|
| |
Sakset fra dagbladet Dagen, kronikk 2.12.03
Sannsynleg eller
usannsynleg?
Den som aldri slapp det
sannsynlige, han innlét seg aldri med Gud,» sa Søren Kierkegaard.
I ei klokskapstid som vår er det vel nærast uansvarleg å sleppe det sannsynlege,
det ein kan berekne og kontrollere, og satse i tru på det usannsynlege.
Kristne organisasjonar forvaltar i dag store materielle og menneskelege
ressursar og er underlagt gjengse spelereglar. Faren er at til visare ein vert i
eigne augo, til fjernare vert ein for Guds visdom. Dermed stengjer ein seg inne
bak lovmessige murar som fornuft og erkjenning ikkje kan overskride. Innan desse
grensene kan likevel innsikta i tinga og livssamanhengane vere stor. Det er her
vitskapen opererar. Og av vitskaplege resultat kan det byggjast suksessrike
system og verksemder som meistrar det lovmessige og kan førehandsberekna det
sannsynlege, til og med på det religiøse område.
Det usannsynlege løftet
Guds løfte til Abraham var heilt usannsynleg. Det kunne heller ikkje
sannsynleg-gjerast. Tvert imot. Saras morsliv var jo dødt. Etter å ha venta i ti
år utan teikn på framgang, greip Abraham til det sannsynlege. Saman med
trælkvinna frå Egypt fekk han eit kjøtleg avkom, utanom Guds lovnad.
Fjorten år deretter skjedde det usannsynlege. Gud gjore det døde morslivet til
Sara levande, det han talte om før det var til, som om det var til. (Rom.4.17)
For hos Gud var Isak til i same stunda som løftet om han vart gitt.
Den kristne forsamlinga er som Sara, heilt ufruktbar i seg sjølv. Hjelpeløysa er
total. Guds folk må difor innlate seg med Gud i alt. Sjølv er dei berre
skrøpelege kar. Ordets skatt og livskraft er det avgjerande. Men ikkje som ei
oppskrift på noko som skal gjerast. Ordet er sjølv aktivt og verksamt. Som eit
tvieggja sverd det er livsfarleg å innlate seg med om ein ikkje tek det på ramme
alvor og let det få utøve sitt verk i verda gjennom dei det sjølv har fått
skikka for dette oppdraget.
Berre i rett forhold til Kristus, kan ei kristen forsamling fungere rett. Det er
ikkje nok å kunne det rette. Ein må og ha det rett. Det avgjerande er kva ein er
i Kristus. Ikkje kva ein gjer eller skal prøve å bli. Det ein er, bestemmer kva
ein tenkjer og gjer. Å vere lys og salt i ei mørk og fortapt verd er i seg sjølv
ein kamp og ei liding. Det er å ha verda som si rake motsetnad heile tida. Som å
vere framand, utlending og i fiendtleg land og landskap.
Forsamlinga er fristaden
Forsamlinga vert einaste fristaden. Der får ein trivast i glede og fryd under
Kristi herlegdom og nåde.
Den kristne forsamlinga er ikkje berre utskilt frå verda og dermed forskjellig
frå verda på ein del område. Ho er verda si totale motsetnad. Verda ser på
kristendommens liv og lys som død og mørke, og det åndeleg gode eller vonde,
vert i verda til det motsette. Sanninga vert ei pine for usanninga og det reine
ei pine og plage for det ureine. Og motsett: Slik Lot dag for dag leid pine i si
rettferdige sjel ved alt det mørke, usanne og ureine han såg og høyrde i Sodoma.
Verda elskar sitt eige mørke og hatar ljoset, for i ljoset vert gjerningane
refsa.
Guds folk er gått over frå mørke til ljos, frå satans makt til Gud. Dei er
gjorte reine i Jesu blod, og alt dei omgås i det heilage samfunnet er helga og
reint. På denne bakgrunn spør Paulus korintarane kva samfunn ljos har med
mørker, eller kva samfunn ein truande har med ein vantruande? Det er jo ei
motseiing. Og Gud sjølv seier: «Eg vil bu hjå dei og ferdast mellom dei, eg vil
vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk» (2. Kor. 6,16b).
Til meir ein veks i nåde og sanning, til meir forundra vert ein over motsetnaden
mellom Herrens uransaklige vegar og handlemåtar, og sin eigen forstand på vekst
og effektivitet i hans rike. På Herrens vegar skjer heile tida det usannsynlege
og ubereknelege.
Wollov Creek og visjonen
Wollov Creek (WC) ser for meg ut til å vere eit døme på det motsette av det eg
her har nemnt. Bakgrunnen for det er m.a. Bill Hybels (BH) sine føredrag i
Stavanger vinteren 2002.
Lovmessig menneskeleg meistring basert på det sannsynlege var gjennomgangstonen.
Emna hans var – kraften i ein visjon, – kraften i team-arbeid, og – leiarens bøn.
Han forkynner gode resultat innan rekkevidde for alle: Gjer ein A, vert
resultatet B, som så fører til C osv. Prinsippa er dei same anten ein byggjer
bilfabrikk eller kyrkje.
BH talar varmt om industrileiarar som Henry Ford, og rettar knusande kritikk mot
kyrkja han sjølv vaks opp i. Den kyrkja var død, seier han. Ho nytta seg nemleg
ikkje av dei dyktige, gløgge, strategisk orienterte og tenkjande
forretningsfolka som tilhøyrte forsamlinga!
Visjon er det fyrste BH snakkar om. Det er den viktigaste saka når det gjeld å
bygge ei forsamling. Visjonen har ei enorm kraft og er drivstoffet som leiaren
går på. Visjonen er eit bilete av framtida som framkallar ein sterk indre
lidenskap. Når leiaren har funne dette bilete vil det forandre livet hans. BH
kom til Stavanger for å lære sine tilhøyrar å meistre denne «visjonens
hemmelighet».
Å verkeleggjere visjonen er det same som å bli det ein seier at ein vil bli. Ein
treng berre ein strategi som fører «herfra og dit i Den Hellige Ånds kraft». Det
gjeld å undervise, være førebilete, gi opplæring og motivere. «Men hvis dere vil
gjøre dette, venner, blir resultatene enorme. Resultatene gjør det verdt alt
strevet! Virkelig!», forsikrar han.
«Bevege oss herfra til dit»
Han viser òg til ein visjonskveld i si eiga forsamling der han la fram ei
grafisk framstilling av «menighetens helsetilstand»: «Ok, Willow, se!» seier
han, og viser til framgang på eit av satsingsområda, til applaus frå møtelyden
sin.
«Vi holder på å bli det vi sa vi ville bli,» røper han for tilhøyrarane i
Stavanger, og held fram: «Mine venner, jeg sier dere at dere kan gjøre slike
ting. Det kan dere virkelig. Dere kan dra tilbake til deres menighet og finne ut
hva visjonen for deres menighet skulle være. Så kan dere bringe noen lyse hoder
sammen og si: «La oss legge opp en strategi sammen om hvordan vi skal bevege oss
herfra og dit.» «La oss så se hvordan Den Hellige Ånd forvandler vår menighet
til denne nye sorten menighet.» Dere kan gjøre dette.»
Når han snakkar om leiarens bøn, tek han for seg bibelske menn og kvinner som
han sjølv ber om å få likne. Det dreier seg til dømes om optimismen hos David,
evne til kjærleik hos Jonatan, handlekrafta til Josef, motet til Ester, visdomen
til Salomo, Nehemja sin iver for feiring(!), initiativet til Peter og
intensiteten til Paulus. Mennesket vert sett i sentrum for vekst og styrke. Han
overser det guddommelege, det usannsynlege og alt Guds ord som gjer det
sannsynlege til tap, skrap og dårskap.
Det som slår meg, er at alt BH seier er kjent får før. Gjennom trusrørsla. Og
som trusrørsla lurer han folk til å tru at berre ein føyer Guds namn til sine
eigne syner, ynskje og planar så handlar ein i tillit til Gud. Han gjer det
sannsynlege til trusartikkel og sann kristendom. Den sanne kristendommen heldt
han for narr.
«Først ser du visjonen, så føler du visjonen. Når du føler denne visjonen – og
dette er tegnet på at det er den visjon Gud vil at du skal følge, når du kjenner
den så dybt, at det ikke finnes noe i hele verden, som gir deg en større
opplevelse av begeistring enn dette. Og det er denne energi som oppsamler
damptrykk i ditt liv,» seier han.
Rein menneskeleg tenking
Luthersk Missjonsforenings Høyskole i Danmark seier i ei fråsegn der dei tek
sterk avstand frå WC: «Det dybt foruroligende ved BH er afstanden mellom de
bibelske sandheder, han fastholder, og det, han giver udtryk for i en bog som
«Smittende tro» og i anden sammenhæng. Her er for megen ren menneskelig tænkning
og alt for lidt bibelsk virkelighetsforståelse»!
BH demonstrerar ein total mangel på bibelsk forståing av lov og evangelium, på
same vis som denne forståinga må mangle hos dei «lutheranarane» som opnar
bedehusland for dette WC-«damptrykket», som skal resultere i «den nye sorten
menighet».
Kunne ein få lov å føreslå ein heller lang «sørgeperiode» for dei leiarane som
så langt er ansvarlege for å innføre denne villfaringa i bedehusorganisasjonane?
Under sørgeperioden kunne dei la seg undervise i det å sleppe det sannsynlege,
og innlate seg med Gud!
Av
Gunnar Soppeland
| |
|