektet hans var å  ”gjeninnføre kristendommen i kristenheten”. Den åndelege stoda i folket fekk mykje å seia for alt det han skreiv. Men dei mest radikale utsegnene kom på trykk i tidsskriftet ”Øieblikket” same året som han døydde, og etter at ny grunnlov (1848) hadde gjeve han full ytringsfridom. 

 Knapt nokon følgde SK når han t.d. kunne skrive at ”kristenheten” stod for den mest redselsfulle art av gudsspotting, og omskapte Andens Gud til eit latterleg vrøvl. Den stod for ei åndlaus gudsdyrking som overgjekk alt som kunne finnast i heidenskapen, meir åndlaus enn tilbeding av gud som stein eller okse. Ingenting var så åndlaust som å tilbe under namn av Gud; - eit vrøvlehovud! (Mennesketanken?)

Nå, ca.150 år etterpå, er det visst endå mindre sannsynleg at nokon tek ærendet hans på alvor.

I følgje moderne kommunikasjonsteoriar vil ein vel hevde at den polemiske forma hans er irrelevant. Men kva skal ein då seie om Meisteren sjølv? Kommuniserte ikkje han slik at alle støytte seg på han nettopp då han ved si liding var aller mest relevant i forhold til mennesket si faktiske stode!

Er det eigentleg så vanskeleg å få auga på SK sitt ærend i det følgjande:

For det første meinte han at kristendommen vart avskaffa ved måten den vart utbreidd på. Grunnen til det var at svikt i både form og innhald hadde ført til eit mylder av forvirra namnekristne som heldt seg til ein radbrekt kristendom. Den florerte slik fordi lidingsreligionen med sin tronge port og smale veg var blitt til lystigheitsreligion med Danmarks vidaste port og breiaste veg.

For det andre opprørte det SK at dette, om muleg, hadde dobla vanskane for den sanne kristendommen.  Ikkje berre måtte den vekke forarging hos jødar og heidningar, nå måtte den i tillegg skape forarging hos dei som kalla seg kristne. For dei var blitt innbilla at dei var det ved ein lystigheitskristendom som gjekk på melodiar av drikkeviser. Og lystigheitsmelodiane var til å med hakket lystigare enn drikkevisene, seier han. Dei hadde gjerne det vemodige over seg, at snart er alt forbi og snart er allting gløymt. Eksponentane for dei kristelige ”drikkevisene” forsikra derimot at det lystige skulle vare evig!

Menneska vart slik frålurt den sanne sjeleføda under dekke av omsorg for sjela. Det er jo slik at det verda kallar sjeleleg helsekost, kristeleg forstått er usunn mat, og motsett. Sjela si trong svarar ikkje alltid til det som smakar. Pirrar ein ganen og kjem svolten i forkjøpet, kjem nyting før nytte, og etinga vert både skadeleg og usunn. 

SK har skrive mykje om det meste, og frontar Sanninga betre enn dei fleste. Dette innlegget er forma slik at han må ta støyten for dei mest radikale vendingane. Men eg kan godt vedgå at relevansen til vår åndelege stode opprører meg kraftig.    

Gunnar Soppeland
4137 Årdal
                                                          (Tlf.51751801) 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker