Har kristendommen bruk for kunsten?

 Av Bjame Vestbøstad, Norheimsund,   Dagen, 22.05.01

 Dette spørsmålet har vorte særleg aktuelt i samband med debatten om dramatiske verkemidlar i den kristne for­kynninga, særleg på bedehuset. Religiøst teater er in for tida, og mange forsamlingsleidarar ser stort på å vera trendy. Det har derfor vakt åtgaum at styret i Stavanger krins av Misjons­sambandet har snudd båten mot straumen og rådd ungdom­men frå å nytta teater og spill­fekteri i deira åndelege gudste­neste! 

Tidlegare har ei av krins­styret sine viktigaste oppgåver vore å gi råd og rettleiding ut frå eit åndeleg tilsynsansvar. Sjå «Innstilling ang. kvinnens valgbarhet til kretsstyret i Sta­vanger krets av NLM», der vi finn dette ansvaret verifisert: «Etter dette kan komiteen ikke se det annerledes enn at kretsstyret som organ har ansvaret for eldste- og hyrde­funksjonen for NLM i vår krets». («Nytt frå Stavanger krins av NLM» nr. 3/89).

Derfor har det vakt oppsikt at styret sitt råd til dei unge har fått etterspel. Frå «Hovudlei­inga» har både hovudstyrefor­mann Svendsen og påtroppan­de generalsekretær Tulluan diskvalifisert krinsstyret si rettleiding. Hovudstyreforman­nen tykkjer Stavanger-styret dreg «for rette streker», og Tul­luan meiner det er uklokt av NLM i Stavanger «å binde seg opp i bastante erklæringer mot drama» (Dagen 27.03.01). Seina­re gjekk eit samla hovudstyre mot rådet frå Stavanger.

For nokre år sidan (94/95) spanderte redaktørane i Fast Grunn spalteplass til kvar sin artikkel om drama og forkyn­ning i kristen verksemd, ein for og ein mot. Føremålet har øyen­synleg vore å markera at NLM har «to likeberettigede» syn på spørsmålet. Det er jo ikkje så uvanleg at kristne leiarar i dag trur det gjev størst utteljing å ri to hestar samstundes. Frå avisreferatet ser det ut til at «Hovudleiinga» vil bera over med dei villfarande, men Fjell­aug-lærar Egil Sjåstad er krass overfor meiningsmotstanda­rar: «Prinsipielt å to avstand frå drama? Nei og atter nei» (Dagen 04.04.01).

 Sjåstad har den tea­tralske kunsten slike kvalitetar at NLM (og andre?) ikkje kan vera den foruten. Her skimtar me eit av mange strategiske til­tak som skal hjelpa organisa­sjonen ut av bakevja. Tidlegare var det kvinneleg røysterett som skulle betra tilhøva mona­leg, ikkje minst økonomisk. Men i tillegg treng me altså no (teater-)kunsten!

«Har kristendommen bruk for kunsten?» spør tidlegare Fjellhaug-lærar Ludvig Hope i ei av bøkene sine, og han sva­rar: Det er ikkje kunsten som skal halda kristendomen oppe, det er tvertum kristendomen som skal gi kunsten liv.

 Levande kristendom kan godt greia seg utan kunst. Når ein fortapt syndar går over frå døden til livet og ber det evige liv i sin barm, då står me åsyn til åsyn med livsens største kunst. All jordisk kunst er ber­re som ein bleik skugge mot det kunstverk som Gud lagar i ei menneskesjel.

 Eller tenk på Jesus då han steig fram og tala til folket. Han var kledd i ein enkel kjole, til kyrkja tok han so tidt heile natura, til altar ein stein og ei fiskar-tofte til talarstol. Kva kunde vera enklare enn det, og kva er i grunnen fagrare heller? I denne «kunst» steig himmel­sonen ned til jord og bar oss opp til Gud.

 Ein kan vel ogso seia at aldri stod kristendomen fagrare enn når kåra var tronge og formene enkle. - Men når den indre kraft i kristenlivet minka, då prøvde ein so tidt å bøta på det­te med kunst i det ytre. Den verdsleggjorde kristendomen prøver mest alltid å pussa seg opp med kunst. Og so ropar dei til oss: Finare bedehus! Fagrare kyrkjer! Kunstverk må det vera med rik og høgstemt liturgi! Får me ikkje dette, vil ungdo­men venda seg bort frå kyrkja og kristendomen. Kunsten skal berga ungdomen for kyrkja og kristen-arbeidet.

 Er det sant? Nei, det er ikkje sant. Heile kyrkjehistoria seier at det er usant, og likevel trur dei fleste som berre religiøs inter­esse at det er sant. Sanninga er at etter kvart som det går nedo­ver med vårt indre liv, livet i Gud, prøver me å løyna ned­gangen med å pussa oss opp utvendes. Det er sant». (I desse siste dagar, s. 17).

 Det er underleg å leggja mer­ke to kor treffsikker Hope var, - og er! Kunne me berre kjenna vår gjestingstid og venda om i tide!