Høyr Herrens ord!
Av Dag Rune Lid,
kronikk i Dagen 2001
Profeten
Jeremia ropar slik til sine landsmenn og sitt fedreland. (Jer 22:29) Jeremia
tala til eit folk som hadde falle frå Herren. Men dei ville ikkje erkjenne
det som fråfall. Dei ville vere Guds folk, men utan omvending og oppgjer med
synd.
Elska
folket sitt
Jeremia var eitt med folket og lei
under at dei ikkje ville lytta til Guds ord. Han såg at dei levde i sjølvbedrag
og vart forførte av sjelefienden. Likevel ville dei ikkje høyre når han åtvara
dei mot avgrunnen som låg framfor.
Kva
var så Jeremia sitt oppdrag? «Sjå, i dag set eg deg over folka og rika til
å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og bryta ned, til å byggja og
til å planta.» (Jer 1:10)
Her
er det nemnt fire uttrykk som omtalar det nedbrytande verk (lova), og to
uttrykk som omtalar det byggjande (evangeliet).
Skulle
det vere von om berging måtte folket inn for Guds ansikt og høyre Guds
heilage lov. Det hadde vore mykje enklare å forkynne fred, fred og ingen
fare, slik dei falske profetane gjorde. Men å forkynne dom over synd og falsk
gudsdyrking, det var å rykkje opp og bryte ned det som folket ville bevare.
Når
Gud skal summere opp stoda for folket seier han: «Dette er det folket som
ikkje har høyrt på røysta til Herren sin Gud og ikkje teke mot tukt.» (Jer
7:28) Dei falske profetane og deira forkynning hadde inngang, men ikkje dei
som forkynte Sanninga - Guds Ord. Difor rammar domen. Det ytre historiske
fangenskap i Babylon kom heilt tydleg som ei straff frå Herren på den åndelege
forherdinga.
Vekking
utan omvending
Under
kong Josia, som levde samstundes med Jeremia, vart det ei stor vekking i Juda.
Det var mykje positivt og fint som skjedde. Ein skulle tru at no vende Herrens
brennande vreide seg, men kva skjer?
Det
ser ut for at denne vekkinga berre gjekk på det ytre plan. Folket blei rivne
med i ein kjenslerus, men samvitet kom ikkje inn i vekkinga. Det vart berre
ein ytre tilslutning som ikkje førte til frelse og nytt liv. Me ser klare
parallellar til dette i vår tid. Store skarar kan samlast i Jesu namn, men
likevel ser det ikkje ut for at dei får eit møte men Den Heilage Gud til
frelse frå synd. Folket på Jeremia si tid blei religiøse, opptekne av Gud
og dei åndelege dimensjonar. Dei bestemte seg for å gå på Guds vegar, men
samvitet var urørt og det blei ikkje behov for nåde og frelse.
Når
Jeremia kjem med si klare og bibelske domsforkynning kva skjer då? Jau, då
reiser folket seg i vreide og protest mot Jeremia. På den eine sida stod
Jeremia overfor eit folk som var ført inn i ei frykteleg avgudsdyrking
gjennom 70 år, og på den andre sida ei vekking som ikkje tok oppgjer med
synd og falsk gudsdyrking. Når Herren sjølv skal skildre denne forkynninga så
seier han: «Lettvint lækjer dei skaden i folket mitt, når dei seier: Fred!
Fred! Og det er ingen fred.» (Jer. 6.14) Det blei vekking utan omvending, og
ikkje det som bibelen omtalar som vekking d.v.s. samvitsvekking.
Misjonær
Asbjørn Aavik skreiv for mange år sidan: «Nettopp her tror jeg vi
forkynnere synder i dag både mot Gud og våre tilhørere: I stedet for å
begynne med å skjære opp byllen, åpne dypt innover mot den innerste skaden,
tar vi til å forkynne evangeliet for disse eller den som er på vei til å dø.
Vi bruker evangeliets balsam på byllen i stedet for
først å åpenbare den med Ordets skarpe, tveeggede sverd som trenger
gjennom
dømmer! og vi reiser fra byen og til andre bygder uten at noen er
stått opp fra de døde.»
Det
er enno meir aktuelt i dag!
Bibelen
vitnar om at det går an å leve i sjølvbedrag sjølv om ein han namn av å
leve. Hos ein kristen møter ikkje djevelen opp som ei brølande løve, men
som ein ljosengel og set alt inn på å bortforklare synda i tankar, ord
og gjerningar. For djevelen veit at får synda rom då må Den Heilage Ande
vike, og får ikkje Anden lenger gjere sin gjerning og overbevise om synd (Joh
16:8), då er fråfallet ein realitet.
Folket
blei rasande på Jeremia og nokon ville til og med drepe han, enno han kom med
bod om berging og frelse. Få profetar i GT liknar slik på Jesus som nettopp
Jeremia. Korleis trur du reaksjonen hadde vorte om Jeremia hadde stått fram i
norske forsamlingar og ropa ut bodskapen sin i dag?
Jeremia
sin veg blei smertefull, ikkje berre på grunn av ytre mishandling. Nei, den
indre lidinga var nok den tyngste. Han lei under ei dobbel smerte: Han kjende
seg som ein av folket, og det smerta han å måtte uttala så sterke
straffedomar over sitt eige folk Israel. Han ser straffedomen som skal koma,
men dei tek ikkje imot åtvaringane.
Hadde
bodskapen verknad?
Me kan spørje om
Jeremia si forkynning hadde noko verknad i folket? Det hadde ho, Guds ord har
alltid ein verknad anten til
frelse og liv eller forherding og dom. Mange av dei som vart bortførte til
Babel fekk oppleve at Jeremia hadde rett. No såg dei at Guds ord i Jeremias
munn var sanning.
Daniel
er ein av dei i Babel som Herren får tale til og han seier: «Vi har synda og
bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og
lovene dine.» (Dan 9:5) Den fromme Daniel erkjenner: ME har synda.
I
Kåre Ekroll si bok om Øivind Andersen seier Andersen i samanheng med det
Daniel her opplever: «Det er vi som bekjenner oss som kristne, som har veket
av fra Guds bud og forskrifter i en meget betydelig grad. Og vi erkjenner det
ikke som synd. Hva tror du kommer til å hende om vi som kristne kommer i nød
med oss selv og begynner å be som Daniel ba? Da kommer det til å hende som
hendte på Daniels tid.»
Lov
og evangelium
Gjennom
forkynninga av lov og dom vert mennesket audmjuka og skuldig for Gud. For den
skuldige lyder ein himmelsk trøystebodskap. «Trøysta, trøysta folket mitt!
seier dykkar Gud. Tal venleg til Jerusalem og rop til henne at striden hennar
er enda, at skulda hennar er betalt, at ho av Herrens hand har fått dobbelt
for alle syndene sine.» (Jes 40:1f)
Slik
er Guds ord. Det legg ikkje skjul på synda, men for syndaren tonar evangeliet
fram på forunderleg vis: «Du har berre trøytta meg med syndene dine, og
gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut
misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.» (Jes
43:24-25) I evangeliet får syndaren trøyst og utløysing: «Ver ikkje redd!
Eg har løyst deg ut, kalla deg på namn, du er min.» (Jes 43:1)
Store
ting har Herren gjort!
Når
Herren får openberra frelsa for syndaren vert alt snudd opp ned. Bønemøte på
bedehuset som ein før ringakta, blir no min kjæraste plass. Samfunnet av dei
heilage som eg før ikkje forstod, blir ein åndeleg heim der eg får åndeleg
næring av Ordet. Jesu død som eg såg som det største nederlag, blir den største
siger som er vunnen og størst av alt: Han gjeld også for meg! Ja, i
sanning har Herren gjort store ting for meg!
No
er det lovsong og takk i hjarta for den frelse som Herren har gjort ferdig. No
blir ikkje Herrens vegar tunge. No har eg fått eit nytt sinn som elskar Guds
lov. No blir det naud for at sjeler må bergast for himmelen. Sjå alt har
vorte nytt!
«Høyr,
så skal dykkar sjel leva!» (Jes 53:3) Det er ditt forhold til Guds ord som
avgjer di framtid. Det er eit ord til dom for den som ikkje vil høyre og
ein bodskap om frelse, fred og fridom for den som lyttar til det!
Land!
Land! Land! Høyr
Herrens ord!